Referat frå Rotarymøte
8. november 2017:
President Bastian var tilbake og ønska alle vel møtt til
dette Rotarymøte 8. november, og særleg til vår gjest Ragnhild Heggdal. Som
vanlig minte han om noko av det som har hendt denne datoen opp gjennom historia:
Ingvild og Inghild har navnedag.
I 1793 blei museet Louvre åpna i Paris.
I 1899 «oppdaga» Wilhelm Røntgen røntgenstrålene.
I 1960 blei John F. Kennedy valgt til president i USA.
I 1965 blei dødsstraff avskaffa i Storbritannia.
Vår eminente trubadur Olav hadde vore nødt til å melde avbud
pga. vond rygg. Odd fekk den ansvarsfulle oppgåva å finne ein høvelig sang. Det
blei «En enkel sang om frihet», ein song i god Rotaryånd.
I sekretær Knut Henning sitt fråver, forkynte Bastian at det
er to bursdager kommende veke: Kristin Grebstad og Inge Andre Settemsdal.
Når det gjeld BUAS er det Steven og Geir Brekke sin tur.
Oppmøtet forrige gang var 22. Rekna med permisjoner og
fritak gav dette habile 65 % frammøte.
Så var det 3- minutt ved Ingjerd. Ho er lærer i
sosialøkonomi og det bar foredraget
hennar preg av. Det blei nemlig masse tall som referent virkelig måtte halde
tunga beint i munnen for å få med seg.
Ho starta med å fortelle at vårt brutto nasjonalprodukt,
altså summen av varer og tjenester i eit land, har auka med 3 % frå 2015 til
2016. Det var då på heile 3.190 mrd kroner.
Av dette var vårt forbruk var 1407 mrd kroner. Til samanlikning var forbruket i 1976 på 99
mrd kroner. Sjøl om ein kompenserer for prisstigning har forbruket vårt auka
med 3,6 ganger.
Det same året var vi 4 million mennesker i Norge. I dag er
vi 5,277 million. Av dette er det 13,8 % som er innvandrere.
Når det gjeld bruttonasjonalproduktet pr innbygger er vi nr. 4 i verden etter Luxemburg, Irland
og Sveits. I Irland, meinte Ingjerd at det er Apple som står for ein stor del
av BNP uten at det nødvendingvis avspeiler seg i antall arbeidsplasser.
Når det gjeld utenriksøkonomien, altså vår handel med
utlandet, gjekk vi med underskudd heilt fram til og med 1978. Seinere har
oljeindustrien kome til og no går vi med solid overskudd. Utlandet skulder oss
meir penger enn vi skulder utlandet.
Dersom oljeindustrien skulle falle bort, ville nok
situasjonen bli ein annan. Berre i september i år gjekk Fastlandsnorge med
heile 20 mrd i underskudd. Frå september i fjor til i år auka Fastlandsgjelda
med 12,3 %.
Ingjerd trøsta oss likevel med at vi har eit godt fungerende
næringsliv utom oljen, og at det var økt ordreinngang i 3. og 4. kvartal i år.
Det er interessant å vite kor mykje oljeindustrien utgjer av BNP. Ingjerd opplyser at denne saman med utenriksfart står for 14 %.
19 % frå industri og bergverk.
22 % frå offentlig forvaltning og heile
44 % frå tjenester inkludert boligtjenester.
Kva så med sparing hos oss nordmenn? Der har myndighetene
ført ein politikk som stimulerer sparing i boliger. Altså at ein kjøper ein
bolig til ein viss pris (gjerne ganske høg pris også). Så går sparinga ut på av
vi langsomt, men sikkert, nedbetaler den gjeld vi har på denne.
I f.eks. Sveits er det litt annaleis. Der stimulerer myndighetene folket til å spare i aksjer og
obligasjoner, noko Ingjerd meiner er veldig gunstig for samfunnsøkonomien. Den
norske modellen har som ulempe at den fører med seg stor prisstigning på boligene.
