Styremøte 11 febr 2026
Til stades: Kristin Grebstad, Knut Martin Molnes, Roald Mork, Sindre Stuen, Ilyas Degirmenci, Nils Arve Schwartz, Hallgeir Lade, Svein Erik Kampenes, Steinar Klokk
Sak 1: Møtelokale, avgjersle om lokasjon vidare.
Etter ein runde i styret vart det konkludert med at vi held fram her også vidare.
Sak 2: Medlemsverving
Nils Arve vil ta oppatt dialogen med Nikolai Karlsen ifht profilering på FB, og om han har andre tankar for korleis ein kan verve nye medlemmar.
Sak 3: Program framover. Utvida opplegg 8.april når Sevrin Roald kjem?
- - Kristin legg ut liste om turen til NTNU og sikker straum 25.februar på møtet i dag.
- - Ilyas minte om torskemiddagen i lag med Stranda Rotary klubb 10.3
- - Ilyas legg ut liste i dag.
- - Kristin lufta forslag om at vi kunne opna opp for eit meir ope møte med Sevrin Roald 8.april. Vi vurderer Næringsfabrikken som alternativt lokale.
- - Lage eit opplegg der vi både informerar om Rotary og ein presentasjon av Sevrin. Ilyas held dialogen med Sevrin og jobbar ut ein presentasjon som kan nyttast i forkant.
- - Invitere naboklubbane.
- - Ilyas og Kristin har ansvaret for arrangementet, og tek med andre på det dei treng hjelp til.
- - Ilyas gjekk gjennom det vi elles har av program framover
- - Minner om dugnad i Kyrkjeparken 29.april.
Sak 4: Fellestur i mai. Forslag?
· Innspel
o Sagastad, Nordfjordeid
o Tur innover Storfjorden med båt med guiding og informasjon om fjordgardane langs fjorden.
· President og Innkomande president jobbar fram eit forslag.
Sak 5: Eventuelt
· Justere informasjonen på Brønnøysundregisteret. Steinar fiksar dette.
· Oppdatere informasjonen på Heimesida. Roald fiksar dette.
· PC til klubben. Roald har fiksa ein PC til klubben. Vi har ein lisens på office, men manglar lisens til pcen og ein for leiar av program. Roald sjekkar kostnadar og kjem tilbake til styret med dette. Vi er avhengige av å ha ting på stell, og det er greit at det er skikkeleg når vi skal ha presentasjonar.
· Spørsmål om mottak av innkomande utvekslingsstudent, evt dele med andre klubbar. Utvekslingsstudenten vil kome i januar 2027. Presidenten luftar med dei andre medlemmane i klubben om det er nokon som kan tenke seg å ta imot. Vi må og ta dialogen med Stranda om evt deling. Det er ein kostnad på om lag 25.000 kr for klubben, evt halvparten om vi deler med ein annan klubb. Sinder tek kontakt med Stranda for å undersøke om det er aktuelt med eit samarbeid.
· Det har kome søknad frå Straumen 4H om støtte til deltaking på Landsleir. Gjeld 5 ungdommar på leir i Sortland. Totalbudsjett 30.000 kr. Ingen definert sum i søknaden. Vi støtter dei med 2500 kr.
· Sindre lyfta fram ønske frå Høbben om støtte til opparbeiding av uteområdet. Han ber dei utarbeide ei prosjektskise med kostnadar og innhald.
· Vi har fått førespurnad frå Høbben om hjelp for å køyre ut Fastelavensbollar fredag 13.februar. Kristin luftar dette på dagens klubbmøte.
4. juli 2016
Rico Bil AS: Blomstrande bedrift med bil i fokus!
Bedriftbesøk til Rico Bil AS i Ålesund sto på programmet 13. april 2016. Vi vart tekne særs godt i mot av dagleg leiar Jorunn Lundanes og noverande konsulent Fred J. Rishaug. Han grunnla bedrifta i 1988 og sto for leiinga til 2014 då Jorunn tok over.
27. juni 2016
Bedriftsbesøk til Nyborg AS
Sykkylven Rotary Klubb: Bedriftsbesøk 15. juni 2016 hos Nyborg AS, Sykkylven. http://nyborgfan.com/ Bedrifta produserer vifter og utstyr til ventilasjon i skip, oljeplattformer og alle leveransane blir "skreddarsydde" etter kunden sine behov.
3. mai 2016
Dugnad i Kyrkjeparken
Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.
20. oktober 2015
InterCitymøte på Berlihuset
Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes
21. mars 2015
KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund
Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.