Medlemsmøter med Brunstad Kraft
Sykkylven Rotary Klubb; møte 11. februar 2026, i lokalet til Sykkylven Frivilligsentral.
1) President Kristin Grebstad ønska velkommen til klubbmedlemmene, og til gjesten Oddbjørn Brunstad. Ho informerte om styremøte, der det vart bestemt å halde fram i lokalet til Frivilligsentralen. (Referenten merka seg ny krok på veggen, for klubben sin gitar!)
2) Allsong: «Det hainnle om å leve», side 7 i SRK Songhefte. Artisten Anne Kathrine «Kine» Hellebust f. desember 1954 i Harstad fekk synge via YouTube på storskjerm, og det var bra, etter som feil med heisa gjorde at songhefte, presidentkjede o.a. ikkje rakk fram tidsnok. Uffa meg!
3) 3-minutt v/ Ove Straumsheim. Tema: 3-minutt i SRK. Med utgangspunkt i SRK sitt 50-års hefte, v/ nemnd leia av Peder Myrstad, kom det fram at i dei første klubb-åra heitte det «Ordet fritt» ved starten av møtet. Sidan dei ulike medlemmene ofte var noko «taletrengde» vart det etter kvart eit påtrengande behov for å justere taletida. Dermed vart det bestemt at tre minutt kunne vere ei høveleg, øvre grense for det frie ordet. Det høyrer med til referatet at Ove greidde seg godt på under fire minutt,- absolutt «innafor». Han nemnde også besøka sine i mange klubbar både utan- og innanlands… og oppmoda oss andre om å gjere likeeins.
4) Info frå Ingrid Velde: ho hadde nyss vore på besøk til mor si i byen Franeker i Nederland. På eit bakeri traff ho grunnleggaren av «Menn av stål»; eit firma som lagar kunstverk av stål. (Du kan google «Mannen van Staal» i Leeuvarden, NL) Grunnleggaren hadde invitert Ingrid til medlemsskap i Rotary for ti år sidan, men då vart det ikkje. No vart det hjarteleg gjensyn, med «opdatering» sidan sist, og med besøk i klubben. Her fekk ho informere om klubben vår, og attpåtil ete lunsj. Samanlikn elles med Ove si oppmoding til sist, under pkt. 3.
5) Statistikk v/ Steinar Klokk: 56 % frammøte sist.
6) Kaffi/ te og ein matbit. Rolf og Jan servitørar.
7) Kåseri: Kveldens kåsør, Oddbjørn Brunstad, presenterte seg sjølv som ein «passiv bonde» og skogbrukar. Dagleg leiar av Brunstad Kraft, dei siste ti åra og leiar av inntil fem andre kraftverk, samtidig. Med god innsikt og fagleg tyngde tok han oss med på ein presentasjon, kalla «Kraft og småkraft.» Han titulerte elles vårt gode medlem Ilyas D. som «verdens blidaste mann» som det var umulig å seie nei til invitasjon frå! (Kanskje SRK får bruke dette siste i marknadsføringa si?) Sykkylven har seks vasskraftverk: Nye Riksheim nedre, (Nesten 30 GWH), Riksheimdal, Brunstad,- 13 GWH, kom i drift år 2010, Ramstaddal, Velle kraft – i drift 2003 (Med SRK medlem Petter Velle som grundaren: han start opp før dei andre.), Tusvik/ Hatlemark. Aurdal kraft er truleg under planlegging. For tida, med kald vinter og lite nedbør, står dei fleste, eller leverer minimalt. Vassmengda er den minste på mange, mange tiår, sa Oddbjørn. Sykkylven har eit forbruk på 120-130 GWH i året. Produksjonen er ca 65 GWH,- noko som gjer Sykkylven akkurat halv-sjølvforsynt med kraft. Resten blir importert frå sør og nord. Takk vere den kraftige straumlinja som går gjennom kommunen sørover til Sogn, og med transformator-stasjonen på Heiane, er det ikkje vanskeleg å få behovet dekka. I Noreg er det i dag nesten 900 småkraftverk: dei nyttar elvar til drift av generatorane sine, og har som regel ikkje utbygt magasin. Den samla produksjonen frå desse er rundt 12 TWH; d.v.s. 8-9 % av landet sitt samla behov. Om småkraftverka IKKJE hadde funnest, ville prisen pr. kilowatt-time vore om lag 2,3 øre høgare. Alt dette, og mykje meir, fekk vi høyre frå den allvitande kraftleverandøren frå Velledalen. Brunstad Kraft sine nettsider http://www.brunstadkraft.no/ og Statkraft sine: https://www.statkraft.no/ gir god og oppdatert informasjon om kraftsituasjonen i Sykkylven og Noreg. Til slutt var det mange spørsmål frå tilhøyrarane som fekk gode svar. Eit lite hint var det også om Småkraft-dagane i Bergen, ultimo mars 2026: https://www.smakraftforeninga.no/
8) President Kristin takka så mykje for den interessante orienteringa frå sambygdingen sin, og overrekte lokalprodusert Hjarteburger til han, med hjarteleg takk frå oss alle.
