Presidenten sin time.

Les referat frå Presidenten sin time 8. november


Referat frå Rotarymøte 8. november 2017:

President Bastian var tilbake og ønska alle vel møtt til dette Rotarymøte 8. november, og særleg til vår gjest Ragnhild Heggdal. Som vanlig minte han om noko av det som har hendt denne datoen opp  gjennom historia:

Ingvild og Inghild har navnedag.

I 1793 blei museet Louvre åpna i Paris.

I 1899 «oppdaga» Wilhelm Røntgen røntgenstrålene.

I 1960 blei John F. Kennedy valgt til president i USA.

I 1965 blei dødsstraff avskaffa i Storbritannia.

Vår eminente trubadur Olav hadde vore nødt til å melde avbud pga. vond rygg. Odd fekk den ansvarsfulle oppgåva å finne ein høvelig sang. Det blei «En enkel sang om frihet», ein song i god Rotaryånd.

I sekretær Knut Henning sitt fråver, forkynte Bastian at det er to bursdager kommende veke: Kristin Grebstad og Inge Andre Settemsdal.

Når det gjeld BUAS er det Steven og Geir Brekke sin tur.

Oppmøtet forrige gang var 22. Rekna med permisjoner og fritak gav dette habile 65 % frammøte.

Så var det 3- minutt ved Ingjerd. Ho er lærer i sosialøkonomi og det bar  foredraget hennar preg av. Det blei nemlig masse tall som referent virkelig måtte halde tunga beint i munnen for å få med seg.

Ho starta med å fortelle at vårt brutto nasjonalprodukt, altså summen av varer og tjenester i eit land, har auka med 3 % frå 2015 til 2016. Det var då på heile 3.190 mrd kroner.

Av dette var vårt forbruk var 1407 mrd kroner.  Til samanlikning var forbruket i 1976 på 99 mrd kroner. Sjøl om ein kompenserer for prisstigning har forbruket vårt auka med 3,6 ganger.

Det same året var vi 4 million mennesker i Norge. I dag er vi 5,277 million. Av dette er det 13,8 % som er innvandrere.

Når det gjeld bruttonasjonalproduktet pr innbygger  er vi nr. 4 i verden etter Luxemburg, Irland og Sveits. I Irland, meinte Ingjerd at det er Apple som står for ein stor del av BNP uten at det nødvendingvis avspeiler seg i antall arbeidsplasser.

Når det gjeld utenriksøkonomien, altså vår handel med utlandet, gjekk vi med underskudd heilt fram til og med 1978. Seinere har oljeindustrien kome til og no går vi med solid overskudd. Utlandet skulder oss meir penger enn vi skulder utlandet.

Dersom oljeindustrien skulle falle bort, ville nok situasjonen bli ein annan. Berre i september i år gjekk Fastlandsnorge med heile 20 mrd i underskudd. Frå september i fjor til i år auka Fastlandsgjelda med 12,3 %.

Ingjerd trøsta oss likevel med at vi har eit godt fungerende næringsliv utom oljen, og at det var økt ordreinngang i 3. og 4. kvartal i år.  

Det er interessant å vite kor mykje  oljeindustrien utgjer av BNP. Ingjerd opplyser at denne saman med utenriksfart står for 14 %.

19 % frå industri og bergverk.

22 % frå offentlig forvaltning og heile

44 % frå tjenester inkludert boligtjenester.

Kva så med sparing hos oss nordmenn? Der har myndighetene ført ein politikk som stimulerer sparing i boliger. Altså at ein kjøper ein bolig til ein viss pris (gjerne ganske høg pris også). Så går sparinga ut på av vi langsomt, men sikkert, nedbetaler den gjeld vi har på denne.

I f.eks. Sveits er det litt annaleis. Der stimulerer  myndighetene folket til å spare i aksjer og obligasjoner, noko Ingjerd meiner er veldig gunstig for samfunnsøkonomien. Den norske modellen har som ulempe at den fører med seg stor prisstigning på boligene.

Konklusjonen til Ingjerd er sjøl om ikkje alt nødvendigvis er rosenrødt, så har vi det godt. F.eks har vi 4 % arbeidsledighet mot 6 % i Sverige og mangeogtjue % i Hellas.

Eit 3 minutt med masse almen kunnskap og nyttig info av Ingjerd.

Så var det tid for Rotarykaffi og noko av dei beste eplekakene referent har smakt.

