Sykkylvsdagane 12 - 16 juni 2024 - Lola Day Care Center
Sykkylvsdagane 2024, 12.-16. juni


Sykkylven Rotary Klubb (SRK) har omtrent heilt frå starten av Prosjekt Filippinene i 2001, vore med og støtta det store velferdsprosjektet som May Britt og Oddbjørn Tynes starta saman med dottera Lone Tynes Anderson. Gjennom desse meir enn tjue åra har deira innsats, saman med mange gode støttespelarar både på Filippinane og i Noreg, gjort at Prosjekt Filippinene har vakse og utvikla seg frå eit reint vatn - vasspumpe-prosjekt til eit komplett hjelpeprosjekt i og rundt byen Bogo på øya Cebu. Atten vass-brønnar med pumpe, førskule, skule, bygningsmaterialar til tre hundre bustadar etter tyfon-katastrofen i 2013, velferdstiltak for dei innsette i fengsel,… berre for å ha nemnt noko. To frå SRK tok turen rundt halve jorda i februar 2020, og fekk sjå med eigne auge korleis dei forskjellige elementa i prosjektet fungerte. Lola (bestemor) May Britt, Lolo Oddbjørn og Ma’am Lone har i alle desse åra jamleg tilført materielle ressursar og pengar til dette «mønsterbruket» i og rundt Bogo. Når dei kjem på besøk, er det «Stor Oppstandelse» i byen!
Sjå og les vedlagde informasjon, og besøk gjerne heimesida www.prosjektfilippinene.no eller på Facebook: Prosjekt Filippinene – LOLA DAY CARE CENTER.

Bilde: frå Standen under Sykkylvsdagane, 15. juni 2024. Frå venstre: «Ma’am» Lone Tynes Anderson med lykkehjulet, spesialprodusert av pappa Oddbjørn, Innkommande president i SRK, Nils Arve Kjemphol Schwartz, påtroppande vakt Arild Sporsheim, «Lola» May Britt Tynes, Helge Standal, påtroppande vakt Svein Erik Kampenes.



Tekst og foto, Olav P
22. januar 2019
Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.
Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotaryklubb og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano frå Grense - Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige til Sulitjelma og heilt til Lindesnes.
10. februar 2018
Presidenten sin time: Bastian fortel om besøk av 60 framtidige bønder.
Les referat frå Presidenten sin time med Vinlotteri.
11. januar 2018
Rotarymøte 10 . januar 2018:
Les referat av ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.
6. januar 2018
Presidenten sin time med Vinlotteri
Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.
6. januar 2018
Rotarymøte 13.desember 2017
Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.
6. januar 2018
Rotarymøte 6..desember 2017
Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg.
28. oktober 2017
Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:
Les kva vår utvekslingsstudent frå Brasil hadde å berette via skype.
21. oktober 2017
Hjerte- lungeredning: Ved spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde:
Spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde heldt ei bokstavelig livsviktig foredrag om hjerte og lungeredning ved Rotarymøte 18. oktober.