9) Presidenten minte så om møteplanen frametter: I vinterferien veke 8, onsdag den 25. febr. blir møtet lagt til NTNU, Ålesund. Tema: «Sikker strømtilførsel». Avreise frå parkeringa ved biblioteket kl. 16.40. Ferje 16.50. Den 4. mars blir det samling i Velledalen Grendahus. 10. mars: Stranda Rotary inviterer til «Torskeaften». 11. mars: Møtefri. Sjekk elles «Events» på nettsida SRK.
10) Vel heim!
Dagleg leiar i Brunstad Kraft, Oddbjørn Brunstad, besøkte Sykkylven Rotary Klubb 11. februar 2026. Med god innsikt og fagleg tyngde tok han oss med på ein presentasjon, kalla «Kraft og småkraft.»
(Høveleg bilde på open nettside.)
Dei seks dysene som sender vasstrålane mot skovlane og omdannar den frie krafta i elvevatnet til elektrisk vasskraft: til nytte for oss abonnentane som kjøper krafta til bustadane våre, eller til industrien, som vil drifte næringslivet i mor Noreg.
Vatn med 22 kilos trykk blir spylt inn i skovlane på løpehjulet. Opninga på dei 6 dysene blir automatisk justert i forhold til vassnivået oppe i inntaket. Dysene blir opna symmetrisk opp til fastsett maks-effekt på 3.750 KW
Frå nettsida til www.brunstadkraft.no
Nøkkeldata:
6-strålers BREKKE Peltonturbin: Slukeevne 0,04 - 2,0 m3/sek
og TES synkron generator med kontroll-og apparatanlegg
levert av ENERGI-TEKNIKK AS
Installert max effekt: 3.730 KW
Minste køyrbare effekt: 70 KW
Netto fallhøgde: 225 meter
Rørgate: Ø 100 cm, lengd 1753 meter, levert av Brødrene Dahl
Slukeevne: 2,0 m3/sek
Nedbørsfelt: 9 km2, normal-vassføring 1,1 m3/sek
Hittill gjennomsnittleg produksjon: 1.450 KW
Årsproduksjon: 11 - 14 GWh
Referat v/ Olav Pileberg.
29. september 2017
Direktør ved Formfin Møbler, Vibeke Aanning Aarseth
Les referat frå Vibeke sitt møte med Sykkylven Rotaryklubb
23. september 2017
Spesialsjukepleier Mariann Urke frå Hjerterehabiliteringa ved Ålesund sjukehus
"Fysiske og psykiske reaksjoner ved hjerteinfarkt"
9. september 2017
Ingrid van der Velde:
Les referat frå Ingrid sitt flotte foredrag: "Frå Norge til Nederland: Sykkylven på godt og vondt".
5. september 2017
Landsspeiderleiren i Bodø 2017:
Les kva speidarane hadde å fortelle frå Landsspeiderleiren i Bodø 2017.
5. september 2017
Besøk ved den nye Brannstasjonn
Les referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved den nye Brannstasjonen.
29. juni 2017
Presidentskifte.
Les og sjå bilder frå presidentskifte i Sykkylven Rotaryklubb. Bastian tek over som president etter Steven.
26. juni 2017
May Britt og Prosjekt Filippinene:
Les siste Infobrev nr. 20 frå Prosjekt Filipinnene.
17. juni 2017
Utvekslingsstudent Daniel heldt foredrag på norsk om sitt opphald her i Sykkylven.
Les kva Daniel hadde å fortelle frå sitt opphald her i Sykkylven. Sjå også bilder frå "avskjedsfesten".
13. juni 2017
Kjell Løseth fortel om identitetstjuveri.
Les referat frå møte i SRK der Kjell fortel om identitetstjuveri og mester -identitetstjuv Viggo Johan Ørbak.