Årsmøte 2024 - 2025
Klubb/Årsmøte Sykkylven Rotary Klubb 3. desember 2025
President Kristin ynskte velkomen til presidentens time og årsmøte.
Song: Julepresangen av Prøysen
Info frå sekretær: Oppmøte sist møte 21personar, permisjon 5, oppmøteprosent 70%
3 minutt, Halstein Lillevik
Hallstein orienterte om det lange samarbeidet mellom Sykkylven Rotary Klubb og Speidargruppa. Det er no 103 speidarar som møtest kvar veke. Rotaryklubben har to representantar i styret for Speidargruppa. Det har vore arbeidd med å få Speidarhuset/Speidarbo hensiktsmessig organisert. Det er no registrert i Brønnøysund- registeret som «Speiderhuset i Sykkylven» og er ei foreining eigd av Sykkylven speidargruppe og Rotary. Det vert arbeidd med organisatoriske endringar for Boens legat. Vidare vert det arbeidd med ny veg og parkeringsplass, avtale med Brødrene Aursnes om areal mot vest, bygging av carport, vurdere sikring av areal på syd og austsida og oppussing innvendig.

Kaffi og drøs. Vinlotteri
Denne kvelden var det julebrød med brunost.
Årsmøte
Val av møteleiar:
Presidenten vald
Val av skrivar:
Bjørg Velle vald
Godkjenning av årsmelding:
Årmeldinga vart godkjend med desse merknadane:
· Framtidige årsmeldingar skal ha med informasjon om Rotaryklubben si rolle i Speidargruppa. H. Lillevik lagar eit samandrag av sitt 3. min som skal leggast ved denne Årsmeldinga.
· Under overskrifta Styret i Sykkylven Rotary Klubb, under Funksjon skal det setjast inn:
Prosjekt- Knut Vik
Program- Arild Sporsheim
· Under punktet Strandrydding skal Drabløsstranda føyast til.
· Under prosjekt/ aktivitetar: Avslutta prosjekt «Vakt i Ullavikkrysset»skal føyast til,
Speidarbo/Speidarane, Økonomisk støtte, skal sum støtte setjast inn,
det same gjeld Lola Day-care Center sum støtte skal setjast inn,
Ryla skal setninga Ingen aktivitet i rotaryåret endrast til : 2 deltakarar.
Naturmøteplass- Dugnad våren 25, skal føyast til.
Rekneskap: Godkjend utan merknad.
Fastsetjing av kontingent: Styret sitt framlegg om inga endring av kontingenten vart vedteke.
Budsjett: Framlegget til budsjett var vedteke utan endring.
Orientering om handlingsplan. President Kristin ynskte at klubben skulle vere meir synleg i lokalmiljøet og samarbeide meir med ulike grupper i bygda.
Val ved innkomande president, Steinar Klokk
Innkomande president | Steinar Klokk |
TRF | Knut Martin Molnes |
Past president | Kristin Grebstad |
Kasserer | Hallgeir Lade |
Sekretær | Sindre Stuen |
Prosjekt | Svein Erik Kampenes |
CIEO | Ingrid van der Velde |
Program | Ilyas Degirmenci |
CICO | Roald Mork |
Revisor Kai Otto Roald.
Styret vart deretter oppfordra til å arbeide med matkasser som skal delast ut i bygda i høve jula.
13. juni 2017
Kjell Løseth fortel om identitetstjuveri.
Les referat frå møte i SRK der Kjell fortel om identitetstjuveri og mester -identitetstjuv Viggo Johan Ørbak.
22. april 2017
Vårt nye medlem Sindre Stuen heldt sitt Egoforedrag 19. april.
Les Sindre sitt foredrag frå eit spennende liv både til lands og til vanns.
8. april 2017
Visepresidenten sin time 5. april.
Les kva visepresident Bastian hadde å fortelle frå Presidentkurset (PETS) på Dombås 1. og 2. april. Les også kva sokneprest Helge fortalte om sin situasjon etter oppseiinga av sin jobb som prest.
1. april 2017
Fredrik Støyva Emblem frå Ålesund Kunnskapspark (åkp)besøker Sykkylven Rotaryklubb
Les referat frå det interessante og framtidsretta foredraget som Fredrik heldt 29. mars i Sykkylven Rotaryklubb.
25. mars 2017
Marit Akslen besøker Sykkylven Rotaryklubb.
Les referat frå Tekstilkunstner Marit Akslen sitt besøk i Sykkylven Rotaryklubb der ho presenterer sin kunst
17. mars 2017
På besøk hos Torunn Kjemphol og hennar Galleri 2K
Les referat og sjå bilder frå vårt besøk hos Torunn Kjemphol og Galleri K2 i Tusvika.
10. mars 2017
Steinar Klokk held sitt ego/yrkesforedrag
Les referat frå Rotarymøte på Kvinnedagen 8. mars og spesielt vår nye medlem Steinar Klokk sitt flotte ego/yrkesforedrag.
23. februar 2017
Bedriftsbesøk hos Ove Straumsheim Glas og Fasader
Les om Sykkylven Rotaryklubb sitt flotte og interessante besøk hos Ove Glas og Fasader på "Tangholmen" i Straumgjerde.
18. februar 2017
Velferdsteknologi ved komunalsjef Eli Otterlei
Les referat frå kommunalsjef Eli Otterlei sitt flotte og grundig foredrag om velferdsteknologi