Styremøte 1 oktober 2025
Referat styremøte i Sykkylven Rotaryklubb 01.10.2025
Til stades:
Kristin Grebstad, Hallgeir Lade, Odd Jostein Drotninghaug, Svein Erik Kampenes.
Forfall: Nils Arve Schwartz , Steinar Klokk, Ilyas Degirmenci, Roald Mork
SAK 1; Komitearbeid
Gjernnomgang av kva som er oppgåvene til dei ulike komiteane. Kan vere vanskelig å vite kva oppgåver som ligg til dei ulike komiteane. Vi bør lage ein instruks for kvar komitè.
Klubb/adm har ansvar for liste over kjøkkenvakter, Kristin har laga for hausthalvåret.
SAK 2; Guvenørbesøk Volda 7.oktober
Kristin kan ikkje reise til Volda, og det er også mange frå styret som ikkje kan fordi det er i haustferien. Greta Herje tek ansvar for å presentere vår klubb, Kristin lagar ein presentasjon som skal brukast. Vi oppmodar flest mulig til å reise innover slik vi er godt representert, og det er også viktig å delta på fellesarr.
SAK 3; End Polio-aksjonen 24.10
Vi har fått lov til å lyssette Berlihuset den 24.10 kl.19.00. Kristin ordnar omtale i Nyss, i samarbeid med Stranda Rotaryklubb. Vi må også vere aktive på sosiale media for å skape merksemd om aksjonen. Svein Erik tek ansvar for den praktiske gjennomføringa saman med medlemmar i komitéen sin. Vi har bålpanne, steiker sveler og har kaffi. Vi gir vekk dette, men oppmodar folk om å vippse til aksjonen.
SAK 4; Medlemsverving
Kva er status med arbeidet Nikolai Karlsen var leigd inn til å gjere? Nils Arve må ta dette vidare.
Vi må tør å endre på ting for å trekke til oss nye medlemmar.
Samarbeide med andre om program og nye møtelokaler kan vere aktuelt.
FAVN og Næringsfabrikken kan vere akuelle å samarbeide med om program.
Styret ynskjer nye lokaler og Næringsfabrikken og Frivilligsentralen kan vere aktuelle. Vi sjekker opp dette.
SAK 5; Innkomande president
Det er utfordrande å få folk til å ta på seg vervet som innkomande president. Vi vil helst ikkje bruke «oppatt» presidentar, vil gjerne ha nokon som ikkje har hatt den rolla tidlegare. Det har vore oppmoda på møter, det har vore snakka med personar og det har vore sendt ut epost, men ingen respons. Kristin lagar ei liste over dei som ikkje har vore, og tek ein ringerunde.
SAK 6; Lys på BUAS
Rotary kan ta ansvar for å få opp noko lys på området ved BUAS. Vi tek ein tur for å sjå på dette, og så tek Svein Erik kontakt med leiinga på BUAS for å høyre kva som kan vere aktuelt.
Kristin Grebstad
3. februar 2017
Arne Hanssen orienterer om den planlagte Designvegen.
Les referat frå Rotarymøte 1. februar der m.a. Arne Hanssen fortalte om korleis han tenker seg den planlagte Designvegen.
3. februar 2017
Les referat frå Rotarymøte 25. januar:
Rotarymøte 25. januar der bl. a. Kjell Welle fortalte oss litt om teknikken bak dei forskjellige radiosignala.
26. januar 2017
Bedriftsbesøk ved Peterson Emballasje
Les Olav sitt referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved Peterson Fabrikker her i Sykkylven
14. januar 2017
Politimester Ingar Bøen:
Les politimester Ingar Bøen sitt foredrag i Sykkylven Rotaryklubb der han orienterte om den nye Politireforma.
22. desember 2016
Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb 21.des. 2016.
Les om det tradisjonelle Julemøtet i Sykkylven Rotaryklubb.
1. november 2016
Lars P. Riksheim Treindustrier
Les og sjå bilde frå Sykkylven Rotaryklubb sitt bedriftsbesøk 26. oktober 2016
23. oktober 2016
Verda sin poliodag 24. oktober
Sjå og les korleis SRK valgte å markere denne dagen.
22. oktober 2016
Guvernørbesøk og to nye medlemmer i SRK
Stranda Rotaryklubb inviterte til intercitymøte på Stranda Hotel, onsdag 19. oktober, i høve guvernørbesøk frå D 2305.
22. august 2016
Utvekslingsstudent frå Brasil til Sykkylven
Les om Daniel Pedroso som har kome den lange vegen frå Brasil til Sykkylven
2. august 2016
Verdenspresidenten i Rotary 2016/2017: John F. Germ
Les meir om den nye Verdenspresidenten på Nyhendesida vår.