Referat frå SRK sitt besøk ved Hundeidvik Arena 21.06.2017:
Denne gangen hadde rotarianerne ved SRK tatt turen til Hundeidvik Arena. Vi blei tatt godt i mot av Ronny Utgård, som er litt av ei eldsjel i Hundeidvik. Det vanligvis så gode humør vårt blei ikkje dårligere då vi såg at Ronny hadde diska opp med noko som likna eit sunnmørsk kakebord. Kakene og kaffien smakte fortreffelig.
Bilde: Ronny stilte med sunnmørsk kakebord:
Etter matøkta, begynte Ronny på si orientering. Han innleia med å fortelle om Hundeidvik si stolthet, Fotballfestivalen. Den begynte i 2008 med 44 fotballag. I 2017 var det 126 fotballag med over 1000 spelarar. Han kalkulerte med at det i alt hadde vore 5000 besøkende. Fotballen blei supplert med ymse andre aktiviteter, f.eks. barnas bondegård, hoppeslott, ATV osv. I alt 108 frivillige var i aksjon, og det er vel mesteparten av innbyggerne i Hundeidvik. Som ein liten, men viktig kuriositet, nemte han at det ikkje hadde vore styggever av betydning under turneringa disse åra. I det heile tatt har turneringa vore med på å sette Hundeidvik på kartet.
Bilde: Ronny heldt ei flott og informativ orientering:
Siste åra har det vore ein draum og eit ønske å få til ein ny idrettshall i Sykkylven. Kvar var sjansen størst for å få til ein slik? Det måtte bli i Hundeidvik, der dugnadsånda er svært sterk. Ønsket var ein hall med kunstgrasbane. Dessuten skulle hallen inneholde bueskytingsarena, squashrom, klatrevegg, buldrerom og trimrom. Det siste må kome til etter kvart.. Eit veldig viktig moment, var at hallen skulle vere tilgjengelig for uorganisert aktivitet gjennom heile døgnet og heile året.
Innleiingsvis var hallen ikkje planlagt så stor, men den blei større og større etter kvart som planlegginga gjekk framover. Til slutt hadde var det ikkje meir areal å ta av, og då begrensa størrelsen seg sjøl.
Men det å bygge ein stor idrettshall viste seg å ikkje vere så enkelt som Ronny og co trudde.
Grunnarbeidet blei meir komplisert. Grunnforholda måtte sjekkes, og i staden for ein 60 cm ringmur, måtte det støypast ein atskillig kraftigere.
Stålhallen blei produsert i Polen og levert av eit svensk firma. Og her begynte dei første virkelig komplikasjonene. Arbeiderne, som sette opp stålelementa, hadde forlatt arbeidsplassen uten å avstive elementa. Så kom det kraftig sørvest vind som røska i dei, med det resultat at festa i grunnmuren blei delvis ødelagt. Kven hadde så ansvaret for dette? Etter mykje viderverdigheter fikk Idrettslaget tilkjent erstatning frå Gjensidige, som igjen stilte regress mot det svenske firmaet.
Under ein storm seinere på året, begynte takplatene å løsne. Då var gode råd dyre. Men ved hjelp av ein lift og ei gravemaskin, fekk ein slått stropper rundt platene og festa dei på den måten.
Å få lagt ned sjølve kunstgraset var heller ikkje ukomplisert. I følge Ronny, var det ein kar frå England som skulle besørge dette. Verdens kjekkeste kar, men også verdens mest upålitelige. Men etter masse viderverdigheter, kom også dette på plass.
Dei profesjonelle, som imponerte mest, var det franske arbeidslaget som satte opp klatreveggen. Fagfolk til fingerspissene. Men også her gjekk ting ikkje heilt etter planen. Eit mål i taket stemte ikkje, og dermed var monteringa gjort vanskelig. Men også dette løyste Ronny og co. slik at arbeiderene fekk fullført oppsettet.
Så er det store spørsmålet: Kva med økonomien ? Referent går ikkje inn i detaljer her, men hallen var budsjettert til 10, 2 mill. og enda med ein pris på i underkant av 10 mill. For å få spelemidler måtte hallen defineres som klatrehall. Det gav 2,5 mill. i spelemidler. Egenkapitalen var 2,9 mill kr, og lån utgjorde 1, 3 mill. Dugnad for 736.200 kr. Sponsorer: 1,14 mill.kr kr og momskompensasjon 1.694 mill. kr.
