Referat frå møte i
Sykkylven Rotaryklubb 19.04.2017:
President Steven ønska alle vel møtt. Som vanlig i
begynnelsen av rotarymøta, tok han for seg noko av det som har skjedd denne
datoen: I 1681 var det ein storbrann i Trondheim. I 1971 blir den første romstasjon
skutt opp; sovjetiske Saljut 1. Boreplattforma «Alexander Kielland» blir slept
til Stavanger i 1980. Til sist minte han om at løperdronninga Grete Waitz
døydde denne dagen i 2011, 56 år gamal.
Trubadur Olav hadde funne fram ei virkelig trivelig vise:
«Fuglevise» av Torbjørn Egner. Flott vise til flott gitar - akkompagnement.
I sekretæren sitt fråver, opplyste presidenten at det var
Odd Holen og Nils Arve Kjemphol sin tur til BUAS- besøk. Forrige rotarymøte var
det 19 frammøte. Når ein tok hensyn til permisjoner og fritak frå møteplikt,
gav det 51 % frammøte.
3- minutt var ved visepresident Bastian: Han tok for seg
PETS- kurset igjen og opna med å spørre om kva bokstavene stod for. Tidligere
president Olav var raskt frampå og svarte President Elected Training
Seminar. Bastian ga han sjølsagt rett i det.
Så viste Bastian fram ei utmerking som klubben vår hadde
fått ved omtalte PETS. Dette er ein vimpel som viser at vi er den klubben i Distrikt 2305 som
gav mest til Rotaryfondet (TRF) i 2015/2016. Applaus! Videre kunne han fortelle
at det faktisk er 3 sunnmørsklubber som topper denne statistikken. Det er noko
uvanlig at «gnetne» sunnmøringer gir bort så mykje penger frivillig.
Konklusjonen var at dette er på grunn av at ein kan trekke frå summen på
skatten.
Han viste elles fram info-brosjyrer som Rotary har fått laga
til og lurte på om han skulle bestille fleire slike.
Etter Bastian sitt innlegg, tok leier i Dugnadskomiteen,
Geir ordet og minte om dugnaden i Kyrkjeparken neste onsdag. Etter samtale med
Bårnes i kyrkja, meinte Geir at å klippe ned ein hekk måtte få høg prioritet.
Elles møte opp med plenty arbeidslyst og
godt humør.
Før Rotarykaffi ga president Steven ei lita orientering frå
Styremøte 29.03.
Etter kaffien, var det vårt nye medlem, Sindre Stuen sin tur
å halde sitt Egoforedrag. Sindre blei tatt opp som nytt medlem under
Guvenørbesøket på Stranda, hausten 2016, saman med Steinar Klokk. Så vidt
referent veit, er Sindre vårt yngste medlem. Vi kom i kontakt med han i samband
med utveksling av Rotarystudenter. Sonen til Sindre, Benjamin blei
utvekslingsstudent til Brasil, medan Sindre og familie blei vertsfamilie for
Daniel frå Brasil. På førehand fortalte Sindre at han ikkje visste så mykje om
Rotary. Trudde at det var meir som ein «vinsmakerklubb». Heldigvis har han
gjennom utveklingsprosessen fått eit anna syn.
Videre førte dette til at SRK var heldige å få Sindre som medlem. Og no
var tida komen for det obligatoriske egoforedraget.
Sindre innleia med at han, i likhet med referent, har sine
aner frå Ramstaddal. Mor Sølvi er frå Løseth og er født i 1953, altså eit år
eldre enn referent. Far er Per Johan Stuen, som var son til Johannes Stuen og
oppvaksen på Høgebøane, ikkje langt unna
der referent no bur. Sindre har to søsken: Vibeke gift Leira f. i 1972 og Julia
Stuen f. 1981.
Diverre fekk far Per ein alvorlig nevrologisk sjukdom, ALS. Døydde
av denne sjukdomen i 2014.
Videre fortalte Sindre at han har 5 born. Han har to guter
med sin første kone. Dette er Benjamin, som no er utvekslingsstudent, og Kasper.
Han har også ein gut med Henriette Tandstad. No gift er Sindre gift med Mildrid Oterhals, og dei har
to born saman, Noah og Sofie.
I barndomen budde Sindre både på Høgebøane, her i Sykkylven,
i Spjelkavik og Ålesund. Flytta så tilbake til Sykkylven og begynte på
ungdomsskulen her i alder av 13 år.
