Julemøte 17 desember 2025

Sykkylven Rotary Klubb; julemøte17. desember 2025, i lokalet til Sykkylven Frivilligsentral.  
referat v/ Olav Pileberg.


1)      President Kristin Grebstad ønska velkommen til klubbmedlemmene. Gjest: Kjetil Tandstad.

2)      Allsong: «Det lyser i stille grender av tindrande ljos i kveld.» Olav P. ved pianoet. Pianisten, som også er ansvarleg for å velje allsong til møta, er noko betenkt over at lokalet ikkje har lagringsplass verken til Rotary sin gode gitar, eller dei mange mappene med songar som er komne til gjennom tjue år. Heller ikkje dei mange Rotary-vimplane til å pryde borda med er med på «flyttelasset». Vonlegvis finn vi ei løysing på dette også. Lokalet elles var koseleg og innbaud til lange møte!

3)      Kåseri ved Kjetil Tandstad. Han har lang røynsle etter eit langt liv som journalist, og m.a. som redaktør for «Årbok for Sykkylven» i ei årrekke. I dette møtet delte han med oss i ti minutt tankar om bøker.  Er det lenge sidan de las ei bok? -undrast han,- utan å få høyrbare svar. Det er visst «gått heilt av moten», som han sa. Då han tok med seg nokre sjølvskrivne bøker til bokhandlaren på Stranda for å få dei selde, var kommentaren… «Det er mange som skriv bøker, men ikkje mange som vil lese.» Vi scrollar på nettet. Henrik Wergeland si utsegn «Bokhyllen er den stige, du bliver din overmann lige.»…gjeld ikkje lenger. Barna har gått frå å vere «Sjarmtroll til å vere Skjermtroll.» Rett og slett: eit interessant kåseri til ettertanke i og om tida vi lever i.   President Kristin meinte å ha registrert dei same tendensane,- sjølv om ho, heilt rett, peika på boka som populær presang under juletréet.

4)      Kaffi og kaker var i dag bytta ut med bordvers «på juletonen» og eit rikhaldig «koldtbord», (sjå bilde!). Karamell-pudding med krem og kaffi etterpå. Du store tid! Til sist song vi, tradisjonen tru, «Deilig er jorden».

5)      Orientering frå Presidenten: etter som Kristin og fleire skulle gå på konsert i kyrkja kl. 19, (Oddgeir Bruaset o.fl. kor, m.a.) vart møtet avslutta litt før kl. 19. Dei som sat att, kosa seg med «mat og prat» til fram mot 19.30.

6)       God Jul og vel møtt i 2026, den 7. januar.

 

 

 

 

 

 









 

Referent: Olav Pileberg




 
Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

22. januar 2019

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotaryklubb og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano frå Grense - Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige til Sulitjelma og heilt til Lindesnes.

Rotarymøte 10 . januar 2018:

11. januar 2018

Rotarymøte 10 . januar 2018:

Les referat av ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.

Presidenten sin time med Vinlotteri

6. januar 2018

Presidenten sin time med Vinlotteri

Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

6. januar 2018

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

Referat frå koselig julemøte 20. desember 2017

Rotarymøte 13.desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 13.desember 2017

Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.

Rotarymøte 6..desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 6..desember 2017

Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg.

28. desember 2017

Presidenten sin time med Årsmøte

Les referat frå Årsmøtet

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

28. oktober 2017

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

Les kva vår utvekslingsstudent frå Brasil hadde å berette via skype.

Hjerte- lungeredning: Ved spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde:

21. oktober 2017

Hjerte- lungeredning: Ved spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde:

Spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde heldt ei bokstavelig livsviktig foredrag om hjerte og lungeredning ved Rotarymøte 18. oktober.

Guvenøren sitt årlige besøk hos Stranda og Sykkylven Rotaryklubb:

12. oktober 2017

Guvenøren sitt årlige besøk hos Stranda og Sykkylven Rotaryklubb:

Sykkylven og Stranda Rotaryklubber fekk besøk av guvenør for D2305: Wictor Sandvold