Rotarymøte onsdag 28. september 2022
Presidenten
Olav hadde funne fram «Dei gamle Fjell» (Ivar Åsen) til dagens møte. Olav meinte at denne songen passa godt i dag då vi venta på å få høyre meir frå Hole Maskiner as.
Sekretæren
kunne opplyse oss om at frammøte sist var på 41%
Greta Herje hadde 3-minutt, og kunne fortelje at ho siste tida hadde hatt mange store opplevingar. Mandag var ho tilstades i Nordens Hus i Oslo der Dronning Sonja delte ut Nordens språkpris til Dronning Margrethe. Den fekk ho for si støtte til bruken av dei nordiske språka.
Men hovuddelen av innlegget handla om Rotary. Fleire frå klubben hadde vore på Distriktssamling på Gjøvik og Greta minte oss om kor viktig det er å ha positiv fokus i alt vårt Rotary-arbeid. Det er viktig å få nye medlemar, men det er like viktig å sjå verdien av alle medlemane i ein klubb. Dei unge og dei eldre i klubben er samla ein stor resurs og eit godt utgangspunkt for å bygge klubben vidare.
Vi må vere frimodige og fortelje andre om kor bra det er å vere Rotary-medlem
Han tok til som dagleg leiar 1. januar i år. Tidlegare har han jobba innan fiskeoppdrett og som økonomisjef i Stranda Kommune:
Ståle er frå Averøya og har familieband til Ljøen
Hole Maskiner AS har i dag 38 fast tilsette. I tillegg leigar dei inn personell og maskiner frå andre firma så totalt utgjer det omlag 45 årsverk. Budsjettet for 2022 er på 90 mill.
Styret i selskapet er Ole Petter Solnørdal (styreleiar) Sindre Stennes og Norman Hole. Norman Hole eig 100% av selskapet.
70% av oppdraga kjem frå offentleg sektor, 20% frå bedrifter og 10% frå privatmarkedet. Selskapet har ein stor bil- og maskinpark. Dei har satsa på teknologi og der er GPS i alle maskiner. Dei har tre ingeniører tilsett, og dei kan prosjektere og lage reguleringsplaner sjølve. Bedrifta er lærlingbedrift. Dei har i dag fem lærlingar. Det er kamp om arbeidskrafta i bransjen, og derfor viktig å utdanne maskinførarar sjølve. Dei har stort miljøfokus og utarbeider miljøbudsjett for alle jobber. Bedrifta har i dag fem arbeidsbilar som er EL-bilar. Vidare vert det vurdert å ta i bruk både EL-drivne gravemaskiner og hydrogen drivne lastebilar.
Du kan lese meir om Hole Maskiner AS ved å gå inn på linken under.
Anleggsentreprenør | Hole Maskiner AS (hole-maskiner.no)
Petter Velle
3. mai 2016
Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.
24. februar 2016
I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no
20. oktober 2015
Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes
9. juli 2015
Det opne møtet i Sykkylven Rotary Klubb sist onsdag samla fram mot førti medlemmer og gjester. Alle ville dei høyre det som konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, hadde å seie om sjukehusstruktur og spesialhelsetenesten
21. mars 2015
Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.