Medlemsmøter med Therese Hovland fra Gi Glede

Referat frå møte i Sykkylven Rotaryklubb onsdag 14.01.2026


President Kristin ynskte velkomen til møte. Ho ynskte spesielt velkomen til Therese Hovland som skal fortelle om organisasjonen Gi Glede. 

Presidenten fortalte at oppdatert kjøkken liste var sendt ut i dag. 

Song: Bursdag song til Hallstein Lillevik.

Allsong: Syng syng og ver glad. 

3 minutt, Rolf Hjellegjorde

Rolf orienterte om Naturmøteplassen som ga god pr til Rotary. Naturmøteplassen ligg ved Bakkedammen og består av 2 gapahuker. Naturmøteplassen er eit tilbod til alle som har høve til å gå tur på dagtid. Rotary har deltatt 11 gonger, koka og servert kaffi. Medlemmar  som deltok frå klubben fekk også invitasjon til å delta på frivilligheit middag som takk for innsatsen. Dei fekk også ei teikning frå Signe Åsen. Mandag 19.01.2026  skal det vere eit møte om Naturmøteplassen der ein skal diskutere om tilbodet skal halde fram.

Kaffi og drøs

Dagleg leiar Therese Hovland orienterte om organisasjonen Gi Glede. Gi Glede er ein hjelpeorganisasjon som held til i kjellaren på Hjøregården i Aure sentrum.Dei har halde til i Hjørnegården sidan 2024.

  • Kva er Gi Glede?
  • hjelpeorganisasjon
  • inkluderingsarena
  • kreativ
  • sosial samlingsplass
  • julehjelp
  • gjenbruk
  • arbeidstrening 
  • språktrening
  • fattigdomsbekjemping

Formål: Skape glede og inkludering for barn, unge og familiar som står i fare for å falle utanfor sosialt økonomisk eller helsemessig. 

Therese ser at Gi Glede trengs. Ho har ei bekymring og det er i forhold til økonomien.  

Frø til Gi Glede starta i 2016 etter ein tur med Emanuel hjelpande hender til ein barneheim i Ukraina. Frøet spirte vidare også etter ein tur til Latvia i 2019. 

Koronaen gjorde at Gi Glede måtte vende fokuset meir lokalt. Eldre fekk blomster med kyrkja, Gi Glede var med å pakke. Barna i småskulen fekk «forundringspakke « med støtte frå lokalt næringsliv.

Gi Glede gir også hjelp til sambygdinger som slit økonomisk med klede, sko, møbler m.m. Dei gir også hjelp til flyktningar. 


Inntekter kjem frå Gjenbrukbutikken og gåver frå frivilligheita.


Gi Glede er ein liten lokal organisasjon, men har eit stort internasjonalt nettverk. 


President Kristin takka til slutt  Therese for eit godt foredrag, og at dei gjer ein særs viktig jobb. 

President Kristin opplyste at neste møte er onsdag 21.01.2026. Klubben får då besøk av Caroline Harstad som er utdanna interiørarkitekt og møbeldesigner frå Kunsthøgskolen i Bergen.


15.01.2026 

Skrivar Steven Blindheim 






 
Rico Bil AS: Blomstrande bedrift med bil i fokus!

4. juli 2016

Rico Bil AS: Blomstrande bedrift med bil i fokus!

Bedriftbesøk til Rico Bil AS i Ålesund sto på programmet 13. april 2016. Vi vart tekne særs godt i mot av dagleg leiar Jorunn Lundanes og noverande konsulent Fred J. Rishaug. Han grunnla bedrifta i 1988 og sto for leiinga til 2014 då Jorunn tok over.

Bedriftsbesøk til Nyborg AS

27. juni 2016

Bedriftsbesøk til Nyborg AS

Sykkylven Rotary Klubb: Bedriftsbesøk 15. juni 2016 hos Nyborg AS, Sykkylven. http://nyborgfan.com/ Bedrifta produserer vifter og utstyr til ventilasjon i skip, oljeplattformer og alle leveransane blir "skreddarsydde" etter kunden sine behov.

Gardsbesøk

28. mai 2016

Gardsbesøk

Gardsbesøk 25. mai hosBastian

Dugnad i Kyrkjeparken

3. mai 2016

Dugnad i Kyrkjeparken

Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.

InterCitymøte  på Berlihuset

20. oktober 2015

InterCitymøte på Berlihuset

Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

21. mars 2015

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.