Konklusjonen til Ingjerd er sjøl om ikkje alt nødvendigvis
er rosenrødt, så har vi det godt. F.eks har vi 4 % arbeidsledighet mot 6 % i
Sverige og mangeogtjue % i Hellas.
Eit 3 minutt med masse almen kunnskap og nyttig info av
Ingjerd.
Så var det tid for Rotarykaffi og noko av dei beste
eplekakene referent har smakt.
Etterpå var vi samla i grupper der vi diskuterte kva som
hadde fungert bra til no i Klubben og kva som ikkje har fungert bra.
Stort sett var det overvekt av positive tilbakemeldinger.
Særlig fikk Programkomiteen masse skryt for flott og interessante program.
Elles fungerer dei fleste komiteene bra.
Noko som ikkje har vore så bra, er eit relativt labert
oppmøte. President Bastian oppfordra fadderne til å ta kontakt med dei som
sjelden møter.
Det blei nevnt at ein burde pakke inn gåver til dei som held
foredrag, slik at ser ut som ein presang. Bastian lovde å finne noko
rundballeplast til dette formålet.
Elles kom eit tema til, som har vore flittig diskutert og
ivrig diskutert, dei snart 10 åra referent har vore Rotarymedlem, nemlig
møtetid. Som på så mange områder her i livet er det lik tilslutning til to
forskjellige standpunkt. Referent har inntrykk av at 50 % er for seinere tid,
medan 50 % er for å behalde møtetida slik som i dag. Evt. også gå tilbake til
møte klokka 18.
Fornuftige Hallstein oppfordra oss til å gi oss tid i denne
saka, og evt. komme tilbake til den når alle aspekter er belyst.
Til slutt takka Bastian for frammøte og minte om neste møte
med Liv Valderhaug, som vil fortelle om å få livet i gave etter ein hjertetransplantasjon.
Alle medlemmene blei oppfordra til å ta
med ein eller fleire gjester. Så ønska han alle vel heim.
Referent
Jarle Svindseth
14. januar 2017
Les politimester Ingar Bøen sitt foredrag i Sykkylven Rotaryklubb der han orienterte om den nye Politireforma.
22. desember 2016
Les om det tradisjonelle Julemøtet i Sykkylven Rotaryklubb.
1. november 2016
Les og sjå bilde frå Sykkylven Rotaryklubb sitt bedriftsbesøk 26. oktober 2016
23. oktober 2016
Sjå og les korleis SRK valgte å markere denne dagen.
22. oktober 2016
Stranda Rotaryklubb inviterte til intercitymøte på Stranda Hotel, onsdag 19. oktober, i høve guvernørbesøk frå D 2305.
22. august 2016
Les om Daniel Pedroso som har kome den lange vegen frå Brasil til Sykkylven
2. august 2016
Les meir om den nye Verdenspresidenten på Nyhendesida vår.
7. juli 2016
Ny president i Sykkylven Rotary Klubb 2016-2017 er Steven Blindheim. Presidentskiftet var 29. juni, og 6. juli leia Steven sitt første ordinære rotarymøte. Mellom anna orienterte han om klubben, som nettopp har passert sine 60 år. Charterdato er 5. juli.
4. juli 2016
Bedriftbesøk til Rico Bil AS i Ålesund sto på programmet 13. april 2016. Vi vart tekne særs godt i mot av dagleg leiar Jorunn Lundanes og noverande konsulent Fred J. Rishaug. Han grunnla bedrifta i 1988 og sto for leiinga til 2014 då Jorunn tok over.
27. juni 2016
Sykkylven Rotary Klubb: Bedriftsbesøk 15. juni 2016 hos Nyborg AS, Sykkylven. http://nyborgfan.com/ Bedrifta produserer vifter og utstyr til ventilasjon i skip, oljeplattformer og alle leveransane blir "skreddarsydde" etter kunden sine behov.