Sykkylven Rotaryklubb inviterte Severin Roald til foredrag. Tema: Kunsten å skape tillit.

Onsdag  08.april 2026 kl. 19:00 inviterte Sykkylven  Rotary klubb til ope møte på Sykkylven Kulturhus.


Sykkylven Rotaryklubb inviterte Severin Roald til foredrag. Tema: Kunsten å skape tillit. 


President Kristin Grebstad ynskje alle frå Rotary og alle andre som hadde møtt opp ca 150 personer velkomen.  


Presidenten innleia møte med informasjon om kva Sykkylven Rotaryklubb står for. Ho snakka om program, bedriftsbesøk og dugnader klubben gjennomfører i Sykkylven. 


Etter informasjonen blei ordet gjeve til Severin Roald som vaks opp i Sykkylven, men som no bur i Oslo. 

Gjennom foredraget «Kunsten å skape tillit» ga han fleire nyttige råd til dei frammøtte.  

Roald var blant anna innom 10 punkt for korleis ein kan skape tillit. 


Severin Roald var administrerande direktør for kommunikasjonsbyrået Geelmuyden Kiese (2022 - 2025) i Norge. Han har ein omfattande bakgrunn innan kommunikasjon med tidlegare leiarroller i Statkraft (2019 - 2022), Telenor (2015-2018). Han har også bakgrunn frå Burson - Marsteller og Aker Solutions. Han arbeider no som sjølvstendig konsulent i firmaet Severin Roald  Communications som han starta i januar månad 2026. 


Foredraget engasjerte publikum. Det kom mange gode spørsmål til Severin, som hadde gode ,og gjennomtenkte svar. 


Sykkylven Rotaryklubb ved Kristin Grebstad var takksam for at Severin tok seg tid til å halde eit inspirerande foredrag. 


Skrivar 08.april 2026

Steven Blindheim 




 
Verdenspresidenten i Rotary 2016/2017: John F. Germ

2. august 2016

Verdenspresidenten i Rotary 2016/2017: John F. Germ

Les meir om den nye Verdenspresidenten på Nyhendesida vår.

President i SRK 2016-2017. Klubben har passert 60 år.

7. juli 2016

President i SRK 2016-2017. Klubben har passert 60 år.

Ny president i Sykkylven Rotary Klubb 2016-2017 er Steven Blindheim. Presidentskiftet var 29. juni, og 6. juli leia Steven sitt første ordinære rotarymøte. Mellom anna orienterte han om klubben, som nettopp har passert sine 60 år. Charterdato er 5. juli.

Rico Bil AS: Blomstrande bedrift med bil i fokus!

4. juli 2016

Rico Bil AS: Blomstrande bedrift med bil i fokus!

Bedriftbesøk til Rico Bil AS i Ålesund sto på programmet 13. april 2016. Vi vart tekne særs godt i mot av dagleg leiar Jorunn Lundanes og noverande konsulent Fred J. Rishaug. Han grunnla bedrifta i 1988 og sto for leiinga til 2014 då Jorunn tok over.

Bedriftsbesøk til Nyborg AS

27. juni 2016

Bedriftsbesøk til Nyborg AS

Sykkylven Rotary Klubb: Bedriftsbesøk 15. juni 2016 hos Nyborg AS, Sykkylven. http://nyborgfan.com/ Bedrifta produserer vifter og utstyr til ventilasjon i skip, oljeplattformer og alle leveransane blir "skreddarsydde" etter kunden sine behov.

Gardsbesøk

28. mai 2016

Gardsbesøk

Gardsbesøk 25. mai hosBastian

Dugnad i Kyrkjeparken

3. mai 2016

Dugnad i Kyrkjeparken

Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.

InterCitymøte  på Berlihuset

20. oktober 2015

InterCitymøte på Berlihuset

Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes