Medlemsmøte med Presidenten sin time
Referat frå møte Sykkylven Rotaryklubb onsdag 04.02.2026
President Kristin ynskte velkomen til møte ,og presidenten sin time.
Allsong: De nære ting.
Sekretæren Steinar Klokk opplyste at forrige møte var det eit oppmøte på 21. 3 har permisjon frå klubben. Gir ein oppmøte prosent på 53%.
3 minutt ved Bjørg Dyrkorn Velle
President rotaryvenna
Som vi har høyrt i tidlegare 3minutt er berekraft og klimaavtrykk i vinden innan dei fleste sektorar. I landbruket like så. Forbrukarkrav og politiske vedtak gjer at berekraft og klimaavtrykk er ord med konsekvensar. Når du handlar og registrerer varene i Trump appen kan du sjå klimaavtrykket av varene du har i handlekorga.
Matvarekjedene vil ha dokumentasjon på varene dei har i butikken. Å kunne dokumentere berekraft har vorte eit konkurransefortrinn. Berekraft vert tungt vekta i offentlege innkjøp, minimum 30%. Likeins viktige ved opptak av lån i bank.
Fokus på berekraft trur eg mange bønder alltid har hatt, men ikkje så vande med å dokumentere klimaavtrykk.
Men vi snakkar om ei gruppe som er vande med endringar og raske omstillingar, tilpassingsdyktige.
Dokumentasjon er viktig innan dei fleste sektorar for å luke ut useriøse aktørar eller farlege produkt. På sist møte vart det snakka om risiko ved bestilling av helseprodukt utan dokumentasjon.
Det manglar heller ikkje på varslar om farlege stoff i billige leiker frå Temu
Vi vil vite kva produkta inneheld og korleis dei er produsert.
Berekraft i landbruket betyr å produsere nok og trygg mat utan å
øydelegge klima, miljø eller framtidige generasjonar sine moglegheiter til å utnytte naturressursane.
Mange bønder har eit ønske om å levere frå seg garden i betre stand enn då ein tok over. Det er berekraftig.
Tine deler allereie ut ein berekraftpris til produsentar og dokumentert berekraft gir auka mjølkepris pr liter.
Det meste er på plass og mykje er dokumentert, så utfordinga vert å registrere meir av det gode arbeidet på fornuftig vis.
Nytt datasystem er på trappene EANA 360 som skal bli eit nyttig reiskap vidare. Mange har teke det i bruk og det blir kursing.Bruk av klimakalkulator og utarbeidd klimaplan er mange som har.
Trur dette vil gå seg til etter kvart for dei fleste.
Bra for bonden, forbrukaren og miljøet.
Kaffi drøs og vinlotteri
Etter kaffe snakka president Kristin Grebstad om Rotary sin handlingsplan.

Viser til dei 4 punkta i handlingsplanen.


Deretter gjekk ho gjennom programet som blir framover. Programmet ligger på Event appen til Rotary.

Til slutt viste ho bilder frå Rotary-møter i USA som Linda Karin Aurdal Wales har sendt.
04.02.26
Skrivar Steven Blindheim
4. juli 2016
Rico Bil AS: Blomstrande bedrift med bil i fokus!
Bedriftbesøk til Rico Bil AS i Ålesund sto på programmet 13. april 2016. Vi vart tekne særs godt i mot av dagleg leiar Jorunn Lundanes og noverande konsulent Fred J. Rishaug. Han grunnla bedrifta i 1988 og sto for leiinga til 2014 då Jorunn tok over.
27. juni 2016
Bedriftsbesøk til Nyborg AS
Sykkylven Rotary Klubb: Bedriftsbesøk 15. juni 2016 hos Nyborg AS, Sykkylven. http://nyborgfan.com/ Bedrifta produserer vifter og utstyr til ventilasjon i skip, oljeplattformer og alle leveransane blir "skreddarsydde" etter kunden sine behov.
3. mai 2016
Dugnad i Kyrkjeparken
Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.
20. oktober 2015
InterCitymøte på Berlihuset
Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes
21. mars 2015
KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund
Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.