Medlemsmøte 12 febr 2025 med Karl Johan Gjævenes

Sykkylven Rotary Klubb, møte 12. februar 2025, i Biblioteksalen.

Referat.
1. President Nils Arve Schwartz opna møtet, og ønska velkommen til klubbmedlemmene og gjestane Karl Johan Gjævenes og Christian Aurdal Wales.
Nils Arve orienterte om møteplanen. Deretter overlet han ordet og tonen til Olav P. som introduserte…

1.    Allsong … denne kvelden: Få stemninga opp (henta frå SRK sitt songhefte), til ein skotsk folkemelodi «My Bonny Is Over the Ocean».

2.    Statistikk: «statistikar» Steinar opplyste om 15 frammøtte ved Årsfesten den 7. februar, dvs. 40 %. Vi fekk også vite at vårt gode medlem Knut Martin Molnes fyller 80 år kommande fredag. (i dag!) Gratulerer!

3.    RYLA: President Nils Arve orienterte om Rotary Youth Leadership Award. Påmeldingsfrist er 1. Mars, og tilhaldsstad for seminaret er, 24.-26. april 2025, Thon Hotel Ålesund,- slik som det har vore dei seinaste åra. Tilbakemeldingane har alltid vore særs gode, både frå dei deltakande ungdommane (18-24 år)  og frå vår lokale RYLA-leiar Rolf Klock, Ålesund Rotaryklubb. Kostnaden vert dekka av arbeidsgivar eller Rotary-klubben. Programmet finn vi her: https://acrobat.adobe.com/id/urn:aaid:sc:EU:fd903e5a-37cc-4f32-9bb9-64cbf3a7b4dd?comment_id=1863bf08-0f4e-4bd8-aac0-010297b7f0a6

4.   3-minutt ved Roald Mork, Senior Konsulent for Atea i  Ålesund. (Link til presentasjon) ATEA er eit av dei største og leiande IT-selskap i landet og er tilbydar av heildekkande tilbod av produkt og tenester, drifting og vedlikehald. Totalt ca. 7000 tilsette, med kontor i Noreg, Sverige, Danmark, Finland og Baltikum. Med fokus på IT infrastruktur,- dvs å få ting til å fungere «over heile fjøla». AMS gjev bedriftene høve til å få flyttte ut IT-avdelingane sine til ATEA. Ved bruk av «Helpdesk» vil ATEA sine spesialistar kunne vere til hjelp «på strak arm», døgnet rundt. Avdeling for informasjons-tryggleik kan tidleg fange opp moglege feil eller «innblanding» frå uvedkommande. I slike tilfelle kan einskilde maskiner/ nettkoplingar isolerast, før større skader blir gjort. Total omsetning 2023 ca. kr. 40 mrd. Overskot ca. 1,5 mrd. Lokalt i Sykkylven er bla Ekornes kunde. For meir info, sjå https://www.atea.no  eller https://www.atea.no/om-atea/kontorer/alesund/ 

5.   Kaffi/ te, mat og prat. To gode kaker er aldri feil og dei smakte godt!

6.    Med Karl Johan Gjævenes på pilegrimsvegen Camino Frances (Frankrike) til Santiago de Compostela (Spania). Førti dagar til fots i 1000 meters høgde, på ca. 800 km, det gir om lag 20 km pr. dag. Då skal både kroppen, kleda/ skotøyet og ikkje minst psyken vere av god kvalitet. Å komprimere 40 dagar til 30-40 minutt blir å utelate mykje. Likevel: det var rikeleg nok att til å fenge tilhøyrarane. Santiago de Compostela utvikla seg til pilegrimsmål etter at den heilage apostelen Jakob vart funnen på 800-talet. Kartet viser 33 postar frå starten i Frankrike til målet Santiago d C.

