Dugnad i Kyrkjeparken 24.04.2019:



I strålande sommerver hadde medlemane i Sykkylven Rotaryklubb sin årlige dugnad i Kyrkjeparken. Målet med dugnaden er å "shine" opp Parken slik at den er presentabel til konfirmasjoner og seinere 17. mai - feiring.


Denne dagen, i slutten av april, var veret bedre enn ved dei aller fleste sommerdagar. Om dette var grunnen til det gode oppmøte ved vår årlege dugnad i Kyrkjeparken, er vel vanskelig å sei, men det gjorde det neppe noko dårligare.

Målsetninga med dugnaden er todelt: Sjølsagt å rydde i Parken slik at den blir mest mulig presentabel til konfirmasjoner og seinare, 17. mai feiring. Ved sidan av dette edle motivet heilt i Rotary si ånd om «Service above self», er dette ein måte å markere oss i det offentlige rom. Få folk som passerer forbi nysgjerrige på kven vi er og kvar vi kjem i frå. Med andre ord ein fin måte å markedsføre Klubben.

Arbeidet i år gjekk mest ut på å rydde  greiner og kvist som hadde blåst ned i løpet av haust, vinter og vår. Dugnadsleier, Geir stilte med henger, slik at vi fekk køyrt dette bort.

Referent legg ikkje opp til noko grundig referat. Henviser til Olav P sin supre artikkel med bilder som kjem ut laurdag i Sykkylvsbladet. (Referent har lest artikkelen på førehand, heilt super!)

På heimesida blir det mest ein biletkavakade. Sjå under!

 






Referent

Jarle Svindseth


 
Rico Bil AS: Blomstrande bedrift med bil i fokus!

4. juli 2016

Rico Bil AS: Blomstrande bedrift med bil i fokus!

Bedriftbesøk til Rico Bil AS i Ålesund sto på programmet 13. april 2016. Vi vart tekne særs godt i mot av dagleg leiar Jorunn Lundanes og noverande konsulent Fred J. Rishaug. Han grunnla bedrifta i 1988 og sto for leiinga til 2014 då Jorunn tok over.

Bedriftsbesøk til Nyborg AS

27. juni 2016

Bedriftsbesøk til Nyborg AS

Sykkylven Rotary Klubb: Bedriftsbesøk 15. juni 2016 hos Nyborg AS, Sykkylven. http://nyborgfan.com/ Bedrifta produserer vifter og utstyr til ventilasjon i skip, oljeplattformer og alle leveransane blir "skreddarsydde" etter kunden sine behov.

Gardsbesøk

28. mai 2016

Gardsbesøk

Gardsbesøk 25. mai hosBastian

Dugnad i Kyrkjeparken

3. mai 2016

Dugnad i Kyrkjeparken

Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.

Sykkylven Næringsutvikling

24. februar 2016

Sykkylven Næringsutvikling

I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no

InterCitymøte  på Berlihuset

20. oktober 2015

InterCitymøte på Berlihuset

Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

21. mars 2015

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.