Heile tida blei det køyrt streng økonomisk disiplin.
Idrettslaget fekk også mykje gratis utstyr eller til sterkt redusert pris. Stoler i hallen kjem frå Fredrikstad. Det var knirk i desse, slik at Fredrikstad ikkje ville ha dei. Men det ville Hundeidvik gjerne.
Squashbana kjem frå Stamina på Moa. Dersom golvet blei henta, var dette gratis.
Kjøkkenet blei påspandert av Hundeidvik Vel.
I alt blei det utført 6000 dugnadstimer berre med snekring.
Næringslivet var meir enn villig til å stille med reklameskilt i Hallen. Og Ronny kan ikkje få fullrost Formfin nok, med Olav Utgård i spissen, for all hjelp og støtte.
Det er planlagt eit byggesteg 2 med godt utstyrt treningsrom som er kalkulert til 1.2 mill kr. Her kan foreldre sykle på trimsykkel eller gå/løpe på tredemølle, og samstundes sjå ned på treningsbana. Dermed kan dei følge med sine håpefulle og samstundes få trim.
Ronny understreker sterkt at dette er ein lavterskelhall som er åpen 7/24. Her kan i prinsippet alle kome å trene, klatre, spele squash eller kva det måtte vere.
Hallen har til no vore svært godt besøkt med over 3000 kvar månad. Det har kun vore eit uhell. Ronny beskreiv kva som hadde skjedd med ein kar som absolutt skulle ha tak i ein squashball som hadde enda i taket. Vedkomende la så mykje energi og «kreativitet» i å få ned denne, at fleire takplater blei ødelagte. Ronny var naturlignok lite blid då han konfronterte karen med ugjerninga.
Så vidt referent forstår har no Hundeidvik Idrettslag og Arena verdier for 56 mill. kr og med ei gjeld på berre 1,3 mill.
Referent er utrulig imponert over arbeidet og dugnaden Hundeidvik Idrettslag og Ronny har gjort og fortsatt gjer.
Ronny avslutta orienteringa med følgende visdomsord: «Skaperglede symboliserer kreativ kraft og pågangsmot med grunnlag i eit ønske om å kunne skape glede for andre».
Etter den flotte orienteringa, blei vi vist inn i sjølve hallen. Der blei vi imponert over den 12,5 m høge klatreveggen som er den nest høgaste på Sunnmøre. Referent såg ingen rotarianere som prøvde seg på den, men siden hallen er åpen nesten døgnet rundt for alle, kan vi kanskje prøve oss ved eit anna høve.
Bilde: Odd Jostein vurderer om han skal prøve seg i klatreveggen:
Sykkylven Rotaryklubb takker Ronny hjarteleg for den flotte serveringa, den flotte orienteringa og omvisninga i den flotte hallen. Lykke til videre!
Referent
Jarle Svindseth
23. september 2017
"Fysiske og psykiske reaksjoner ved hjerteinfarkt"
9. september 2017
Les referat frå Ingrid sitt flotte foredrag: "Frå Norge til Nederland: Sykkylven på godt og vondt".
5. september 2017
Les kva speidarane hadde å fortelle frå Landsspeiderleiren i Bodø 2017.
5. september 2017
Les referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved den nye Brannstasjonen.
29. juni 2017
Les og sjå bilder frå presidentskifte i Sykkylven Rotaryklubb. Bastian tek over som president etter Steven.
26. juni 2017
Les siste Infobrev nr. 20 frå Prosjekt Filipinnene.
17. juni 2017
Les kva Daniel hadde å fortelle frå sitt opphald her i Sykkylven. Sjå også bilder frå "avskjedsfesten".
13. juni 2017
Les referat frå møte i SRK der Kjell fortel om identitetstjuveri og mester -identitetstjuv Viggo Johan Ørbak.
22. april 2017
Les Sindre sitt foredrag frå eit spennende liv både til lands og til vanns.
8. april 2017
Les kva visepresident Bastian hadde å fortelle frå Presidentkurset (PETS) på Dombås 1. og 2. april. Les også kva sokneprest Helge fortalte om sin situasjon etter oppseiinga av sin jobb som prest.