Medlemsmøte med Presidenten sin time
Klubbmøte 7.januar kl.19.00
Tema: Presidentens time m/vinlotteri.
President Kristin ynskte Godt nytt år og velkomen til møte.
Song: Auld Lang Syne med Olav ved pianoet. Dette plar vere første song etter nyttår kunne han fortelje.
3 minutt ved Geir Brekke.
Geir var frustrert over krava til dokumentasjon i dei fleste næringar. Altfor krevjande for små aktørar og leia til at mange gav opp vidare drift. Dessutan vart dette ein stor ekstrakostnad utan særleg verdi for nokon, var hans meining.
Presidentens time:
Kristin starta med å syne takkehelsing frå Julehjarte 25, der klubben bidrog med 5.000 kr. Heile 230 personar har motteke matkasser og/ eller gåver.
Likeins samarbeidet med Venneringen BUAS, der klubben har fått positive tilbakemeldingar og rosande omtale.
To aktivitetar der klubben vert meir synleg lokalt, noko som er eit av måla våre.
Leiar i programkomiteen Ilyas orienterte om arbeidet i komiteen og planane framover.
Fellestur, samarbeid med andre klubbar vart nemt og elles program med Rotary sine verdiar i fokus og info om kva som rører seg i bygda.
Til slutt orienterte presidenten om rutinene i det nye møtelokalet, som vi skal nytte i alle fall fram til vinterferien. Vi har ikkje tilgang til nok lager i dei nye lokala, men får nytte lageret vi har hatt i kjellaren.
Rutiner møtelokala
· Kjøkkenvakter møter kl.18.15
· Hente vogn på lager nede (kjede, vimplar, sanghefter, kaffi, te, vin+lodd når det er vinlotteri)
· Sette til borda + dekke borda
· Koke kaffi (bruke kannene til Frivilligsentralen
· Låse døra ned kl 19.00!
· Tømme oppvaskmaskina, tømme silen!
· Lokala skal sjå ut slik dei gjorde når vi kom
Referent Bjørg
4. juli 2016
Rico Bil AS: Blomstrande bedrift med bil i fokus!
Bedriftbesøk til Rico Bil AS i Ålesund sto på programmet 13. april 2016. Vi vart tekne særs godt i mot av dagleg leiar Jorunn Lundanes og noverande konsulent Fred J. Rishaug. Han grunnla bedrifta i 1988 og sto for leiinga til 2014 då Jorunn tok over.
27. juni 2016
Bedriftsbesøk til Nyborg AS
Sykkylven Rotary Klubb: Bedriftsbesøk 15. juni 2016 hos Nyborg AS, Sykkylven. http://nyborgfan.com/ Bedrifta produserer vifter og utstyr til ventilasjon i skip, oljeplattformer og alle leveransane blir "skreddarsydde" etter kunden sine behov.
3. mai 2016
Dugnad i Kyrkjeparken
Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.
20. oktober 2015
InterCitymøte på Berlihuset
Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes
21. mars 2015
KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund
Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.