Besøk ved den nye Brannstasjonn

Les referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved den nye Brannstasjonen.

Referat frå besøk ved den nye Brannstasjonen i Sykkylven 16. august 2017:

 

Sykkylven Rotaryklubb hadde denne gang vore så heldig å få besøke den nye Brannstasjonen på Dåsemyra. Vi blei tatt vel i mot med både kaffi og kaker. Når vi vel hadde forsynt oss, begynte brannsjef Oddmund Grebstad på ei lita orientering om den generelle organisering av brannvernet i Sykkylven. Deretter gjekk han i gjennom historikken til bygginga av den nye stasjonen.

Referent vil ikkje gå i detalj om alt dette, men berre ta for seg det han oppfatter som mest vesentleg.

Sykkylven brann- og redningskorps er organisert med ein brannsjef på topp, som er Oddmund Grebstad. Under han er det «Leier for beredskap»: Gjermund Eidem. Sidestilt med «Leier beredskap» er «Leier forebyggende». Denne stillinga er imidlertid vakant og det er feier Kjetil Hanssen som er den næraste til å fungere i denne stillinga.

 

Videre er brannkorpset organisert under Brannsjef  og «Leier beredskap» med 4 vaktlag a 5 mann. Det er også satt opp eit reservevaktlag med 8 mann.

Ansvar og oppgåver er naturleg nok å vere:

-          Innsatsstyrke ved brann.

-          Kan også yte innsats ved brann og ulykker til sjøs.

-          Skal kunne ta seg av handtering av farlig stoff og transport av dette.

-          Skulle det skje alvorlige ulykker, f.eks. i trafikken, må brannvesenet stille opp.

-          Feiing og tilsyn med fyringsanlegg er ei viktig oppgåve.

-          Til sist, men ikkje minst er det informasjons- og motivasjonstiltak mot publikum.    

Når det gjeld det siste er eldre og pleietrengende, innvandrere og flykninger, personer med nedsatt funksjonsevne, barn og unge og andre grupper (rus, psykiatri osv.) ei viktig målgruppe. Og naturlig nok må ikkje befolkninga elles gløymes.

Del 2 av orienteringa var om sjølve brannstasjonen:

Tomtearealet er på 2200 m2. Og sjølve bygget er ganske stort: 1. etasje med 500 m2 og 2. med 255 m2.

Vi som har levd ei stund, veit at brannvesenet har hatt temmelig kummerlige kår ved Kommunehuset. Referent synes å huske at det i alle år har vore drøfta å få bygd ein ny brannstasjon, men at det berre er blitt «med pratet». Økonomien har ikkje tillat dette. Først i 2013 blei det satt av eiga tomt. Forprosjekt med kostnadsoverslag kom i mai 2015. Entreprenører blei valgt i nov. 2015 og byggestart i 2016. I 2017 stod bygget ferdig, og endelig kunne mannskap og brannbiler flytte inn. Det må sjølsagt nemnast at arkitekt og rotary-ven Odd Holen har teikna og planlagt bygget.

Kostnaden for det heile kom på 20 mill. kroner.

Til sist presenterte Oddmund ein interessant statistikk over utrykninger i 2012:

-          Det var 4 bygningsbranner eller tilløp til bygningsbranner.

-          3 anna brann (ferje, bål, bossbøtte)

-          4 pipebranner.

-          2 bilbrann

-          8 trafikkuhell.

-          1 vasskade.

Så var det 40 «unødige» alarmer, men så vidt referent forstår, er unødig kanskje ikkje heilt dekkende for dette. Ein del av disse var, så vidt eg forstår, handlinger før ein ordentlig brann eller ulykke utvikla seg.

 

Etter Oddmund sitt interessante foredrag, viste han oss rundt i det flotte bygget. Og dersom det var liten plass i den gamle brannstasjonene, var det i alle fall rikelig med plass her. Av brannbiler, er det ein bil med tank frå 1991. Denne har drift berre på framhjula, og derfor kan det vere tøft å ta seg fram på glatta om vinteren. Videre ein moderne brannbil som er 10 år gammel, men som ser heilt ny ut. Elles redningsbil og ein kommandobil. Brannvernethar også ein hurtiggående gummibåt, dersom det skulle vere aktuelt med assistanse på sjøen. 

 

 

President Bastian takka Oddmund for foredrag og omvisning, og som ein liten gest fekk han overrakt ei eske konfekt som han og mannskapet kan ta til kaffien i påvente av evt. utrykninger.

Så minte Bastian om neste møte 23. august. Då vil vi få besøk av Speiderene som vil fortelje om turen dei hadde til Bodø.

Referent

Jarle Svindseth


 
Gardsbesøk

28. mai 2016

Gardsbesøk

Gardsbesøk 25. mai hosBastian

Dugnad i Kyrkjeparken

3. mai 2016

Dugnad i Kyrkjeparken

Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.

Sykkylven Næringsutvikling

24. februar 2016

Sykkylven Næringsutvikling

I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no

InterCitymøte  på Berlihuset

20. oktober 2015

InterCitymøte på Berlihuset

Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes

Helse Møre og Romsdal Hf som hovudtema i SRK

9. juli 2015

Helse Møre og Romsdal Hf som hovudtema i SRK

Det opne møtet i Sykkylven Rotary Klubb sist onsdag samla fram mot førti medlemmer og gjester. Alle ville dei høyre det som konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, hadde å seie om sjukehusstruktur og spesialhelsetenesten

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

21. mars 2015

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS