Medlemsmøte med presentasjon av Hole Geoscanning

Sykkylven Rotary Klubb, møte 18. oktober 2023 i Banksalen.

Referat.

1.    Past-President Knut Molnes opna, ønska velkommen og tente eit lys.

2.    Allsong v/ Olav P.: Det er lenge sidan no. Dette er ei gammal (revy-) vise frå 1947, dikta av Karstein Oddmund Vik,- arkitekten som også var Distriktsguvernør i Rotary, og hadde nådegåva å dikte. 

3.    Steinar Klokk formidla frammøte-statistikk m.m. 

4.    3-minutt v/ Petter Velle. Han tok føre seg soga om ein kjennning frå Ungarn, som tidleg på morgonen den 24. februar 2022 – ringde for å fortelje drengen Petro om invasjonen. Familiar i Ungarn ønska å flykte til Noreg. Slik gjekk det til at Jogarden – med god hjelp frå kommunen og naboar – greidde å ta mot ni personar frå Ungarn. 




5.    Sveler  og kaffi-pause.

6.    Foredraget for kvelden handla om det nystarta tiltaket (i Enhetsregisteret 15.03.2021) Hole Geoscanning AS. Espen Hove frå Stranda, gift med ei kvinne frå Velledalen, fortalde og greidde ut om den forvitnelege data-teknikken som ved hjelp av scanning «ser» under jorda,- ned til to meters djupne. Firmaet opererer, etter to og eit halvt år, frå Harstad i nord til Stavanger i sør. Ved å lese teksten på bileta,- og gå inn på https://www.holegeoscanning.no/  får du eit lite innblikk i kva firmaet står for og kan tilby. 
Etter foredraget fekk Espen stor takk og ein liten, kortreist presang frå SRK, ved Past-President Knut Molnes. Så, til oss alle: Takk for i kveld og vel heim!









Referat og bilete: Olav Pileberg


 
Rico Bil AS: Blomstrande bedrift med bil i fokus!

4. juli 2016

Rico Bil AS: Blomstrande bedrift med bil i fokus!

Bedriftbesøk til Rico Bil AS i Ålesund sto på programmet 13. april 2016. Vi vart tekne særs godt i mot av dagleg leiar Jorunn Lundanes og noverande konsulent Fred J. Rishaug. Han grunnla bedrifta i 1988 og sto for leiinga til 2014 då Jorunn tok over.

Bedriftsbesøk til Nyborg AS

27. juni 2016

Bedriftsbesøk til Nyborg AS

Sykkylven Rotary Klubb: Bedriftsbesøk 15. juni 2016 hos Nyborg AS, Sykkylven. http://nyborgfan.com/ Bedrifta produserer vifter og utstyr til ventilasjon i skip, oljeplattformer og alle leveransane blir "skreddarsydde" etter kunden sine behov.

Gardsbesøk

28. mai 2016

Gardsbesøk

Gardsbesøk 25. mai hosBastian

Dugnad i Kyrkjeparken

3. mai 2016

Dugnad i Kyrkjeparken

Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.

InterCitymøte  på Berlihuset

20. oktober 2015

InterCitymøte på Berlihuset

Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

21. mars 2015

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.