Presidenten sin time.
Referat frå Rotarymøte 5. juli 2017:
Dette var det første møtet i det nye Rotaryåret, og det vart leia av vår nyvalgte president Bastian.
Han fulgte opp tradisjonen med å ta for seg noko av det som har hendt denne dagen opp igjennom historia: Kristiansund blei grunnlagt i 1641. Forfatteren Jonas Lie døde i 1908 denne datoen. I 1975 var det stort bryllup i Velledalen. Då gifta Oddny Heggdal seg med vår rotaryven Petter Velle. Helge var snar å gjere oppmerksom på at han gifta seg med Kari same år og dato. Så om ikkje dette var nok , så fortalte president Bastian at han gifta seg denne dato med Mette, 11 år seinare, i 1986.
Knut Henning opplyste at det er Oddbjørn Ramstad og Asbjørn Riksheim som står for tur til BUAS- besøk.
Så var det bursdager: Det blir mange pga at vi ikkje møtes før etter fellesferien: Martha blir 60 år 11. juli. Sykkylven Rotaryklubb gratulerer så mykjeJ.
Dagen etterpå blir Roger 53 år. Ove blir 77 år 25. juli. Petter blir 66 år 26. juli. Knut Jarle 53 år 27. juli. Og til sist, visepresident Gretha, som blir 68 år 29. juli. SRK gratulerer alle samen.
Oppmøte forrige gang var 28 som ga flotte 67 % frammøte.
3- minutt var denne gang ved Odd Holen: Han fortalte at han no var 69 ½ år (du held deg godt, Odd!). Naturlig nok er han for lengst alderspensjonist, og han får ofte spørsmålet om korleis det føles å vere pensjonist. Då svarer han: «Det rusler og går». Likevel har han ikkje vore heilt borte frå arkitektjobben. Han har hatt mykje arbeid med den nye brannstasjonen som han no er i ferd med å avslutte. Siste 20 åra har han samarbeid med «Plan og Bolig» i Ålesund. Dette samarbeidet er han også i ferd med å runde av.
Odd har stort sett jobba aleine som arkitekt. Han fortel at dette kanskje ikkje blir så heilt lett i framtida. Dette pga. auka spesialisering innan data der virtuelle løysinger blir meir vanleg og krever mykje datakunnskap. Regelverket innen arkitekt og bygningsbransjen blir meir og meir intrikat. I det heile vil større arkitektfirmaer ha større tyngde og gjennomslagskraft i konkurransemarknaden.
Kva gjer så Odd på i pensjonisttida? Han fortel at han har tatt opp hobbyen med å spele i Credo Brass. Rotary er veldig viktig. Som den sprekingen han er går han tur til Høyset og Aurenakken fleire ganger i veka. Odd må passe på å ikkje bli så sprek at han misser alderstrygda.
Han avslutta med å ønske sine rotarykolleger riktig god sommer.
Før Rotarykaffi presenterte president Bastian budsjettet for kommende Rotaryår 2017/2018. Budsjettet er satt opp med eit lite underskudd på 2.200,-. Dette er ikkje dramatisk, då vi har eigenkapital på over 100.000,-.
Medlemkontigenten pr. medlem blir som før 2.300,-. Her er det innbakt 500,- til TRF. Matpenger blir som før 1000,-. Elles er Vinlotteri inntekskilde sammen med momskompensasjon.
Av aktiviteter nevnte Bastian m.a. End Polio - markeringa på Fagrefjellet. Årsfest og guvenørbesøk.
Hovedpunkt elles i budsjettet er: 10.000,- til prosjekt Filipinnene. 3000,- til Alternativ R(rus). 3000,- til speiderne og 15.000,- til andre formål. Når det gjeld det siste er 5000,- satt av til Sierra Leone. Det blir også satsa på å sende 2 deltakere til RYLA.
Det kom merknader om at pengegava til speiderne er i minste laget. Dessuten: Kan ein legge om matservering slik at dette blir enklere og billigere? Dette blir saker for styret til hausten.
Budsjettet blei godkjent uten motsegn.
Under Rotarykaffien var det Vinlotteri. Sjøl om vi ikkje var så mange, blei det solgt for 1600,-
Etter kaffe opplyste president Bastian at han sender ut epost der ein kan melde seg på 3- minutt i det møtet som passer.
Neste Rotarymøte blir 9. august. Då vil Bastian m.a. presentere Aktivitetsplanen for det nye året.
Så avslutta presidenten med å takke for oppmøte og ønske alle god sommer.
Referent
Jarle Svindseth
7. juli 2016
President i SRK 2016-2017. Klubben har passert 60 år.
Ny president i Sykkylven Rotary Klubb 2016-2017 er Steven Blindheim. Presidentskiftet var 29. juni, og 6. juli leia Steven sitt første ordinære rotarymøte. Mellom anna orienterte han om klubben, som nettopp har passert sine 60 år. Charterdato er 5. juli.
4. juli 2016
Rico Bil AS: Blomstrande bedrift med bil i fokus!
Bedriftbesøk til Rico Bil AS i Ålesund sto på programmet 13. april 2016. Vi vart tekne særs godt i mot av dagleg leiar Jorunn Lundanes og noverande konsulent Fred J. Rishaug. Han grunnla bedrifta i 1988 og sto for leiinga til 2014 då Jorunn tok over.
27. juni 2016
Bedriftsbesøk til Nyborg AS
Sykkylven Rotary Klubb: Bedriftsbesøk 15. juni 2016 hos Nyborg AS, Sykkylven. http://nyborgfan.com/ Bedrifta produserer vifter og utstyr til ventilasjon i skip, oljeplattformer og alle leveransane blir "skreddarsydde" etter kunden sine behov.
3. mai 2016
Dugnad i Kyrkjeparken
Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.
24. februar 2016
Sykkylven Næringsutvikling
I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no
20. oktober 2015
InterCitymøte på Berlihuset
Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes
21. mars 2015
KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund
Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.