Karl Johan begynte å planlegge turen tidleg i året 2024. M.a. kjøpte han tre par gode tursko for å prøve ut kva par som sat best på foten. Han vart inspirert av Øystein Braaten som fortalde om sin tur i 2022. Etter løyve frå familien og permisjon frå jobben i kyrkja, var det berre å gå «all in» med planlegginga. Ved avreise Sykkylven vog ryggsekken ni kilo. Etter siste ompakking før start stoppa vekta på 8,5 kg. Ei guidebok og ei notisbok fekk ikkje bli med frå startpunktet Saint-Jean-Pied-de-Port. Første dagen var rett og slett magisk. Sol og tåke i dalane. Første etappe var på 25 km. Fekk ei seng i klosteret i Roncesvalles, og somna tvert. Tidlege morgonar med frukost, eller mat først etter nokre kilometer ved neste landsby. Frå 5-10 km mellom kvar landsby. Etter å ha kryssa åsane mellom Frankrike og Spania, dukka Pamplona opp i det fjerne. Byen med dei berømte okseløpa viste seg trygg å passere, etter synfaring både i katedralen og oppå bymuren. Rutinane var nokså like, dag for dag. Stå opp ved soloppgang, pakke sekken, ete litt, og så traske i veg med små pausar innlagt fram til ettermiddagen i 15-tida. Så vaske klede og henge til tørk, sjå seg litt om, for så å krype til køys. Etter få dagar på denne måten var pilegrims-vandraren på plass i bobla si,- gjerne saman med andre som var ute i same ærend. Det viste seg lett å komme i kontakt med folk. Ikkje alle dagar var sol-dagar. Somme tider regna det også – gjerne der vegen gjekk nærast havet. Ei regnjakke viste seg berre å vere ei jakke. Ny-innkjøp av regn-poncho løyste det problemet. Ved dag 8 begynte kroppen å murre over ryggsekken, så den dagen – den einaste – fekk sekken skyss med rutebussen. Bilda syner vegen langt framover, men etter som timane gjekk, gjekk også kilometerane unna,- dag for dag. Karl Johan gjekk åleine. Han trefte folk undervegs, men det var ikkje noko organisert samhald. Etter kvart vart det også tyngre å gå. Google Maps varsla om framdrifta, og det var tydeleg at snittfarta gjekk ned etter som dagane vart fleire og fleire. Slett ikkje rart! Då han på eit herberge «nådde att» sekken som var send med bussen, sjekka han ut etter ein time, og tok seg rom på eit hotell. Der vart han verande i tre dagar, for å kvile kroppen. Langs heile ruta var det kyrkjer på alle skap frå katedralar. Inntrykka var mange! I Santo Domingo heldt dei levande høner i kyrkja. Dette skulle vere etterkomarar etter ei høne som vakna til live etter at ho hadde bidrege til å spare livet til ein mann som skulle døy. Katedralen i Burgos målte 50 meter frå golvet til toppen av kuppelen. Mange små kapell inne i kyrkja var rikt dekorerte med gåver frå rike familiar. Enno var det eit stykke att før halvvegs på pilegrims-vandringa,- som gjekk (som før nemnt) for det meste i terreng 1000 meter over havet. Veret veksla mellom sol og regn. Midtpunktet på vandringa er byen Sahagún. Her gjorde Karl Johan som dei andre: kjøpte seg diplom som bevis på «Halvgått vandring». Men framleis var det att nesten tre veker å gå. Skrivaren er også trøytt etter referat-skrivinga så langt, men kan lett forstå kjenslene til vandraren då han nådde målet Santiago de Compostela ved dag nr. førti – 40 dagar – ein høgst respektabel prestasjon, sjølv for ein sunnmøring frå Sykkylven! For den som ønskjer meir informasjon, finst det talrike nettsider, vel verd ei nærare gransking. Døme:     https://www.merlot.no/camino-frances-den-franske-veien  Det høyrer med til Karl Johan si historie at han stoppa ikkje i Santiago, men tok bussen til Kapp Finisterre,- utposten i Europa mot Atlanterhavet. Skrivaren skjønar godt kvifor mannen valde buss! Takk for ei strålande forteljing frå ei minnerik vandring, Karl Johan Gjævenes.   























































7.   Presidenten bar så fram stor takk og ei lita gåve frå Rotary, etter at tilhøyrarane hadde bore fram alle spørsmåla sine, og fått greie svar.

8.   Takk for i kveld og Vel heim til alle.

Skrivar Olav Pileberg. Foto: OP, Karl Johan Gjævenes og Roald Mork.

 


 
Fredrik Støyva Emblem frå Ålesund Kunnskapspark (åkp)besøker Sykkylven Rotaryklubb

1. april 2017

Fredrik Støyva Emblem frå Ålesund Kunnskapspark (åkp)besøker Sykkylven Rotaryklubb

Les referat frå det interessante og framtidsretta foredraget som Fredrik heldt 29. mars i Sykkylven Rotaryklubb.

Marit Akslen besøker Sykkylven Rotaryklubb.

25. mars 2017

Marit Akslen besøker Sykkylven Rotaryklubb.

Les referat frå Tekstilkunstner Marit Akslen sitt besøk i Sykkylven Rotaryklubb der ho presenterer sin kunst

På besøk hos Torunn Kjemphol og hennar Galleri 2K

17. mars 2017

På besøk hos Torunn Kjemphol og hennar Galleri 2K

Les referat og sjå bilder frå vårt besøk hos Torunn Kjemphol og Galleri K2 i Tusvika.

Steinar Klokk held sitt ego/yrkesforedrag

10. mars 2017

Steinar Klokk held sitt ego/yrkesforedrag

Les referat frå Rotarymøte på Kvinnedagen 8. mars og spesielt vår nye medlem Steinar Klokk sitt flotte ego/yrkesforedrag.

Presidenten sin time:

2. mars 2017

Presidenten sin time:

Les referat frå Presidenten sin time 1. mars 2017.

Bedriftsbesøk hos Ove Straumsheim Glas og Fasader

23. februar 2017

Bedriftsbesøk hos Ove Straumsheim Glas og Fasader

Les om Sykkylven Rotaryklubb sitt flotte og interessante besøk hos Ove Glas og Fasader på "Tangholmen" i Straumgjerde.

Velferdsteknologi ved komunalsjef Eli Otterlei

18. februar 2017

Velferdsteknologi ved komunalsjef Eli Otterlei

Les referat frå kommunalsjef Eli Otterlei sitt flotte og grundig foredrag om velferdsteknologi

Arne Hanssen orienterer om den planlagte Designvegen.

3. februar 2017

Arne Hanssen orienterer om den planlagte Designvegen.

Les referat frå Rotarymøte 1. februar der m.a. Arne Hanssen fortalte om korleis han tenker seg den planlagte Designvegen.

Les referat frå Rotarymøte 25. januar:

3. februar 2017

Les referat frå Rotarymøte 25. januar:

Rotarymøte 25. januar der bl. a. Kjell Welle fortalte oss litt om teknikken bak dei forskjellige radiosignala.

Bedriftsbesøk ved Peterson Emballasje

26. januar 2017

Bedriftsbesøk ved Peterson Emballasje

Les Olav sitt referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved Peterson Fabrikker her i Sykkylven

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS