SYKKYLVEN ROTARYKLUBB, MØTE 22.09.21: TEMA «SPEIDERBO»
Oppmøte var utanfor «SpeiderboOppmøte var utanfor «Speiderbo» til vanleg tid kl.19.00, men denne gongen utan både Allsong og 3-minutt. Vi vart imidlertid godt motekne av troppsleiar Steinar Klokk og flokkleiar Marianne Fløttum. Dei orienterte om Speiderbos eigedom, eit relativt stort område, som utanom speidarhuset inneheld garasje/utebod, fleire gapahukar og «gamme» bygt av eigen skog på tomta. Dei ønskjer seg eigentleg tilleggsareal i form av omliggande skogsområde om dette er mogleg. På tomta er det dessutan minst 4 bålplassar, der patruljane kan møtast omkring elden. Der vi stod samla, var det bygt kvadratisk plasserte sittebenkar av halvt rundtømmer, fundamentert på Lecablokker og mellomlegg av trykkimpregnert plank. Det var oppmuntrande for oss frammøtte å høyre at dette var finansiert av gåve frå Rotary! Gjensidige har også vore spandable med gåve på 8 kanoar til speidarane!
Innomhus vart vi trakterte med kake og kaffi. Gruppeleiar Susanne Olli Fauske orienterte om «Speidermetoden - Oppskriften på god speiding». Sykkylven speidergruppe har tilsaman 100 speidarar (flokk og tropp) samt og 10-12 roverar, som er for ei noko høgare aldersgruppe (ferdige med ungdomsskulen). Økonomien i gruppa er basert på kontingent, og balanserer bra, men det inneber «sparing» dersom ein har plan for lengre reiser etc.

Aktivitetar er forutan møte på Speiderbo, trening i speidaraktivitetar, turar i nærområdet og reiser til landsleirar og leirar i utlandet. I år vart det p.g.a. Koronasituasjonen arrangert desentraliserte landsleirar rundt om i landet, m.a. i Velledalen, Sykkylven. Filmsnutt viste flott leir, +28 varmegrader fleire dagar, «haik» med overnatting i det fri, sceneopptreden av Sigrid Raabe og god organisering. - Eit vellykka arrangement av Sykkylven speidergruppe!
Referent Odd Holen
12. oktober 2017
Guvenøren sitt årlige besøk hos Stranda og Sykkylven Rotaryklubb:
Sykkylven og Stranda Rotaryklubber fekk besøk av guvenør for D2305: Wictor Sandvold
29. september 2017
Direktør ved Formfin Møbler, Vibeke Aanning Aarseth
Les referat frå Vibeke sitt møte med Sykkylven Rotaryklubb
23. september 2017
Spesialsjukepleier Mariann Urke frå Hjerterehabiliteringa ved Ålesund sjukehus
"Fysiske og psykiske reaksjoner ved hjerteinfarkt"
9. september 2017
Ingrid van der Velde:
Les referat frå Ingrid sitt flotte foredrag: "Frå Norge til Nederland: Sykkylven på godt og vondt".
5. september 2017
Landsspeiderleiren i Bodø 2017:
Les kva speidarane hadde å fortelle frå Landsspeiderleiren i Bodø 2017.
5. september 2017
Besøk ved den nye Brannstasjonn
Les referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved den nye Brannstasjonen.
29. juni 2017
Presidentskifte.
Les og sjå bilder frå presidentskifte i Sykkylven Rotaryklubb. Bastian tek over som president etter Steven.
26. juni 2017
May Britt og Prosjekt Filippinene:
Les siste Infobrev nr. 20 frå Prosjekt Filipinnene.
17. juni 2017
Utvekslingsstudent Daniel heldt foredrag på norsk om sitt opphald her i Sykkylven.
Les kva Daniel hadde å fortelle frå sitt opphald her i Sykkylven. Sjå også bilder frå "avskjedsfesten".