Referat fra medlemsmøte 23.08.2023

Referat frå klubbmøte – Sykkylven Rotary klubb 23.08.2023

 

Opning:            Ny president Knut Henning Aursnes ønskte velkommen til møtet og opna med å tenne eit lys på talarstolen. Dette skal minne oss om målet vårt om å arbeide for fred mellom menneska, og at vi kan starte med oss sjølve her i klubben på møta våre. Vidare var det dagens sang – «Har du fyr».

 

Rolf Hjellegjerde fekk deretter ordet. Han takka for merksemda i høve hans kones bortgang i sommar.

 

3.minutt:          Knut Martin Molnes. Snakka på vegne av medlemskomiteen. Vi treng nye medlemmar for å framleis vere ein vital klubb også i framtida. Han skisserte fleire ulike aktivitetar for rekruttering. Dette var m.a. oppslag, annonsering, bruk av klubben sine FB sider, invitasjon til kjente, RYLA som kan bringe unge inn i klubben, sjå på kva yrker vi har og ikkje har i klubben. Vidare vart vi oppmoda om å kome med eit eller fleire namn på aktuelle kandidatar. Dette kunne vi fylle ut på skjema som vart levert ut.

 

Vinlotteri:         Vinnarar vart Greta på begge flaskene.

 

Presidentens time:

                        Nytt frå SRK:

·       Presidentforum 31.8 her i Sykkylven. Presidenten er teknisk arr, medan AG er vertskap. Gjekk elles litt igjennom programmet.

·       Guvernørbesøk felles for Ørsta, Volda, Stranda og Sykkylven på Volda turisthotell tysdag 5.september. Ope for alle medlemmar. Felles reise via Hundeidvik (samkøyring). Påmelding neste veke eller på utsendt epost. Som ein konsekvens av dette gjeng klubbmøtet 6.september ut.

·       Rotary – ein verdsomspennande organisasjon. Presidenten viste film med virtuell omvising i frå hovudkontoret.

·       Distriktskonferanse med Årsmøte i Eda-Eidskog Rotary klubb, Charlottenberg 22-24 september. Felles busstransport med dei andre klubbane på Sunnmøre. President, Innkomande president og Sekretær reiser frå klubben. Dersom andre har lyst til å bli med så er det opning for det, mot at ein betalar kostnadane sjølv. Frist for påmelding er måndag 38.august. Fortalde elles litt om innhaldet på konferansen.

 

 

 


 
Rico Bil AS: Blomstrande bedrift med bil i fokus!

4. juli 2016

Rico Bil AS: Blomstrande bedrift med bil i fokus!

Bedriftbesøk til Rico Bil AS i Ålesund sto på programmet 13. april 2016. Vi vart tekne særs godt i mot av dagleg leiar Jorunn Lundanes og noverande konsulent Fred J. Rishaug. Han grunnla bedrifta i 1988 og sto for leiinga til 2014 då Jorunn tok over.

Bedriftsbesøk til Nyborg AS

27. juni 2016

Bedriftsbesøk til Nyborg AS

Sykkylven Rotary Klubb: Bedriftsbesøk 15. juni 2016 hos Nyborg AS, Sykkylven. http://nyborgfan.com/ Bedrifta produserer vifter og utstyr til ventilasjon i skip, oljeplattformer og alle leveransane blir "skreddarsydde" etter kunden sine behov.

Gardsbesøk

28. mai 2016

Gardsbesøk

Gardsbesøk 25. mai hosBastian

Dugnad i Kyrkjeparken

3. mai 2016

Dugnad i Kyrkjeparken

Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.

InterCitymøte  på Berlihuset

20. oktober 2015

InterCitymøte på Berlihuset

Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

21. mars 2015

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.