Styremøte 11 febr 2026


Til stades: Kristin Grebstad, Knut Martin Molnes, Roald Mork, Sindre Stuen, Ilyas Degirmenci, Nils Arve Schwartz, Hallgeir Lade, Svein Erik Kampenes, Steinar Klokk

 

Sak 1:    Møtelokale, avgjersle om lokasjon vidare.

                  Etter ein runde i styret vart det konkludert med at vi held fram her også vidare.

 

Sak 2:    Medlemsverving

Nils Arve vil ta oppatt dialogen med Nikolai Karlsen ifht profilering på FB, og om han har andre tankar for korleis ein kan verve nye medlemmar.

 

Sak 3:    Program framover. Utvida opplegg 8.april når Sevrin Roald kjem?

    • - Kristin legg ut liste om turen til NTNU og sikker straum 25.februar på møtet i dag.
    • - Ilyas minte om torskemiddagen i lag med Stranda Rotary klubb 10.3 
    • - Ilyas legg ut liste i dag.
    • - Kristin lufta forslag om at vi kunne opna opp for eit meir ope møte med Sevrin Roald 8.april. Vi vurderer Næringsfabrikken som alternativt lokale. 
    • - Lage eit opplegg der vi både informerar om Rotary og ein presentasjon av Sevrin. Ilyas held dialogen med Sevrin og jobbar ut ein presentasjon som kan nyttast i forkant. 
      • - Invitere naboklubbane.
      • - Ilyas og Kristin har ansvaret for arrangementet, og tek med andre på det dei treng hjelp til.
    • - Ilyas gjekk gjennom det vi elles har av program framover
    • - Minner om dugnad i Kyrkjeparken 29.april.

Sak 4:    Fellestur i mai. Forslag?

·       Innspel

o   Sagastad, Nordfjordeid

o   Tur innover Storfjorden med båt med guiding og informasjon om fjordgardane langs fjorden.

·       President og Innkomande president jobbar fram eit forslag.

 

Sak 5:    Eventuelt

·       Justere informasjonen på Brønnøysundregisteret. Steinar fiksar dette.

·       Oppdatere informasjonen på Heimesida. Roald fiksar dette.

·       PC til klubben. Roald har fiksa ein PC til klubben. Vi har ein lisens på office, men manglar lisens til pcen og ein for leiar av program. Roald sjekkar kostnadar og kjem tilbake til styret med dette. Vi er avhengige av å ha ting på stell, og det er greit at det er skikkeleg når vi skal ha presentasjonar.

·       Spørsmål om mottak av innkomande utvekslingsstudent, evt dele med andre klubbar. Utvekslingsstudenten vil kome i januar 2027. Presidenten luftar med dei andre medlemmane i klubben om det er nokon som kan tenke seg å ta imot. Vi må og ta dialogen med Stranda om evt deling. Det er ein kostnad på om lag 25.000 kr for klubben, evt halvparten om vi deler med ein annan klubb. Sinder tek kontakt med Stranda for å undersøke om det er aktuelt med eit samarbeid.

·       Det har kome søknad frå Straumen 4H om støtte til deltaking på Landsleir. Gjeld 5 ungdommar på leir i Sortland. Totalbudsjett 30.000 kr. Ingen definert sum i  søknaden. Vi støtter dei med 2500 kr.

·       Sindre lyfta fram ønske frå Høbben om støtte til opparbeiding av uteområdet. Han ber dei utarbeide ei prosjektskise med kostnadar og innhald.

·       Vi har fått førespurnad frå Høbben om hjelp for å køyre ut Fastelavensbollar  fredag 13.februar. Kristin luftar dette på dagens klubbmøte.

 


 
Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

22. januar 2019

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotaryklubb og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano frå Grense - Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige til Sulitjelma og heilt til Lindesnes.

Rotarymøte 10 . januar 2018:

11. januar 2018

Rotarymøte 10 . januar 2018:

Les referat av ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.

Presidenten sin time med Vinlotteri

6. januar 2018

Presidenten sin time med Vinlotteri

Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

6. januar 2018

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

Referat frå koselig julemøte 20. desember 2017

Rotarymøte 13.desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 13.desember 2017

Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.

Rotarymøte 6..desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 6..desember 2017

Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg.

28. desember 2017

Presidenten sin time med Årsmøte

Les referat frå Årsmøtet

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

28. oktober 2017

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

Les kva vår utvekslingsstudent frå Brasil hadde å berette via skype.

Hjerte- lungeredning: Ved spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde:

21. oktober 2017

Hjerte- lungeredning: Ved spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde:

Spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde heldt ei bokstavelig livsviktig foredrag om hjerte og lungeredning ved Rotarymøte 18. oktober.

Guvenøren sitt årlige besøk hos Stranda og Sykkylven Rotaryklubb:

12. oktober 2017

Guvenøren sitt årlige besøk hos Stranda og Sykkylven Rotaryklubb:

Sykkylven og Stranda Rotaryklubber fekk besøk av guvenør for D2305: Wictor Sandvold