Etterpå var vi samla i grupper der vi diskuterte kva som hadde fungert bra til no i Klubben og kva som ikkje har fungert bra.

Stort sett var det overvekt av positive tilbakemeldinger. Særlig fikk Programkomiteen masse skryt for flott og interessante program. Elles fungerer dei fleste komiteene bra.

Noko som ikkje har vore så bra, er eit relativt labert oppmøte. President Bastian oppfordra fadderne til å ta kontakt med dei som sjelden møter.

Det blei nevnt at ein  burde pakke inn gåver til dei som held foredrag, slik at ser ut som ein presang. Bastian lovde å finne noko rundballeplast til dette formålet.

Elles kom eit tema til, som har vore flittig diskutert og ivrig diskutert, dei snart 10 åra referent har vore Rotarymedlem, nemlig møtetid. Som på så mange områder her i livet er det lik tilslutning til to forskjellige standpunkt. Referent har inntrykk av at 50 % er for seinere tid, medan 50 % er for å behalde møtetida slik som i dag. Evt. også gå tilbake til møte klokka 18.

Fornuftige Hallstein oppfordra oss til å gi oss tid i denne saka, og evt. komme tilbake til den når alle aspekter er belyst.

Til slutt takka Bastian for frammøte og minte om neste møte med Liv Valderhaug, som vil fortelle om å få livet i gave etter ein hjertetransplantasjon. Alle medlemmene blei oppfordra til  å ta med ein eller fleire gjester. Så ønska han alle vel heim.

 

Referent

Jarle Svindseth

 

 

 



 
Fredrik Støyva Emblem frå Ålesund Kunnskapspark (åkp)besøker Sykkylven Rotaryklubb

1. april 2017

Fredrik Støyva Emblem frå Ålesund Kunnskapspark (åkp)besøker Sykkylven Rotaryklubb

Les referat frå det interessante og framtidsretta foredraget som Fredrik heldt 29. mars i Sykkylven Rotaryklubb.

Marit Akslen besøker Sykkylven Rotaryklubb.

25. mars 2017

Marit Akslen besøker Sykkylven Rotaryklubb.

Les referat frå Tekstilkunstner Marit Akslen sitt besøk i Sykkylven Rotaryklubb der ho presenterer sin kunst

På besøk hos Torunn Kjemphol og hennar Galleri 2K

17. mars 2017

På besøk hos Torunn Kjemphol og hennar Galleri 2K

Les referat og sjå bilder frå vårt besøk hos Torunn Kjemphol og Galleri K2 i Tusvika.

Steinar Klokk held sitt ego/yrkesforedrag

10. mars 2017

Steinar Klokk held sitt ego/yrkesforedrag

Les referat frå Rotarymøte på Kvinnedagen 8. mars og spesielt vår nye medlem Steinar Klokk sitt flotte ego/yrkesforedrag.

Presidenten sin time:

2. mars 2017

Presidenten sin time:

Les referat frå Presidenten sin time 1. mars 2017.

Bedriftsbesøk hos Ove Straumsheim Glas og Fasader

23. februar 2017

Bedriftsbesøk hos Ove Straumsheim Glas og Fasader

Les om Sykkylven Rotaryklubb sitt flotte og interessante besøk hos Ove Glas og Fasader på "Tangholmen" i Straumgjerde.

Velferdsteknologi ved komunalsjef Eli Otterlei

18. februar 2017

Velferdsteknologi ved komunalsjef Eli Otterlei

Les referat frå kommunalsjef Eli Otterlei sitt flotte og grundig foredrag om velferdsteknologi

Arne Hanssen orienterer om den planlagte Designvegen.

3. februar 2017

Arne Hanssen orienterer om den planlagte Designvegen.

Les referat frå Rotarymøte 1. februar der m.a. Arne Hanssen fortalte om korleis han tenker seg den planlagte Designvegen.

Les referat frå Rotarymøte 25. januar:

3. februar 2017

Les referat frå Rotarymøte 25. januar:

Rotarymøte 25. januar der bl. a. Kjell Welle fortalte oss litt om teknikken bak dei forskjellige radiosignala.

Bedriftsbesøk ved Peterson Emballasje

26. januar 2017

Bedriftsbesøk ved Peterson Emballasje

Les Olav sitt referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved Peterson Fabrikker her i Sykkylven

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS