SYKKYLVEN ROTARYKLUBB, MØTE 10.01.24: «SUNNMØRSALPANE SKIARENA, FJELLSETER»
President Knut Henning Aursnes ønskte velkomen, og minte om Rotarys motto for rotaryåret: «Create hope in the World»!
Song for møtet: «Sommerfuggel i vinterland» av Halvdan Sivertsen
Frammøteprosent frå forrige møte; 67%
Bursdag: Hallstein Lillevik 60 år den 14.01.24
3-minutt ved Rolf Hjellegjerde: Eit trist år for han sjølv og broren Oddvar
Dei opplevde begge å miste sine ektefeller, først Oddvar som miste Karianne etter slagtilfelle, og 3 månader seinare døde Helga av kreft. For kort tid sidan var ho så sprek at ho besteig Kilemanjaro i Tanzania, men så kom sjukdomen.
Mange gode vener har vist si støtte til Rolf etter dette, og Rotarymøta har vore svært viktige seier han. Rolf og broren Oddvar har no bestemt seg for reise til Thailand for å besøke Oddvars son Nils Gunnar, som har budd der i 25 år. Nils Gunnar starta møbelfabrikken IMG, og dreiv den i 10-12 år, selde til Ekornes, og har no starta ny bedrift i Thailand med namn «H2 sitting», og med 120 tilsette.
Dagens tema var Sunnmørsalpane skiarena, Fjellsetra
Dagleg leiar Eivind Fet introduserte marknadsansvarleg Arnt Tore Røe, som framførte presentasjonen.
Selskapet vart skipa i 1969 under namnet Fjellseter Skisenter PL, og var i drift frå 1970 med trekk som kunne føre skientusiastar 1034 meter opp Sætrefjellet. Drifta var reint sesongbasert, utan særlege framtidsplanar.
I den seinare tid har rådgivningsfirmaet Norconsult blitt kontakta, for å kome med utviklingsplanar tilpassa Fjellseters stad og situasjon. Norconsult har hatt synfaring på staden og mottatt kart, teikningar og bakgrunnsmateriale. Skiarenaen har 14 alpintracear, 5 skitrekk og Terrengpark retta mot familiar. Fjellsetra ser seg ikkje som ein konkurrent til Strandafjellet, men er meir familieretta, og innstilte på samarbeid med Strandafjellet.
Rapporten frå Norconsult anbefaler 5 viktige utviklingspunkt:
Anleggsveg til alle punkt i området som krev vedlikehald
Forlenging av familietrekket
Utviding av terrengparken
Bearbeiding av tilkomstområdet med parkeringsplass (sjå teikning)
Utvikle arenaen for bruk sommarsesongen
Kostnadsramme for realisering av desse punkta er berekna til 35-40 mill. kr.
Rapporten har blitt presentert for Sykkylven kommune, og Sunnmørsalpane skiarena er stolte av å ha drifta eit skitrekk kontinuerleg utan konkurs sidan 1970.
Referent: Odd Holen
3. mai 2016
Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.
24. februar 2016
I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no
20. oktober 2015
Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes
9. juli 2015
Det opne møtet i Sykkylven Rotary Klubb sist onsdag samla fram mot førti medlemmer og gjester. Alle ville dei høyre det som konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, hadde å seie om sjukehusstruktur og spesialhelsetenesten
21. mars 2015
Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.