Referat frå besøk ved den nye
Brannstasjonen i Sykkylven 16. august 2017:
Sykkylven Rotaryklubb hadde denne gang vore så heldig å få besøke
den nye Brannstasjonen på Dåsemyra. Vi blei tatt vel i mot med både kaffi og
kaker. Når vi vel hadde forsynt oss, begynte brannsjef Oddmund Grebstad på ei
lita orientering om den generelle organisering av brannvernet i Sykkylven.
Deretter gjekk han i gjennom historikken til bygginga av den nye stasjonen.
Referent vil ikkje gå i detalj om alt dette, men berre ta
for seg det han oppfatter som mest vesentleg.
Sykkylven brann- og redningskorps er organisert med ein
brannsjef på topp, som er Oddmund Grebstad. Under han er det «Leier for
beredskap»: Gjermund Eidem. Sidestilt med «Leier beredskap» er «Leier
forebyggende». Denne stillinga er imidlertid vakant og det er feier Kjetil
Hanssen som er den næraste til å fungere i denne stillinga.
Videre er brannkorpset organisert under Brannsjef og «Leier beredskap» med 4 vaktlag a 5 mann. Det
er også satt opp eit reservevaktlag med 8 mann.
Ansvar og oppgåver er naturleg nok å vere:
-
Innsatsstyrke ved brann.
-
Kan også yte innsats ved brann og ulykker til
sjøs.
-
Skal kunne ta seg av handtering av farlig stoff
og transport av dette.
-
Skulle det skje alvorlige ulykker, f.eks. i
trafikken, må brannvesenet stille opp.
-
Feiing og tilsyn med fyringsanlegg er ei viktig
oppgåve.
-
Til sist, men ikkje minst er det informasjons-
og motivasjonstiltak mot publikum.
Når det gjeld det siste er eldre og pleietrengende,
innvandrere og flykninger, personer med nedsatt funksjonsevne, barn og unge og
andre grupper (rus, psykiatri osv.) ei viktig målgruppe. Og naturlig nok må
ikkje befolkninga elles gløymes.
Del 2 av orienteringa var om sjølve brannstasjonen:
Tomtearealet er på 2200 m2. Og sjølve bygget er ganske
stort: 1. etasje med 500 m2 og 2. med 255 m2.
Vi som har levd ei stund, veit at brannvesenet har hatt
temmelig kummerlige kår ved Kommunehuset. Referent synes å huske at det i alle
år har vore drøfta å få bygd ein ny brannstasjon, men at det berre er blitt
«med pratet». Økonomien har ikkje tillat dette. Først i 2013 blei det satt av
eiga tomt. Forprosjekt med kostnadsoverslag kom i mai 2015. Entreprenører blei
valgt i nov. 2015 og byggestart i 2016. I 2017 stod bygget ferdig, og endelig
kunne mannskap og brannbiler flytte inn. Det må sjølsagt nemnast at arkitekt og
rotary-ven Odd Holen har teikna og planlagt bygget.
Kostnaden for det heile kom på 20 mill. kroner.
Til sist presenterte Oddmund ein interessant statistikk over
utrykninger i 2012:
-
Det var 4 bygningsbranner eller tilløp til
bygningsbranner.
-
3 anna brann (ferje, bål, bossbøtte)
-
4 pipebranner.
-
2 bilbrann
-
8 trafikkuhell.
-
1 vasskade.
Så var det 40 «unødige» alarmer, men så vidt referent forstår,
er unødig kanskje ikkje heilt dekkende for dette. Ein del av disse var, så vidt
eg forstår, handlinger før ein ordentlig brann eller ulykke utvikla seg.
Etter Oddmund sitt interessante foredrag, viste han oss
rundt i det flotte bygget. Og dersom det var liten plass i den gamle
brannstasjonene, var det i alle fall rikelig med plass her. Av brannbiler, er
det ein bil med tank frå 1991. Denne har drift berre på framhjula, og derfor
kan det vere tøft å ta seg fram på glatta om vinteren. Videre ein moderne
brannbil som er 10 år gammel, men som ser heilt ny ut. Elles redningsbil og ein
kommandobil. Brannvernethar også ein hurtiggående gummibåt, dersom det skulle
vere aktuelt med assistanse på sjøen.
President Bastian takka Oddmund for foredrag og omvisning,
og som ein liten gest fekk han overrakt ei eske konfekt som han og mannskapet
kan ta til kaffien i påvente av evt. utrykninger.
Så minte Bastian om neste møte 23. august. Då vil vi få
besøk av Speiderene som vil fortelje om turen dei hadde til Bodø.
Referent
Jarle Svindseth
23. september 2017
"Fysiske og psykiske reaksjoner ved hjerteinfarkt"
9. september 2017
Les referat frå Ingrid sitt flotte foredrag: "Frå Norge til Nederland: Sykkylven på godt og vondt".
5. september 2017
Les kva speidarane hadde å fortelle frå Landsspeiderleiren i Bodø 2017.
5. september 2017
Les referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved den nye Brannstasjonen.
29. juni 2017
Les og sjå bilder frå presidentskifte i Sykkylven Rotaryklubb. Bastian tek over som president etter Steven.
26. juni 2017
Les siste Infobrev nr. 20 frå Prosjekt Filipinnene.
17. juni 2017
Les kva Daniel hadde å fortelle frå sitt opphald her i Sykkylven. Sjå også bilder frå "avskjedsfesten".
13. juni 2017
Les referat frå møte i SRK der Kjell fortel om identitetstjuveri og mester -identitetstjuv Viggo Johan Ørbak.
22. april 2017
Les Sindre sitt foredrag frå eit spennende liv både til lands og til vanns.
8. april 2017
Les kva visepresident Bastian hadde å fortelle frå Presidentkurset (PETS) på Dombås 1. og 2. april. Les også kva sokneprest Helge fortalte om sin situasjon etter oppseiinga av sin jobb som prest.