Medlemsmøter med Therese Hovland fra Gi Glede
Referat frå møte i Sykkylven Rotaryklubb onsdag 14.01.2026
President Kristin ynskte velkomen til møte. Ho ynskte spesielt velkomen til Therese Hovland som skal fortelle om organisasjonen Gi Glede.
Presidenten fortalte at oppdatert kjøkken liste var sendt ut i dag.
Song: Bursdag song til Hallstein Lillevik.
Allsong: Syng syng og ver glad.
3 minutt, Rolf Hjellegjorde
Rolf orienterte om Naturmøteplassen som ga god pr til Rotary. Naturmøteplassen ligg ved Bakkedammen og består av 2 gapahuker. Naturmøteplassen er eit tilbod til alle som har høve til å gå tur på dagtid. Rotary har deltatt 11 gonger, koka og servert kaffi. Medlemmar som deltok frå klubben fekk også invitasjon til å delta på frivilligheit middag som takk for innsatsen. Dei fekk også ei teikning frå Signe Åsen. Mandag 19.01.2026 skal det vere eit møte om Naturmøteplassen der ein skal diskutere om tilbodet skal halde fram.
Kaffi og drøs
Dagleg leiar Therese Hovland orienterte om organisasjonen Gi Glede. Gi Glede er ein hjelpeorganisasjon som held til i kjellaren på Hjøregården i Aure sentrum.Dei har halde til i Hjørnegården sidan 2024.
- Kva er Gi Glede?
- hjelpeorganisasjon
- inkluderingsarena
- kreativ
- sosial samlingsplass
- julehjelp
- gjenbruk
- arbeidstrening
- språktrening
- fattigdomsbekjemping
Formål: Skape glede og inkludering for barn, unge og familiar som står i fare for å falle utanfor sosialt økonomisk eller helsemessig.

Therese ser at Gi Glede trengs. Ho har ei bekymring og det er i forhold til økonomien.
Frø til Gi Glede starta i 2016 etter ein tur med Emanuel hjelpande hender til ein barneheim i Ukraina. Frøet spirte vidare også etter ein tur til Latvia i 2019.
Koronaen gjorde at Gi Glede måtte vende fokuset meir lokalt. Eldre fekk blomster med kyrkja, Gi Glede var med å pakke. Barna i småskulen fekk «forundringspakke « med støtte frå lokalt næringsliv.

Gi Glede gir også hjelp til sambygdinger som slit økonomisk med klede, sko, møbler m.m. Dei gir også hjelp til flyktningar.
Inntekter kjem frå Gjenbrukbutikken og gåver frå frivilligheita.
Gi Glede er ein liten lokal organisasjon, men har eit stort internasjonalt nettverk.
President Kristin takka til slutt Therese for eit godt foredrag, og at dei gjer ein særs viktig jobb.

President Kristin opplyste at neste møte er onsdag 21.01.2026. Klubben får då besøk av Caroline Harstad som er utdanna interiørarkitekt og møbeldesigner frå Kunsthøgskolen i Bergen.
15.01.2026
Skrivar Steven Blindheim
22. januar 2019
Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.
Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotaryklubb og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano frå Grense - Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige til Sulitjelma og heilt til Lindesnes.
11. januar 2018
Rotarymøte 10 . januar 2018:
Les referat av ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.
6. januar 2018
Presidenten sin time med Vinlotteri
Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.
6. januar 2018
Rotarymøte 13.desember 2017
Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.
6. januar 2018
Rotarymøte 6..desember 2017
Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg.
28. oktober 2017
Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:
Les kva vår utvekslingsstudent frå Brasil hadde å berette via skype.
21. oktober 2017
Hjerte- lungeredning: Ved spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde:
Spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde heldt ei bokstavelig livsviktig foredrag om hjerte og lungeredning ved Rotarymøte 18. oktober.
12. oktober 2017
Guvenøren sitt årlige besøk hos Stranda og Sykkylven Rotaryklubb:
Sykkylven og Stranda Rotaryklubber fekk besøk av guvenør for D2305: Wictor Sandvold