Presidenten sin time 4 oktober 2023

Presidentens time.

 

Presidenten starta møtet med å tenne eit lys.

Song: Olav Pileberg introduserte song for dagen «Det er lauvfallstid...» av Henrik Straumsheim.

Info. frå sekretæren: 33 % oppmøte på siste møte.

3 min.: Geir Løseth. Tema: Renter.

Stikkord: 

- Finanspolitikken har størst betydning for renteutviklinga.

- Tar ofte tid før renteendring gjer utslag på økonomien.

- Stoda no; - Høg inflasjon. 

 

Delmål 1: Prisauke på 2 %

Stor inflasjon kan føre til pris-og lønsauke ut av kontroll

«Coronaperioden»: 0 % rente, blei fylgt av kraftig rente på kort tid. Er toppen nådd no?

Sentralbanken fastset den «korte» renta. Den «lange» rente vert bestemt av markedet.

Delmål 2: Høg sysselsetting. 

Liten arbeidsløyse no, sjølv om det skil seg noko frå bransje til bransje.

Den norske krona er svekka i høve til dollar og euro, - mykje pga rentenivået.

Eit viktig moment: - Høg belastning i norske hushaldingar.

I perioden juni til no, renteauke på 1 %. Auka rente fører til lågare kjøpekraft negativ reallønsvekst. Forventning om reallønsvekst på 1 %.

Scenario: Høg rente framover, men reduksjon på 1 – 1,5 % på kort sikt.

No situasjon, - heldig for dei som har innskot i banken. 

Presidenten har ordet:

Først : RYLA (Rotary youth leadership award) dette rotaryåret på Thon Hotell i Ålesund 13. april 2024.


Tema for dagen: Økonomi og samfunnsutvikling. Korleis er stoda i Sykkylven?

Status: 7607 innbyggarar. Ca 50/50 fordeling mellom kjønna. 2022: 52 født, 51 døde.

Negativ befolkningsutvikling på – 40 personar siste kvartal.

Innvandringa i kommunen: Litauen og Polen dei største gruppene. 

Prognose for folketalsutviklinga: 2030: 7323 innb. 2050: 6873 innb.

Pr dato: 2688 einebustader, 1427 leilegheiter. Pendlinga ut av kommunen (2022) 830 personar. Inn til kommunen 597 personar.

Bilparken: Bensin – dieselbilar største gruppe. Elbil og hybrid mykje mindre (enn så lenge?)

Kommunalt rekneskap pr innbyggar: inntekter : 85443 kr.  Utgifter: 87431 kr.

Helse og omsorg største utgiftspost, barnehage og grunnskule nest størst.

Referent : Steinar N

 
Rico Bil AS: Blomstrande bedrift med bil i fokus!

4. juli 2016

Rico Bil AS: Blomstrande bedrift med bil i fokus!

Bedriftbesøk til Rico Bil AS i Ålesund sto på programmet 13. april 2016. Vi vart tekne særs godt i mot av dagleg leiar Jorunn Lundanes og noverande konsulent Fred J. Rishaug. Han grunnla bedrifta i 1988 og sto for leiinga til 2014 då Jorunn tok over.

Bedriftsbesøk til Nyborg AS

27. juni 2016

Bedriftsbesøk til Nyborg AS

Sykkylven Rotary Klubb: Bedriftsbesøk 15. juni 2016 hos Nyborg AS, Sykkylven. http://nyborgfan.com/ Bedrifta produserer vifter og utstyr til ventilasjon i skip, oljeplattformer og alle leveransane blir "skreddarsydde" etter kunden sine behov.

Gardsbesøk

28. mai 2016

Gardsbesøk

Gardsbesøk 25. mai hosBastian

Dugnad i Kyrkjeparken

3. mai 2016

Dugnad i Kyrkjeparken

Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.

InterCitymøte  på Berlihuset

20. oktober 2015

InterCitymøte på Berlihuset

Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

21. mars 2015

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.