For Sykkylvsbladet onsdag 26. i veke 17,
2017. Olav Pileberg/ Sykkylven Rotary Klubb. 21.04.2017
Kyrkjeparken:
Tid for dugnad!
Om nokon
skulle undrast på kven og kvifor det kryr av meir eller mindre hardt arbeidande
karar og kanskje ei kvinne eller to på uteområdet ved kyrkja i kveld onsdag,
kan dei med dette få svaret: Sykkylven Rotary Klubb er på dugnad for å gje
området ein «makeover», som det heiter. Dette er ein årviss innsats frå
medlemmene i Rotary for å setje parken i god stand til konfirmasjonar, 17. mai
og ikkje minst for alle som ferdast i området – kanskje berre for å sjå til
borna som leikar på den vakre leikeplassen. Vi gløymer heller ikkje dei mange
kyrkjelege handlingar som samlar mykje folk. Alle set vi pris på eit reint og
triveleg parkområde midt i sentrum av bygda! I fjor, på nesten same datoen, var
det ni grader pluss og gode arbeidsforhold. Uansett vêr og føre i
kveld: Rotary følgjer opp sitt motto «Service Above Self» om å gagne andre, til
beste for både kyrkja og dei mange i området.
På dette biletet frå i fjor glimrar klubben sine kvinner dessverre med sitt fråver. Vi håper på betre balanse i år, så ikkje likestillingskonsulenten skal få noko å henge seg opp i.
Jobben var som tidligere år å rake parken for kvist og lauv.
Dessuten hadde kyrkjeverge Bårnes og dugnadsformann Geir blitt samde om at ein
burde få frisert og kutta ned hekken mot vest. Vår eminente turbadur, og dyktige
journalist Olav, hadde denne gangen lagt frå seg gitaren og henta redskap med
grovere toner, nemlig motorsag. Og Olav viste at han kunne svinge motorsaga
like godt som han klimprer på gitarstrengene.
Referent synes hekken blei atskillig luftigere og finere etterpå.
Det var Ole Elling Asbjørnsen, svigerson til våre rotaryvener Martha og Kai Otto som stilte opp med traktor og henger. Odelsgut Olav på 3 år var sjølsagt med saman med pappa (sjå bilde)
Vi avslutta med matøkt som Karl Johan, fru Lillevik og
Buster hadde organisert. I følge dugnadsformannen hadde arbeidsgjengen vore
svært effektive. Vi kunne derfor avslutte Dugnaden tidligere enn vanlig, men
etter å ha gjort like mykje som ved tidligere Dugnader.
Sjå bildekavalkade frå Dugnaden:
Jarle Svindseth
6. januar 2018
Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.
6. januar 2018
Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.
6. januar 2018
Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg.
28. oktober 2017
Les kva vår utvekslingsstudent frå Brasil hadde å berette via skype.
21. oktober 2017
Spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde heldt ei bokstavelig livsviktig foredrag om hjerte og lungeredning ved Rotarymøte 18. oktober.
12. oktober 2017
Sykkylven og Stranda Rotaryklubber fekk besøk av guvenør for D2305: Wictor Sandvold
29. september 2017
Les referat frå Vibeke sitt møte med Sykkylven Rotaryklubb