Rotarymøte 30.10.2019: Presidenten sin time
På kort varsel måtte bedriftsbesøket til Sykkylven Stål byttast ut med Presidenten sin time. President Petter og AG Greta Herje sørga - saman med 3-minutt-kåsør Bastian Weiberg-Aurdal, for at det vart ein mjuk overgang til eit møte med godt innhald.Sykkylven Rotary Klubb, klubbmøte og Presidenten sin time den
30. oktober 2019 kl. 19.
Skrivar: Olav Pileberg, vikarskrivar
for Jarle S.
President
Petter Velle ønska vel møtt til rotarymøte med Presidenten sin time. NB.: Etter
som herverande skrivar var oppteken med å leite seg fram til bedriftsbesøk hos
Sykkylven Stål på Vikøyra… i følgje nettsida vår, vart det heller ringsleg
referat frå dei første møteminutta. Men, okke som er: i følgje presidenten sin
køyreplan er Dagen i dag namnedag for Aksel (dansk), som kjem frå hebraisk
Absjalom = fredens far. Ånund/ Ove
kanskje av urnordisk anu, som tyder forfader. Av minnedagar kan ein nemne 1536, då
Reformasjonen vart innførd i Danmark-Norge. I 1938 vart det omtrent panikk i
USA, då radioen sende eit høyrespel av Orson Wells, om invasjon frå planeten
Mars. Av nyare hendingar vart det nemnt
tragedien i Göteborg 1998, då 63 ungdommar miste livet i ein diskotekbrann.
Ord for dagen: Det er like gale å stole på alle
som ikkje å stole på nokon.
Rotary-song?
Sjå NB! ovanfor. Deretter: sekretær Kristin om 1) bursdagar, 2)
BUAS, og 3) Frammøte sist veke.
3-minutt var ved Bastian W-Aurdal.

Han fortalde om ein tur til Krakow i Polen
tidlegare denne hausten, saman med eit vennepar. Reisa gjekk med direktefly frå
Vigra til Katowice, som ligg 8 mil unna reisemålet. Krakow er kjend som ein
vakker by med mange interessante objekt for ein turist. Bastian nemnde spesielt
saltgruvene Wielichka, og det at byen står på UNESCO si verdsarvliste.
Hovudfokus i dei 3 minutta fekk likevel utryddingsleirane Auschwitz og
Birkenau. Desse anlegga var dei største og mest effektive som naziregimet
oppretta medan dei hadde makta i området, 1938-1945. «Den endelege løysinga»
let etter seg rundt 6 millionar døde fangar; hovudsakleg jødar, men òg
sovjetiske, polakkar og sigøynarar. Sidan 1992 har Stiftelsen Hvite Busser
til Auschwitz arrangert kunnskapsreiser for norsk skoleungdom, til Polen og
til andre land med liknande leirar. Bastian peika til sist på at trass i all
dokumentasjon og informasjon om alt dette vonde frå 2. verdskrigen, ser vi
likevel i dag oppblomstring av nynazisme i Europa. Det er skremmande!
Etter kaffipausen med Vinlotteri tok President Petter ordet, og fortalde om ei gransking den 2. oktober i klubben der ein stilte spørsmålet: Korleis kan klubben vår verte meir synleg i lokalsamfunnet, og elles til ei kvar tid halde aktivt nettverk ut til medlemmene best mogeleg. Mellom svara som kom inn var nokre stort sett fornøgde som det er, nokre ville samarbeide med andre om kulturarrangement, andre ville samle folk frå andre nasjonar, atter andre ville ta del ved tilskipingar i sentrum… t.d. Sykkylvsdagane, Polio+. Nettverk til medlemmer og folk elles, vert teke i vare gjennom nettsida vår www.sykkylven.rotary.no og på Facebook: Sykkylven Rotaryklubb. Det er viktig at den informasjonen som står på desse sidene er oppdatert og korrekt; til å lite på. Skrivaren vil også poengtere kor viktig det er at meir enn ein kan kunsten å legge inn nytt stoff og redigere desse sidene. Rett som det er vil det vere bruk for ein vikar. «Sida er interessant!» sto det på skjermen.

