Medlemsmøte med besøk av Human Rights House Foundation

Referat frå Rotarymøte onsdag 15.01.25

President Nils Arve Kjemphol ønskte alle velkommen til møte. Han ønskte spesielt velkommen til Daiva Petkeviciute. Ho skal orientere om organisasjonen  Human Rights House Foundation. 

Agenda for møte:

  • Allsong
  • Orientering frå sekretæren.
  • 3 - minutt ved Bastian Weiberg Aurdal.
  • Rotarykaffe.
  • Human Rights House Foundation.

Allsong: Draumen om fred. 

Sekretæren hadde ikkje oversikt over oppmøte for siste møte. Hallstein Lillevik fylte 61 år 14.januar 2025. Arvid Nordstrand fyller 73 år førstkomande tysdag. 

3- minutt – innlegg  ved Bastian Weiberg Aurdal 

Landbrukets Klimaplan

Set mål og rammer for jordbrukets klimaarbeid – 

I  løpet av perioden 2021 til 2030  skal jordbruket redusere utslepp og binde karbon tilsvarande 5 million tonn CO-2-ekvivalentar

Metanproduksjonen i vomma til drøvtyggarar er ei vesentleg faktor i denne samanhengen - Metanreduserande  stoff tilsett i foret er ein effektiv og trygg måte å redusere metangassutsleppa på Bovaer er ein EU- godkjent foringrediens som redusererer metangassutsleppet med ca 30 prosent – også godkjent av Mattilsynet her heime.

Gjennomført omfattande forskning og utarbeida grundig dokumentasjon over mange år i mange land og av uavhengige forskningsinstitusjonar og konklusjonen er krystallklar- foret er heilt trygt å bruke og vil ikkje påvirke mjølka, kua eller  dyrevelferden negativt

Har kjemisk namn 3- nitrooksypropanol  ( 3-NOP ) som består av Nitrat, Alkohol, Propylenglykol og eit berestoff

Hemmer den ensymatiske omdanninga frå Hydrogen til Metangass i vomma.

Blir brote ned til Propionsyre og Ammoniakk som er velkjente stoff i vomma, same som ein finn i kraftfor og tidleg hausta grovfor

Skal inn i ein vidare test på 100 gardar i Norge for å finne meir nøyaktig effekt under norske foringsforhold

Sosiale media

«Bovaer er farleg å bruke for folk som handterer stoffet – har varseltrekant», men det har også C-vitamin ( Askorbinsyre )  - i rett dose er begge delar ufarleg !

«Redusert sædkvalitet hos menn som drikk mjølk frå kyr som har fått Bovaer» – dette er feil, men  vist det i enkelte forsøk med rotter som har fått 150 gonger dosa til mjølkekyr !

«Bruk av syntetiske stoff i foret er farleg» – nei rett bruk av syntetiske vitaminar og enzym er grundig dokumentert og godkjent i Norge – er heilt vanleg å bruke og trygt for forbrukeren

Dette her viser at norske bønder jobber knallhardt for å ta del i ansvaret for å redusere klimautslepp !

Så det er ingen grunn til å vere redd for å drikke mjølk frå kyr som har fått Bovaer i foret !

Foredrag om organisasjonen Human Rights House Foundation ved Daiva Petkeviciute.

Daiva Petkeviciute arbeider i organisasjonen Human Rights House Foundation. 

Daiva er frå Litauen. Ho er samboer med ein frå Sykkylven. Dei har 3 barn. Dei bodde tidlegare 17 år i Oslo før dei flytta tilbake til Sykkylven. Frå Sykkylven utfører ho arbeid for organisasjonen. 

Human Rights House Foundation arbeider  for å etablere menneskerettigheitshus i andre land og bygg opp nettverk. Organisasjonen  støtter folk der ute som arbeider for menneskerettigheiter. 

Det første menneskerettigheitshuset blei etablert i Noreg i 1989.  Ideen kom frå næringslivet. I dag er det etablert 17 menneskerettigheitshus i Europa.  Husa er etablert i 12 land. I dag er det hus i Balkan, Serbia, Kroatia og Bosnia Hercegoniva. Det  er også hus i Kaukasus, Armenia, Øst Europa, Polen og Belarus. Det er også hus i Oslo og Bergen. Organisasjonen er i seinare tid blitt stempla av Russland og er uønska i landet og samarbeide med.  

Eit hus i Norge er ikkje det samme som i eit anna land. Kva det blir jobba med er kva utfordringar landet har i forhold til menneskerettigheter. 


Organisasjonen  støtter prosjekter i ulike land. Eksempel : Er det ein journalist som er forfulgt der myndigheitene prøver å ta vedkommande så kan han eller ho få juridisk hjelp. Det kan også være medisinsk hjelp. Idag har dei sånne program i Ukraina, Bellarus og Georgia. 


Dei siste årene har organisasjon hjelpt 500 til 1000 mennesker som er utsatt. Dette er mennesker som bor i Ukraina, Bellarus og Asabajan.  


Organisasjonen lager også kampanjer og forteller om dei som sit i i fengsel. Organisasjonen arbeider mot FN og Europarådet. Formålet er å arbeide for menneskerettigheter. Ein ser i dag at land blir meier lukka, og at det er vanskeleg med dialog med myndigheitene. 


Organisasjonen  følger spesielt  med Georgia. Landet har bestemt at landet ikjkje skal vere med i EU. På kort tid har landet endra  seg og vil gå mot Russland. Det er i skrivande stund mange mennesker som er usamd i og uttrykker misnøye. 


Norge, Finnland, Sveits og EU  støtter organisasjonen økonomisk. 


Etter pandemien har det blitt mindre reising og andre måter og arbeide på.


Foredraget var interessant, og organisasjonen gjer eit veldig viktig arbeid i den tida vi er i no. 


Referent:

Steven Blindheim





 
Presidenten sin time med Vinlotteri

6. januar 2018

Presidenten sin time med Vinlotteri

Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

6. januar 2018

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

Referat frå koselig julemøte 20. desember 2017

Rotarymøte 13.desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 13.desember 2017

Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.

Rotarymøte 6..desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 6..desember 2017

Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg.

28. desember 2017

Presidenten sin time med Årsmøte

Les referat frå Årsmøtet

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

28. oktober 2017

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

Les kva vår utvekslingsstudent frå Brasil hadde å berette via skype.

Hjerte- lungeredning: Ved spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde:

21. oktober 2017

Hjerte- lungeredning: Ved spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde:

Spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde heldt ei bokstavelig livsviktig foredrag om hjerte og lungeredning ved Rotarymøte 18. oktober.

Guvenøren sitt årlige besøk hos Stranda og Sykkylven Rotaryklubb:

12. oktober 2017

Guvenøren sitt årlige besøk hos Stranda og Sykkylven Rotaryklubb:

Sykkylven og Stranda Rotaryklubber fekk besøk av guvenør for D2305: Wictor Sandvold

Presidenten sin time 4. oktober.

6. oktober 2017

Presidenten sin time 4. oktober.

Les referat frå Presidenten sin time 4. oktober.

Direktør ved Formfin Møbler, Vibeke Aanning Aarseth

29. september 2017

Direktør ved Formfin Møbler, Vibeke Aanning Aarseth

Les referat frå Vibeke sitt møte med Sykkylven Rotaryklubb

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS