Referat frå medlemsmøte i Sykkylven Rotaryklubb 14.12.2016:
President Steven ønska vel møtt og presenterte kvelden sin
gjest Sveinung Andal. Stor applaus. Sveinung er vert for utvekslingsstudenten
vår, Daniel dei neste 3 månadane.
Videre presenterte Steven noko av det som har hendt opp
igjennom historia nett denne dagen:
1773: Norges Geografiske Oppmåling blir stifta. I 1981
skifta dei namn til Statens Kartverk.
1819: Alabama blei USA sin 22. stat.
1900: Max Planck legger fram sin stålingslov. Kvantefysikken
blir grunnlagt.
1902: Den første telegrafkabel blir lagt under Stillehavet.
1911: Roald Amundsen når Sydpolen som første person.
1939: Sovjetunionen blir kasta ut av Folkeforbundet pga.
overfallet på Finland.
1946: Hovedforsamlinga bestemmer at New York blir
tilhaldsstaden for FN.
1981: Israel annekterer Golanhøgdene.
1989: Første frie valg i Chile etter militærkuppet i 1973.
Presidenten gav så Olav P ordet. Han fortalte at han har
kjøpt inn ei julegåve til klubben, nemleg ei ringeklokke. Dersom ein er tidleg
ute, eller evt. for seint, kan ein ringe på denne og oddsen for å sleppe inn
vil bli forbedra masse.
Olav sin Rotarysongen som var denne gong «Draumen om Fred» av
Cornelius Vreeswijk. Dette til ære for årets Fredsprisvinner, Juan Manuel
Santos.
I sekretæren sitt fråver, forkynte president Steven at det
er Hallstein og Geir Løseth sin tur til BUAS- besøk. Ved forrige møte var det
27 frammøtte. Det gav hederlige 70 % frammøte.
3- minutt var ved Ingjerd: Ho hadde funne ei gamal utgåve av
Bergens Tidende under renovering ved Berlihuset. Årgangen var heilt tilbake til
1920. Om det er tøffe tider no til dags både politisk og økonomisk, så var det
ikkje noko bedre den gong. Det var like etter 1. verdenskrig og Den Norske Stat
hadde tydelegvis desperat behov for penger. Ingjerd las at det skulle innførast
formuesskatt på renteinntekter over 200000 kr. I tillegg blei det vedteke å
låne 20 mill. kr. frå amerikanske banker til ei rente på 9 %. Vidare las ho at
det var innført importforbud av luksusvarer, og kanskje også på såkalla mindre
nødvendige varer.
Utenrikspolitisk var avisa opptatt av den politsike
situasjon i Sovjetunionen, der det no rasa borgerkrig mellom bolsjevikane og
dei såkalla Kvite. Vestmaktene hadde sendt soldater for å hjelpe dei Kvite.
Som ein kuriositet, nemnte Ingjerd til slutt at byen Drøbak
var alkoholtørrlagt. Det blei forbudt å skjenke alkohol til private. 10 svenske
kunstnere hadde kome til Norge for å
«lære landet bedre at kjenne».
Før Rotarykaffien, foretok kasserer John Henrik ei rask og
effektiv gjennomgang av rekneskapet for Rotaryåret 2015/2016. Det såg lenge ut
til å bli eit lite underskot, men pga. momskompensasjon blei det eit overskot
på 5600 kr. Egenkapitalen er 108 000 kr. og balansen er på 119 599
kr. Klubben har for øyeblikket solid likviditet.
Under kaffien og utmerka sjokoladekaker, var det Vinlotteri.
Etterpå presenterte Visepresidenten sitt mannskap for 2017/2018. Styret består
stort sett av same folka. Petter Skogvoll er ny leiar i Programkomiteen og
Greta Herje blei foreslått som President Nominee. Rotaryaner Ove understreka at
reint formelt så er det Klubben som skal utnemne den komande presidenten og
ikkje visepresidenten. For å ivareta det formelle, blei det spurt om det var
motkandidater til Greta. Då det ikkje var det, blir avstemninga gjort ved
akklamasjon i staden for skriftlig avstemning. Så då er det nye styret på plass
og Bastian har fått ein god start på det som blir presidentperioden hans.
Til slutt fekk endeleg utvekslingsstudent Daniel sleppe til
med sitt foredrag om Brasil. I staden for at referent begynner å rekapitulere
foredraget, legg vi ut Daniel sin PowerPiont- presentasjon.
Etter foredraget var det i god Rotaryånd fleire spørsmål.
Daniel avslutta med å synge og spele gitar.
Eit kvarter på overtid, takka president Steven for oppmøte,
minte om Julemøtet neste onsdag 21., og ønske alle vel heim.
Referent Jarle Svindseth
3. mai 2016
Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.
24. februar 2016
I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no
20. oktober 2015
Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes
9. juli 2015
Det opne møtet i Sykkylven Rotary Klubb sist onsdag samla fram mot førti medlemmer og gjester. Alle ville dei høyre det som konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, hadde å seie om sjukehusstruktur og spesialhelsetenesten
21. mars 2015
Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.