Presidenten gav så ordet til vår
nye Assisterande distriktsguvernør,
AG SØRE SUNNMØRE Greta Kristi Herje, Sykkylven RK Mob. 917 37 973
E-post: gr-k-her@online.no (Klipt
frå KONTAKTINFORMASJON frå DISTRIKTSORGANISASJONEN på Facebook)
Altså, enkelt sagt: Greta fekk ordet, og ho hadde
vore i lag med distriktsguvernør i D2305 Vigdis Osbak, Alvarheim RK, på rundtur
mellom klubbane på Søre Sunnmøre. Dermed hadde ho tileigna seg informasjon og
inntrykk av korleis klubbane driv. Med unntak av Stranda RK og Sykkylven RK –
som vi frå før kjenner rimeleg bra – fortalde ho om korleis dei driv, - drivnad
og trivnad - både «ute på øyane» og i nabolaget
her på fastlandet. Det er ikkje snakk om store skilnader, men Ulstein Rotary
Klubb fekk ekstra kudos og kredit for ein flott video om kommunen, og for gode
fokusområde lokalt og internasjonalt. Hareid RK, Herøy RK, Volda RK og Ørsta RK
fekk også heiderleg omtale. Vi reknar sjølvsagt med Stranda RK og Sykkylven RK
også, sjølv om dei som før skrive ikkje fekk eigen omtale i kveldens møte. Etter
dette informerte presidenten litt om ein kommande Ølfestival 16. nov. i regi av
Sula RK, før lotterigevinstane vart delte ut og møtet vart avslutta med
presidenten sitt varme ønske om «Vel heim!».
18. mai 2019
Presidenten sin time
President Greta leia Presidenten sin time på beste vis, og fordelte orda mellom Geir Løseth, 3-minutt, og innkommande president Petter Velle, som orienterte om kommande Rotary-år 2019-2020
22. januar 2019
Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.
Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotaryklubb og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano frå Grense - Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige til Sulitjelma og heilt til Lindesnes.
10. februar 2018
Presidenten sin time: Bastian fortel om besøk av 60 framtidige bønder.
Les referat frå Presidenten sin time med Vinlotteri.
11. januar 2018
Rotarymøte 10 . januar 2018:
Les referat av ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.
6. januar 2018
Presidenten sin time med Vinlotteri
Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.
6. januar 2018
Rotarymøte 13.desember 2017
Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.
6. januar 2018
Rotarymøte 6..desember 2017
Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg.
28. oktober 2017
Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:
Les kva vår utvekslingsstudent frå Brasil hadde å berette via skype.
3. februar 2017
Arne Hanssen orienterer om den planlagte Designvegen.
Les referat frå Rotarymøte 1. februar der m.a. Arne Hanssen fortalte om korleis han tenker seg den planlagte Designvegen.
3. februar 2017
Les referat frå Rotarymøte 25. januar:
Rotarymøte 25. januar der bl. a. Kjell Welle fortalte oss litt om teknikken bak dei forskjellige radiosignala.
26. januar 2017
Bedriftsbesøk ved Peterson Emballasje
Les Olav sitt referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved Peterson Fabrikker her i Sykkylven
14. januar 2017
Politimester Ingar Bøen:
Les politimester Ingar Bøen sitt foredrag i Sykkylven Rotaryklubb der han orienterte om den nye Politireforma.
22. desember 2016
Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb 21.des. 2016.
Les om det tradisjonelle Julemøtet i Sykkylven Rotaryklubb.
1. november 2016
Lars P. Riksheim Treindustrier
Les og sjå bilde frå Sykkylven Rotaryklubb sitt bedriftsbesøk 26. oktober 2016
23. oktober 2016
Verda sin poliodag 24. oktober
Sjå og les korleis SRK valgte å markere denne dagen.
22. oktober 2016
Guvernørbesøk og to nye medlemmer i SRK
Stranda Rotaryklubb inviterte til intercitymøte på Stranda Hotel, onsdag 19. oktober, i høve guvernørbesøk frå D 2305.
22. august 2016
Utvekslingsstudent frå Brasil til Sykkylven
Les om Daniel Pedroso som har kome den lange vegen frå Brasil til Sykkylven
2. august 2016
Verdenspresidenten i Rotary 2016/2017: John F. Germ
Les meir om den nye Verdenspresidenten på Nyhendesida vår.