President Knut Henning Aursnes ønskte velkomen, tende sitt stearinlys, og minte om Rotarys motto for rotaryåret: «Create hope in the World»!
Gjester i dag: Arvid Blidheim, Bjørn Myklebust, Ilyas Degirmenci og Ingrid van der Welde.
Song for møtet: «Jeg folder mine hender små» av Thorbjørn Egner, i anledning FN-dagen i går.
Bursdagar: Oddbjørn Ramstad 82år, Øyvind Østvik 81 år, Per Ringdal 76 år, Steven Blindheim 62 år.
Frammøteprosent frå forrige møte, 52%.
3-minutt v/Hallstein Lillevik, med tema «Elektrifisering av transportbransjen og tilgang på energi»
I september i år var 87% av bilsalet el-bilar, og pr. no er 22% av landets bilpark elektrisk. Fylket vårt er faktisk også leiande på elektrifisering av ferger. No er dei store fergesamband elektrifiserte, og dei mindre kjem etter. Når det gjeld buss, er også el-bussar i ferd med å kome på banen. I 2026 er kravet 100% elektrifisering av alle bussar. Staumbehovet for dette vil tilsvare om lag 1300 einebustader. Batteriteknologi har vore ei stor utfordring, no er dette ikkje noko problem lenger, utfordringa er ladehastighet og tilgang på straum. Lading av eit vogntog vil f.eks. ta 6-8,9 timar. Problemet for vårt fylke er at vi har 40% underdekning av straumbehovet.
Besøk av ukrainske flyktningar
Rotaryklubben hadde denne gongen besøk av ukrainske flyktningar i Sykkylven; Inesa Vinivkova frå Odessa og Marharyta Lazarieva frå Kiev.
Ved krigsutbrotet reiste Inesa først til Moldova med sitt barn, og kom deretter hit til landet. Mannen hennar kunne ikkje flytte p.g.a. krigen, og dei har ikkje sett kvarandre på 1 1/2år. Odessa som ho kjem frå, er ein by med vakre omgivnader og med mykje vakker arkitektur. Inesa har økonomisk utdanning, og jobba tidlegare i bank, no jobbar ho med undervisning av ukrainske barn i Sykkylven.
Marharyta (Margot) kom til Norge på besøk til ei veninne ei veke før krigen braut ut. Ho er frå Kiev, ein storby svært forskjellig frå Sykkylven. Ho har fått henta hit ei søster og bur saman med henne. Men resten av familien er i Kiev. Ho prøver å starte eit nytt liv her. Ho har tidlegare jobba med media, reklame, influensarar etc. og har no jobb i ungdomsskulen med ukrainske elevar.
Dei trudde begge først at det var svært vanskeleg å lære norsk, men det går ganske bra. Begge ser imidlertid på opphaldet i Norge som midlertidig, og vil tilbake til Ukraina når krigen er slutt. Dei har stor tillit til president Volodymyr Zelensky!
Referent: Odd Holen
3. mai 2016
Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.
24. februar 2016
I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no
20. oktober 2015
Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes
9. juli 2015
Det opne møtet i Sykkylven Rotary Klubb sist onsdag samla fram mot førti medlemmer og gjester. Alle ville dei høyre det som konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, hadde å seie om sjukehusstruktur og spesialhelsetenesten
21. mars 2015
Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.