End Polio 20206

Rotary-aksjonen End Polio Now  24. oktober 2026

 

Polio er ennå ikkje utrydda, berre nesten.

Eit polioprosjekt som starta i 1979 har redusert polio til 99,9 prosent globalt. Vill polio er ennå i Pakistan og Afghanistan, og utbrudd av polio truar fremgangen vi har gjort mot sjukdommen. Vi må også halde alle andre land poliofrie til vi er sikre på at den ikkje vil dukke opp igjen. Dersom utryddingsarbeidet til Rotary og våre partnarar stoppet i dag, kunne det i løpet av ti år vere så mange som 200 000 nye tilfelle av polio over hele verden kvart år. Målet er at ingen barn i framtida skal oppleve polio.

Rotary International er ein samanslutning av 40.000 Rotaryklubber med om lag 1,3 millionar medlemmar som driv veldedig arbeid over heile verda. Rotary sitt motto er å gagne andre. Eit av desse prosjekta har som mål å utrydde polio. Eit samarbeid med Verdens Helseorganisasjon (WHO) og UNICEF.

Prosjektet End Polio Now er finansiert av Rotary International  gjennom The Rotary Foundation (TRF) som er innsamla midlar frå Rotary- klubbar og medlemer over heile verda. For Rotaryåret 2026-2027 er det budsjettert med at 135 million USD av 463 million USD av samla fondsmidla til TRF skal gå til End Polio Now. Meir enn tre milliardar barn er blitt beskytta gjennom dette vaksinasjonsarbeidet.

I tillegg har Rotary International gjort avtale med Bill & Melinda Gates Foundation. For kvar USD som Rotary samlar inn, så vil Bill Gates gjennom sitt fond gi to USD til End Polio Now. For treårsperioden 2026 til 2029 vil dette bidraget bli ca. 1.200 million USD. Ditt bidrag vil bli auka til det tredobbelte frå dette fondet.

Aksjonen går i perioden 1. – 24. oktober og vil bli avslutta laurdag på FN-dagen den 24. oktober som også er Verdens Poliodag. Denne dagen er alle Rotary-klubbar over heile verda oppfordra til  lyse opp med raudt eit sentralt landemerke i sitt lokale miljø frå kl. 1800 og utover kvelden til kl. 2200. I fjor valde Sykkylven Rotary å lyse opp Berlihuset. I år har vi bestemt oss for å lyse opp Sykkylven Kyrkje i tillegg til nokre tre i Kyrkjeparken i samarbeid med Sykkylven Lions. Dette for å skape mest muleg blest om saka.

Du kan enkelt gje bidrag til dette arbeidet ved å gå innom heimesida til Sykkylven Rotary.

 VIPPS nummer: 134399

Steinar Klokk

President i Sykkylven Rotaryklubb


 
Guvernørbesøk og to nye medlemmer i SRK

22. oktober 2016

Guvernørbesøk og to nye medlemmer i SRK

Stranda Rotaryklubb inviterte til intercitymøte på Stranda Hotel, onsdag 19. oktober, i høve guvernørbesøk frå D 2305.

Utvekslingsstudent frå Brasil til Sykkylven

22. august 2016

Utvekslingsstudent frå Brasil til Sykkylven

Les om Daniel Pedroso som har kome den lange vegen frå Brasil til Sykkylven

Verdenspresidenten i Rotary 2016/2017: John F. Germ

2. august 2016

Verdenspresidenten i Rotary 2016/2017: John F. Germ

Les meir om den nye Verdenspresidenten på Nyhendesida vår.

President i SRK 2016-2017. Klubben har passert 60 år.

7. juli 2016

President i SRK 2016-2017. Klubben har passert 60 år.

Ny president i Sykkylven Rotary Klubb 2016-2017 er Steven Blindheim. Presidentskiftet var 29. juni, og 6. juli leia Steven sitt første ordinære rotarymøte. Mellom anna orienterte han om klubben, som nettopp har passert sine 60 år. Charterdato er 5. juli.

Rico Bil AS: Blomstrande bedrift med bil i fokus!

4. juli 2016

Rico Bil AS: Blomstrande bedrift med bil i fokus!

Bedriftbesøk til Rico Bil AS i Ålesund sto på programmet 13. april 2016. Vi vart tekne særs godt i mot av dagleg leiar Jorunn Lundanes og noverande konsulent Fred J. Rishaug. Han grunnla bedrifta i 1988 og sto for leiinga til 2014 då Jorunn tok over.

Bedriftsbesøk til Nyborg AS

27. juni 2016

Bedriftsbesøk til Nyborg AS

Sykkylven Rotary Klubb: Bedriftsbesøk 15. juni 2016 hos Nyborg AS, Sykkylven. http://nyborgfan.com/ Bedrifta produserer vifter og utstyr til ventilasjon i skip, oljeplattformer og alle leveransane blir "skreddarsydde" etter kunden sine behov.

Gardsbesøk

28. mai 2016

Gardsbesøk

Gardsbesøk 25. mai hosBastian

Dugnad i Kyrkjeparken

3. mai 2016

Dugnad i Kyrkjeparken

Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.