Medlemsmøter med Presidenten sin time
Sykkylven Rotary Klubb; møte 5. november 2025. Presidenten sin time,
referat v/ Olav Pileberg.
1) President Kristin Grebstad ønska velkommen til klubbmedlemmene. Ingen gjester.
2) Allsong: Barn av regnbuen; YouTube Lillebjørn Nilsen, barn og orkester, 1973.
3) Sekretær Steinar Klokk: sist bedriftsbesøk til Miljøhus AS, Håhjem. 16 frammøtte.
4) 3-minutt: Roger Kornberg fortalde,- som ein introduksjon til Magnar Kvalvåg på neste møte, om forandring i eigarskap og strukturar innan bedrifter,- som t.d. Gjensidige Sykkylven, der Magnar er dagleg leiar og Roger er styreleiar,- eller i Kongsberg-gruppen, der Roger har sitt daglege virke. Aksjemarknaden reagerer kjapt negativt når forandringar oppstår. «Forandring fryder» er slett ikkje noko allmenngyldig munnhell innan industri og næringsliv. I 2026 vil Sykkylven ha hatt sitt eige forsikringsselskap/ branntrygdelag i 140 år,- sidan 1886. Frå nyttår 2026 vil vårt forsikringsselskap slutte å selje forsikringar som er generert av Gjensidige. Frå då er det Frende Forsikring som gjeld som ny samarbeidspartnar. Meir om dette i kommande Rotary-møte.
5) Kaffi/ kaker/ vinlotteri.
6) Orientering frå Presidenten: a) om lyssettinga og treffpunkt Berlihuset den 24.oktober, på Den internasjonale Polio-dagen. Treffpunktet samla fire gjester og ein hund, utanom klubbmedlemmene. Økonomisk resultat vil kasserar Hallgeir Lade gjere greie for når han kjem på møte. b) om språkkafé på Sykkylven Frivilligsentral. Ny lokasjon i etasjen over biblioteket her, kvar tysdag, frå kl.18 -19.30. SRK har fått spørsmål om nokon frå klubben har høve til å møte, for å «prate i veg» med våre nye landsmenn, på norsk. Utfordringa er med dette gitt vidare! c) Nytt møtelokale til klubben. Styret har kika på Næringsfabrikken og Frivilligsentralen. Sistnemnde sigler opp som favoritt. Reglar og vilkår lyt på plass før lokalet kan takast i bruk. Inngang vil vere på motsett side i same bygget som vi er i no. Tove Sperre er vertinne for lokalet. d) Komitéarbeid: medlemmene fordeler seg til dei ulike gruppene som dei høyrer til, og samtaler om ymse ting som er viktig for komitéen sitt arbeid. Her er ikkje referert frå samtalene rundt borda, med unntak av eit tema frå vår gruppe, CICO. Til vitande: referat frå Rotary-møta skal helst vere kortfatta og lettlesne. Ikkje «side opp og side ned».
7) Referat frå samtalene og trekking av lotteriet. Deretter: takk for i kveld og vel heim, frå President Kristin.
3. februar 2017
Arne Hanssen orienterer om den planlagte Designvegen.
Les referat frå Rotarymøte 1. februar der m.a. Arne Hanssen fortalte om korleis han tenker seg den planlagte Designvegen.
3. februar 2017
Les referat frå Rotarymøte 25. januar:
Rotarymøte 25. januar der bl. a. Kjell Welle fortalte oss litt om teknikken bak dei forskjellige radiosignala.
26. januar 2017
Bedriftsbesøk ved Peterson Emballasje
Les Olav sitt referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved Peterson Fabrikker her i Sykkylven
14. januar 2017
Politimester Ingar Bøen:
Les politimester Ingar Bøen sitt foredrag i Sykkylven Rotaryklubb der han orienterte om den nye Politireforma.
22. desember 2016
Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb 21.des. 2016.
Les om det tradisjonelle Julemøtet i Sykkylven Rotaryklubb.
1. november 2016
Lars P. Riksheim Treindustrier
Les og sjå bilde frå Sykkylven Rotaryklubb sitt bedriftsbesøk 26. oktober 2016
23. oktober 2016
Verda sin poliodag 24. oktober
Sjå og les korleis SRK valgte å markere denne dagen.
22. oktober 2016
Guvernørbesøk og to nye medlemmer i SRK
Stranda Rotaryklubb inviterte til intercitymøte på Stranda Hotel, onsdag 19. oktober, i høve guvernørbesøk frå D 2305.
22. august 2016
Utvekslingsstudent frå Brasil til Sykkylven
Les om Daniel Pedroso som har kome den lange vegen frå Brasil til Sykkylven
2. august 2016
Verdenspresidenten i Rotary 2016/2017: John F. Germ
Les meir om den nye Verdenspresidenten på Nyhendesida vår.