Medlemsmøte med Sykkylven Gjensidige
Klubbmøte Sykkylven Rotaryklubb onsdag 12.11.2025
President Kristin ynskte gjest Magnar Kvalvåg og medlemmar velkomen.
Song: Vi skal male dagen blå, piano Olav
Orientering frå sekretæren: Sist møte, 71% oppmøte, president Kristin fyller år på laurdag,
3minutt: Knut Henning
Tittel på 3min, Suwalki-korridoren NATOs svakeste punkt.

Suwalki- korridoren er eit smalt landområde på 65 km, (på grensa mellom Litauen og Polen) der Russland kan angripe frå to kantar og isolere Estland, Latvia og Litauen, dersom Putin verkeleg ynskjer å gjenopprette Sovjetunionen.
Knut Henning stilte og spørsmål om NATO er viljuge til å forsvare dei tre baltiske natostatane om Russland skulle angripe.
Info: Kristin informerte om at klubben har vore i kontakt med BUAS, om å vere med på å pynte/setje opp lys ved BUAS. Ho ga ordet til Svein Erik, leiar i Prosjekt/Service som orienterte vidare. Dei har hatt kontakt med den nyoppretta Trivselsringen, som treng hjelp med det praktiske. Mogleg dugnad 29. nov. Meir info kjem.
Rotarykaffi med sveler.
Program
Sykkylven brannkasse
Vår vei til ny bestevenn
Frende forsikring.

Kvalvåg orienterte om Gjensidige si 200 år lange historie og kom inn på endringane som har vore. Det vert lagt meir og meir vekt på teknologi(AI) og sjølvbetening, medan mange kundar ynskjer personleg oppfyljing.
Kvalvåg formulerte seg slik «No er ikkje tida ute-men slik det ser ut så er det styret og administrasjonens oppfatning at ny avtale med Gjensidige er problematisk.
Gjensidige gjekk på børs, stadig meir sentralisering, kostnadseffektivisering, mindre tilstedeværelse, lavere KTI, fokus på god avkastning for aksjeeigarane.
Ynskje om lokal tilstedeværelse og personlig oppfølging gjer at ein vel ein ny bestevenn Frende. Eit framoverlent selskap, vi blir hørt, vi får rom til å vere oss sjølv, vi er sikker på at vi får rom til å bidra, vi blir med en utfordrer, strategisk eierskap.
Referent Bjørg
22. januar 2019
Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.
Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotaryklubb og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano frå Grense - Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige til Sulitjelma og heilt til Lindesnes.
10. februar 2018
Presidenten sin time: Bastian fortel om besøk av 60 framtidige bønder.
Les referat frå Presidenten sin time med Vinlotteri.
11. januar 2018
Rotarymøte 10 . januar 2018:
Les referat av ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.
6. januar 2018
Presidenten sin time med Vinlotteri
Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.
6. januar 2018
Rotarymøte 13.desember 2017
Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.
6. januar 2018
Rotarymøte 6..desember 2017
Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg.
28. oktober 2017
Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:
Les kva vår utvekslingsstudent frå Brasil hadde å berette via skype.
21. oktober 2017
Hjerte- lungeredning: Ved spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde:
Spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde heldt ei bokstavelig livsviktig foredrag om hjerte og lungeredning ved Rotarymøte 18. oktober.