Sindre fortel at han alltid har følt ei dragning mot sjøen, og spesielt til mor sine store protester, begynte han etter ungdomsskulen som kadett på skuleskipet «Gann».
Bilde: "Gann" til ve. og "Havbris" til hø.
Året på skuleskipet, følte han var veldig
lærerikt, og at livet på havet var som
skapt for han. Etter dette året, fekk han hyre på ein tråler som heitte
«Havbryn». Her var han i 2 år. Dette var eit hardt liv som Sindre forstod at
han ikkje kunne bli gammal i uten å få fysiske skavanker. Han begynte derfor på VK1 ved Ålesund
Maritim. Begynte så som lærling i tankreierlaget Stolt-Nielsen. Under
forutsetning av at Sindre vende tilbake til
reierlaget, fekk han stipend til styrmannsutdanning og skipperskule. Med
dette bandt han seg for to ekstra år i reierlaget.
Neste jobb var som styrmann om bord på ein tankbåt som førte
kjemikalier. Sindre fortalte om fleire opplevinger om bord på denne. Førte farlige
kjemikalier som måtte ein måtte behandle forsiktig. Elles var livet om bord
ikkje spesielt asketisk, så vidt referent forstod.
Bilde: Kjemikalietanker til ve. og offshorefartøy til hø.
2001 begynte han som 1. styrmann på eit
ankerhandteringsfartøy i Farstad Offshore. Jobba no 4 veker på og 4 veker av.
I 2007 var det ønska at Sindre burde tilbringe meir tid på
land. Sa derfor opp jobben i Farstad og begynte i jobb som styrmann på ferje.
Denne jobben karakteriserte han som «aktiv sjukmelding». Jobben blei kortvarig, for hausten same året,
begynte han igjen i Farstadrederiet.
2012 sendte han ein søknad til Uksnøy & Co, og i 2013
begynte han som såkalla QHSE – manager her. Så vidt referent forstår, er dette
eit rederi som har seismikkskip og offshoreskip i sin flåte. Jobben til Sindre
som QHRS- manger er å ta seg av HMS i rederiet.
Bilde: Logo til Uksnøy til ve. Illustrasjon av verneombud i midten og fartøy i Uksnøy til hø.
Referent fikk inntrykk av at Sindre i alle fall ikkje har
levd eit kjedelig liv. Bl.a. våren 2014 var det i løpet av 3 veker både
giftemål, barnedåp, konfirmasjon og gravferd.
I 2015 fekk Sindre sin første pappaperm i 14 veker. Noko han
synes var veldig positivt.
I 2017 er, som vi
veit tidene, usikker for offshorebransjen. Det er nok ikkje berre Sindre som er
spent på kva framtida vil bli her.
Når det gjelder hobbyer nemnte Sindre dykking, skigåing, fjellturer
og at han er glad i mat.
Eit spennende og interessant foredrag av vårt nye medlem.
Referent sitt inntrykk er at han, trass sin relativt unge alder, har fått
opplevd mykje både i sosiale sammenhenger til lands og i profesjonelle sammenhenger
til sjøs.
Etter å ha takka for det spennende og flotte foredraget,
minte president Steven om dugnaden neste veke og ønska alle vel heim.
Referent
Jarle Svindseth
1. april 2017
Les referat frå det interessante og framtidsretta foredraget som Fredrik heldt 29. mars i Sykkylven Rotaryklubb.
25. mars 2017
Les referat frå Tekstilkunstner Marit Akslen sitt besøk i Sykkylven Rotaryklubb der ho presenterer sin kunst
17. mars 2017
Les referat og sjå bilder frå vårt besøk hos Torunn Kjemphol og Galleri K2 i Tusvika.
10. mars 2017
Les referat frå Rotarymøte på Kvinnedagen 8. mars og spesielt vår nye medlem Steinar Klokk sitt flotte ego/yrkesforedrag.
23. februar 2017
Les om Sykkylven Rotaryklubb sitt flotte og interessante besøk hos Ove Glas og Fasader på "Tangholmen" i Straumgjerde.
18. februar 2017
Les referat frå kommunalsjef Eli Otterlei sitt flotte og grundig foredrag om velferdsteknologi
3. februar 2017
Les referat frå Rotarymøte 1. februar der m.a. Arne Hanssen fortalte om korleis han tenker seg den planlagte Designvegen.
3. februar 2017
Rotarymøte 25. januar der bl. a. Kjell Welle fortalte oss litt om teknikken bak dei forskjellige radiosignala.
26. januar 2017
Les Olav sitt referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved Peterson Fabrikker her i Sykkylven