Møtereferat med Hole Maskin

Rotarymøte onsdag 28. september 2022

 

 

Presidenten

yngste velkomen til medlemane og dagens gjest Ståle Anker Ljøen frå Hole Maskiner AS

Presidenten hadde som vanleg ein fyldig gjennomgang av historiske hendinger på denne dag

Allsong

Olav hadde funne fram «Dei gamle Fjell» (Ivar Åsen) til dagens møte. Olav meinte at denne songen passa godt i dag då vi venta på å få høyre meir frå Hole Maskiner as.

 

Sekretæren

kunne opplyse oss om at frammøte sist var på 41%

3-minutt

Greta Herje hadde 3-minutt, og kunne fortelje at ho siste tida hadde hatt mange store opplevingar. Mandag var ho tilstades i Nordens Hus i Oslo der Dronning Sonja delte ut Nordens språkpris til Dronning Margrethe. Den fekk ho for si støtte til bruken av dei nordiske språka. 
Men hovuddelen av innlegget handla om Rotary. Fleire frå klubben hadde vore på Distriktssamling på Gjøvik og Greta minte oss om kor viktig det er å ha positiv fokus i alt vårt Rotary-arbeid. Det er viktig å få nye medlemar, men det er like viktig å sjå verdien av alle medlemane i ein klubb. Dei unge og dei eldre i klubben er samla ein stor resurs og eit godt utgangspunkt for å bygge klubben vidare.
Vi må vere frimodige og fortelje andre om kor bra det er å vere Rotary-medlem

Ståle Anker Ljøen – Hole Maskiner AS

Han tok til som dagleg leiar 1. januar i år.  Tidlegare har han jobba innan fiskeoppdrett og som økonomisjef i Stranda Kommune:
Ståle er frå Averøya og har familieband til Ljøen
Hole Maskiner AS har i dag 38 fast tilsette. I tillegg leigar dei inn personell og maskiner frå andre firma så totalt utgjer det omlag 45 årsverk.  Budsjettet for 2022 er på 90 mill.
Styret i selskapet er Ole Petter Solnørdal (styreleiar) Sindre Stennes og Norman Hole.  Norman Hole eig 100% av selskapet.
70% av oppdraga kjem frå offentleg sektor, 20% frå bedrifter og 10% frå privatmarkedet. Selskapet har ein stor bil- og maskinpark.  Dei har satsa på teknologi og der er GPS i alle maskiner. Dei har tre ingeniører tilsett, og dei kan prosjektere og lage reguleringsplaner sjølve. Bedrifta er lærlingbedrift. Dei har i dag fem lærlingar. Det er kamp om arbeidskrafta i bransjen, og derfor viktig å utdanne maskinførarar sjølve.  Dei har stort miljøfokus og utarbeider miljøbudsjett for alle jobber. Bedrifta har i dag fem arbeidsbilar som er EL-bilar. Vidare vert det vurdert å ta i bruk både EL-drivne gravemaskiner og hydrogen drivne lastebilar.

 

Du kan lese meir om Hole Maskiner AS ved å gå  inn på linken under.

Anleggsentreprenør | Hole Maskiner AS (hole-maskiner.no)

Refererent

Petter Velle

 


 
Fredrik Støyva Emblem frå Ålesund Kunnskapspark (åkp)besøker Sykkylven Rotaryklubb

1. april 2017

Fredrik Støyva Emblem frå Ålesund Kunnskapspark (åkp)besøker Sykkylven Rotaryklubb

Les referat frå det interessante og framtidsretta foredraget som Fredrik heldt 29. mars i Sykkylven Rotaryklubb.

Marit Akslen besøker Sykkylven Rotaryklubb.

25. mars 2017

Marit Akslen besøker Sykkylven Rotaryklubb.

Les referat frå Tekstilkunstner Marit Akslen sitt besøk i Sykkylven Rotaryklubb der ho presenterer sin kunst

På besøk hos Torunn Kjemphol og hennar Galleri 2K

17. mars 2017

På besøk hos Torunn Kjemphol og hennar Galleri 2K

Les referat og sjå bilder frå vårt besøk hos Torunn Kjemphol og Galleri K2 i Tusvika.

Steinar Klokk held sitt ego/yrkesforedrag

10. mars 2017

Steinar Klokk held sitt ego/yrkesforedrag

Les referat frå Rotarymøte på Kvinnedagen 8. mars og spesielt vår nye medlem Steinar Klokk sitt flotte ego/yrkesforedrag.

Presidenten sin time:

2. mars 2017

Presidenten sin time:

Les referat frå Presidenten sin time 1. mars 2017.

Bedriftsbesøk hos Ove Straumsheim Glas og Fasader

23. februar 2017

Bedriftsbesøk hos Ove Straumsheim Glas og Fasader

Les om Sykkylven Rotaryklubb sitt flotte og interessante besøk hos Ove Glas og Fasader på "Tangholmen" i Straumgjerde.

Velferdsteknologi ved komunalsjef Eli Otterlei

18. februar 2017

Velferdsteknologi ved komunalsjef Eli Otterlei

Les referat frå kommunalsjef Eli Otterlei sitt flotte og grundig foredrag om velferdsteknologi

Arne Hanssen orienterer om den planlagte Designvegen.

3. februar 2017

Arne Hanssen orienterer om den planlagte Designvegen.

Les referat frå Rotarymøte 1. februar der m.a. Arne Hanssen fortalte om korleis han tenker seg den planlagte Designvegen.

Les referat frå Rotarymøte 25. januar:

3. februar 2017

Les referat frå Rotarymøte 25. januar:

Rotarymøte 25. januar der bl. a. Kjell Welle fortalte oss litt om teknikken bak dei forskjellige radiosignala.

Bedriftsbesøk ved Peterson Emballasje

26. januar 2017

Bedriftsbesøk ved Peterson Emballasje

Les Olav sitt referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved Peterson Fabrikker her i Sykkylven

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS