Referat fra besøk Stranda Industrimuseum 26 oktober

Møtereferat bedriftsbesøk på Stranda Industrimuseum onsdag 26.oktober 2022

Vi var 17 medlemer av Rotaryklubben som reiste over fjellet til Stranda for å besøke Stranda Industrimuseum som vart opna i juni i år.  Vi vart mottekne av to engasjerte personar som guida oss gjennom utstillinga, nemleg Helge Søvik og Reidar Lunde.  Det var heilt fantastisk å sjå alt som dei har klart å samle og utstille av møblar og tekstilprodukt m.m. som har blitt produsert i Stranda kommune frå ca år 1884 og fram til i dag – eit svært breitt spekter av produkt ca 150 i antal som representerer industrien og grunderverksemda i Stranda.  Desse er stilte ut på den 600 kvadratmeter store salen i det som tidlegare var produksjonslokale til Ekornes-fabrikken.

Tre sentrale personar i Stranda si industrihistorie:


Frå venstre:

1.     Peter I. Langlo, i daglegtale berre kalla «PI», grunnla P.I.Langlo fabrikker i 1907.   Etter dette oppstod omtalen «Stranda – Møbelindustriens vogge»

2.     Jon Ringstad starta Ringstads Pølsefabrikk i 1884

3.     Jens Bastian Langlo, i daglegtale berre kalla «JB» starta Langlo`s Elektrisitetsverk i 1912

 

 

Dette bildet viser møbeldesignarar som kjem frå Stranda;

Frå venstre

1.     Per Øie

2.     Peter Opsvik

3.     Jarle Slyngstad

4.     Harald Relling

 

Det var vanskeleg å finne gamle møblar produsert av P.I.Langlo fabrikker, men det viste seg at Ekornes hadde lagra gamle teikningar, og dei var «sporty» nok til å produsere ein salong spesielt til denne utstillinga

 

 

 

Reidar Lunde orienterer om Stranda sin næringsmiddelindustri, Ringstad Pølsefabrikk, Stabburet og Norsk Sjømat

 

Reidar Lunde orienterer om Stranda-bedrifta PLA – MEK som no har flytta produksjonen til Aursnes i Sykkylven – dei er ein stor leverandør av formstøypte komponentar i plast til mellom anna Ekornes

 

Helge Søvik fortel om den elektriske tidtakingsmaskina som strandaren Harald Berge utvikla til Norgesmesterskapet i alpint på Stranda i 1972


Den første Olabuksa i Norge vart produsert på Stranda av bedrifta Møreklær

 

Stranda var også i ein periode stor på konfeksjonsindustri, som t.d. Alvo skjortefabrikk                                                                                                                                        

 

Karl Mjelva starta produksjon av elektriske komfyrer i Geiranger

 

Her ser vi ein fornøgd gjeng frå Sykkylven Rotaryklubb, fullstappa av inntrykk frå Stranda 

si industri- historie, guide Helge Søvik til venstre på bildet.

 

Refererent

Bastian Weiberg-Aurdal

 

 

 

 

 


 
Rico Bil AS: Blomstrande bedrift med bil i fokus!

4. juli 2016

Rico Bil AS: Blomstrande bedrift med bil i fokus!

Bedriftbesøk til Rico Bil AS i Ålesund sto på programmet 13. april 2016. Vi vart tekne særs godt i mot av dagleg leiar Jorunn Lundanes og noverande konsulent Fred J. Rishaug. Han grunnla bedrifta i 1988 og sto for leiinga til 2014 då Jorunn tok over.

Bedriftsbesøk til Nyborg AS

27. juni 2016

Bedriftsbesøk til Nyborg AS

Sykkylven Rotary Klubb: Bedriftsbesøk 15. juni 2016 hos Nyborg AS, Sykkylven. http://nyborgfan.com/ Bedrifta produserer vifter og utstyr til ventilasjon i skip, oljeplattformer og alle leveransane blir "skreddarsydde" etter kunden sine behov.

Gardsbesøk

28. mai 2016

Gardsbesøk

Gardsbesøk 25. mai hosBastian

Dugnad i Kyrkjeparken

3. mai 2016

Dugnad i Kyrkjeparken

Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.

InterCitymøte  på Berlihuset

20. oktober 2015

InterCitymøte på Berlihuset

Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

21. mars 2015

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.