«Det er vårdag i skogen, det spretter og gror, og sangen du hører er fuglenes kor…» Ja, Torbjørn Egner kan få sagt det! Alle vi andre kan tralle det og sanse vårstemninga både på eigen grunn og, til dømes i Kyrkjeparken. Den årvisse Rotary-dugnaden har tretti års tradisjon, minst, og i løpet av eit par timar skifter området klednad frå vinter-ruske-kostyme til vakker vår-kolleksjon i området rundt leikeplassen og ved innkøyringane til kyrkja.
Samarbeid
Dei siste åra har Sykkylven kommune stilt med traktor og romsleg hengar som rommer det klubbmedlemmene vinn å samle saman på to timar; hovudsakleg visna greiner, lauv og ugras. Kyrkja held med trillebårer, og rotaryanarane det som elles trengs av reiskapar. Vel og bra. I tillegg poppar det opp på dataskjermen «Del din kjærlighet til planeten for Earth Day», Jordens dag. Dette er som eit globalt samarbeid med siktemål å rydde opp i nærmiljøet,- til dømes i fjøra langs fjorden. Her vil Rotary-klubbane rundt i landa vere med og ta eit tak. SRK har fokus også på dette tiltaket.
Arbeidslyst, humør og kompetanse
Det er nokså tydeleg at medlemmene i rotaryklubben har ein god del eigenpraksis i hagestell på eigen grunn. Arbeidet går med liv og lyst, fynd og klem, og på den kommunale hengaren vert smilet breiare og breiare etter kvart som lass på lass frå trillebårene fyller opp mellom karmane. Greta Herje, med tillit på øvste nivå i Distrikt 2305 som District Trainer/ Executive Secretary og med tilgang på det meste innan Rotary International (RI), tykkjer SRK er ein godt driven klubb som gjennom året har gode program og bedriftsbesøk i tillegg til dei ulike prosjekt som klubben støttar. Ho opplyser dessutan at RI omfattar 45000 klubbar i 200 land og geografiske område.
Fotografering, Kaffipause og matbit
Fotografen er bestemt: ikkje kaffi før den felles fotograferinga er på plass! Dermed blir den obligatoriske formaliteten unnagjort i ein fei og matfreden kan senke seg saman med hyggeleg prat - i takt med inntak av nysteikte sveler frå Kjellaug Roald og ny energi til «finaleomgangen» av arbeidsinnsatsen denne vakre onsdags vårkvelden. Heilt etter Rotary sitt motto: «Service Above Self».
Dei tjue frammøtte frå venstre: Roger, Kristian Aurdal Wales, Petter, Ilyas, Svein Erik, Jan, Rolf, Bjørg, Linda, Geir, Odd, Ingrid (bak), Knut Martin, Greta, Olav, Arild, Helge, Øyvind, Knut Jarle, Bastian.
Ingrid Velde med velfylte termoskanner til matpausen. Bjørg som bar svelene, var alt i sving med neste oppgåve.
Ingen mangel på rusk til trillebåra, meiner Svein Erik og Rolf.
Prosjektleiar Knut Jarle Vik styrer feiemaskinen, medan Greta Herje, Linda Aurdal Wales og sonen Kristian (ved lyktestolpen) held seg til rivene. NB: i går, torsdag, vart det sett i gong RYLA samling over tre dagar i Ålesund. Dette er i regi av Rotary, som leiar-trening for lovande ungdommar. Kristian og ein til tek del frå SRK.
Edelgranene hadde også bruk for litt «frisering» av uønska greiner. Arild med motorsag er «frisørmeister» medan Karl Johan ser til at resultatet blir bra.
Stig ser til at vesle Dagny har det supert på leikeplassen.
Bjørg har profesjonelt drag på plenriva!
Rolf, Petter og Knut Martin har ingen problem med å fylle trillebåra.
Ein halv time før slutt, tek hengaren til å fyllast opp. Geir, Rolf, Bastian (delvis skjult) og Kristian tømmer lett enno eit lass oppi.
Referent: Olav Pileberg
3. februar 2017
Rotarymøte 25. januar der bl. a. Kjell Welle fortalte oss litt om teknikken bak dei forskjellige radiosignala.
26. januar 2017
Les Olav sitt referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved Peterson Fabrikker her i Sykkylven
14. januar 2017
Les politimester Ingar Bøen sitt foredrag i Sykkylven Rotaryklubb der han orienterte om den nye Politireforma.
22. desember 2016
Les om det tradisjonelle Julemøtet i Sykkylven Rotaryklubb.
1. november 2016
Les og sjå bilde frå Sykkylven Rotaryklubb sitt bedriftsbesøk 26. oktober 2016
23. oktober 2016
Sjå og les korleis SRK valgte å markere denne dagen.
22. oktober 2016
Stranda Rotaryklubb inviterte til intercitymøte på Stranda Hotel, onsdag 19. oktober, i høve guvernørbesøk frå D 2305.
22. august 2016
Les om Daniel Pedroso som har kome den lange vegen frå Brasil til Sykkylven
2. august 2016
Les meir om den nye Verdenspresidenten på Nyhendesida vår.
7. juli 2016
Ny president i Sykkylven Rotary Klubb 2016-2017 er Steven Blindheim. Presidentskiftet var 29. juni, og 6. juli leia Steven sitt første ordinære rotarymøte. Mellom anna orienterte han om klubben, som nettopp har passert sine 60 år. Charterdato er 5. juli.