Presidenten sin time.

Første "Presidenten sin time" i det nye rotaryåret 2017/2018. Leia av vår ny president Bastian.

Referat frå Rotarymøte 5. juli 2017:

Dette var det første møtet i det nye Rotaryåret, og det vart leia av vår nyvalgte president Bastian.

Han fulgte opp tradisjonen med å ta for seg noko av det som har hendt denne dagen opp igjennom historia: Kristiansund blei grunnlagt i 1641. Forfatteren Jonas Lie døde i 1908 denne datoen. I 1975 var det stort bryllup i Velledalen. Då gifta Oddny Heggdal seg med vår rotaryven Petter Velle. Helge var snar å gjere oppmerksom på at han gifta seg med Kari same år og dato. Så om ikkje dette var nok , så fortalte president Bastian at han gifta seg denne dato med Mette, 11 år seinare, i 1986. 

Knut Henning opplyste at det er Oddbjørn Ramstad og Asbjørn Riksheim som står for tur til BUAS- besøk.

Så var det bursdager: Det blir mange pga at vi ikkje møtes før etter fellesferien: Martha blir 60 år 11. juli. Sykkylven Rotaryklubb gratulerer så mykjeJ.

Dagen etterpå blir Roger 53 år. Ove blir 77 år 25. juli. Petter blir 66 år 26. juli. Knut Jarle 53 år 27. juli. Og til sist, visepresident Gretha, som blir 68 år 29. juli. SRK gratulerer alle samen.

Oppmøte forrige gang var 28 som ga flotte 67 % frammøte.

3- minutt var denne gang ved Odd Holen: Han fortalte at han no var 69 ½  år (du held deg godt, Odd!). Naturlig nok er han for lengst alderspensjonist, og han får ofte spørsmålet om korleis det føles å vere pensjonist. Då svarer han: «Det rusler og går». Likevel har han ikkje vore heilt borte frå arkitektjobben. Han har hatt mykje arbeid med den nye brannstasjonen som han no er i ferd med å avslutte. Siste 20 åra har han samarbeid med «Plan og Bolig» i Ålesund. Dette samarbeidet er han også i ferd med å runde av.

Odd har stort sett jobba aleine som arkitekt. Han fortel at dette kanskje ikkje blir så heilt lett i framtida. Dette pga. auka spesialisering innan data der virtuelle løysinger blir meir vanleg og krever mykje datakunnskap. Regelverket innen arkitekt og bygningsbransjen blir meir og meir intrikat. I det heile vil større arkitektfirmaer ha større tyngde og gjennomslagskraft i konkurransemarknaden.  

Kva gjer så Odd på i pensjonisttida? Han fortel at han har tatt opp hobbyen med å spele i Credo Brass. Rotary er veldig viktig. Som den sprekingen han er går han tur til Høyset og Aurenakken fleire ganger i veka. Odd må passe på å ikkje bli så sprek at han misser alderstrygda.

Han avslutta med å ønske sine rotarykolleger  riktig god sommer.

Før Rotarykaffi presenterte president Bastian budsjettet for kommende Rotaryår 2017/2018. Budsjettet er satt opp med eit lite underskudd på 2.200,-. Dette er ikkje dramatisk, då vi har eigenkapital på over 100.000,-.

Medlemkontigenten pr. medlem blir som før 2.300,-. Her er det innbakt 500,- til TRF. Matpenger blir som før 1000,-. Elles er Vinlotteri inntekskilde sammen med momskompensasjon.

Av aktiviteter nevnte Bastian m.a. End Polio - markeringa på Fagrefjellet. Årsfest og guvenørbesøk.

Hovedpunkt elles i budsjettet er: 10.000,- til prosjekt Filipinnene. 3000,- til Alternativ R(rus). 3000,- til speiderne og 15.000,- til andre formål. Når det gjeld det siste er 5000,- satt av til Sierra Leone. Det blir også satsa på å sende 2 deltakere til RYLA.

Det kom merknader om at pengegava til speiderne er i minste laget. Dessuten: Kan ein legge om matservering slik at dette blir  enklere og billigere? Dette blir saker for styret til hausten.

Budsjettet blei godkjent uten motsegn.

Under Rotarykaffien var det Vinlotteri. Sjøl om vi ikkje var så mange, blei det solgt for 1600,-

Etter kaffe opplyste president Bastian at han sender ut epost der ein kan melde seg på 3- minutt i det møtet som passer.

Neste Rotarymøte blir 9. august. Då vil Bastian m.a. presentere Aktivitetsplanen for det nye året.

Så avslutta presidenten med å takke for oppmøte og ønske alle god sommer.

 

Referent

Jarle Svindseth 

 


 
Gardsbesøk

28. mai 2016

Gardsbesøk

Gardsbesøk 25. mai hosBastian

Dugnad i Kyrkjeparken

3. mai 2016

Dugnad i Kyrkjeparken

Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.

Sykkylven Næringsutvikling

24. februar 2016

Sykkylven Næringsutvikling

I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no

InterCitymøte  på Berlihuset

20. oktober 2015

InterCitymøte på Berlihuset

Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes

Helse Møre og Romsdal Hf som hovudtema i SRK

9. juli 2015

Helse Møre og Romsdal Hf som hovudtema i SRK

Det opne møtet i Sykkylven Rotary Klubb sist onsdag samla fram mot førti medlemmer og gjester. Alle ville dei høyre det som konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, hadde å seie om sjukehusstruktur og spesialhelsetenesten

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

21. mars 2015

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS