Intercitymøte med Stranda RK 12. mars 2024, på Stranda Hotel frå kl. 18:
Torskemiddag og utnemning av Paul Harris Fellow
Etter invitasjon frå Stranda Rotaryklubb møtte 15 frå Sykkylven RK til intercity-møte den 12. mars, på Stranda Hotel. Dette er ei årviss tilstelling som har lang tradisjon i SRK.
Velkomne og skrei-kåseri
President Per Arne Emdal ønska alle velkomne til middagsbordet, og spesielt oss gjestane frå Sykkylven. Etter som menyen bestod av torsk med rogn og lever, hadde Presidenten lagt arbeid i å presentere ein del av dei norske fiskartradisjonane med vinterfiske etter skrei – gjerne lokalisert til Lofoten. Lokalt på Sunnmøre er det også eit rikt fiske etter gyteklar torsk og skrei i Borgundfjorden,- mellom Nørvøya i Ålesund og øya Sula. Då har fisken ei lang reise bak seg,- heilt frå Barentshavet. Ein av gjestane (med nordnorsk dialekt!) kommenterte at denne lange symjeturen frå nord og heilt sør til Stadlandet, auka kvaliteten på fisken: han fekk ekstra godt utvikla muskulatur! Referenten vil ikkje referere heile kåseriet til Presidenten, men berre slå fast at med min godhug både for fisk, lever og rogn, smakte måltidet overlag godt,- for ikkje å snakke om kor sunt det var! Torskevise av Thorbjørn Egner: En ekte lofottorsk jeg er, for jeg er født i Henningsvær,- Fadderullandei… avrunda informasjons-økta og kveikte forsamlinga endå meir til måltidet som sto føre. God appetitt!
Heider og ære: Paul Harris Fellow
President Per Arne tok ordet etter måltidet og snakka seg i spiralmønster inn mot kjernekaren Reidar Lunde, med rundt 15 års fartstid i klubben. Han fekk mykje ros for innsatsen sin som «interessert rotarianar», men særleg dei siste åra då han har synleggjort og materialisert møbelhistoria i Stranda kommune: ei utstilling på 600 kvadratmeter, som har blitt til no sett av 2000, har kvalifisert han til den høge utmerkinga å bli ein ekte PHF. Lunde fekk så diplom og nål av Presidenten, og «Reidar Lunde is hereby named a Paul Harris Fellow.»
Takk
Rotary-møtet vart så avslutta ved at Geir Brekke fekk æra av å takke for maten og Presidenten takka for eit hyggeleg lag og vel heim.
Olav Pileberg, skrivar og fotograf
14. januar 2017
Les politimester Ingar Bøen sitt foredrag i Sykkylven Rotaryklubb der han orienterte om den nye Politireforma.
22. desember 2016
Les om det tradisjonelle Julemøtet i Sykkylven Rotaryklubb.
1. november 2016
Les og sjå bilde frå Sykkylven Rotaryklubb sitt bedriftsbesøk 26. oktober 2016
23. oktober 2016
Sjå og les korleis SRK valgte å markere denne dagen.
22. oktober 2016
Stranda Rotaryklubb inviterte til intercitymøte på Stranda Hotel, onsdag 19. oktober, i høve guvernørbesøk frå D 2305.
22. august 2016
Les om Daniel Pedroso som har kome den lange vegen frå Brasil til Sykkylven
2. august 2016
Les meir om den nye Verdenspresidenten på Nyhendesida vår.
7. juli 2016
Ny president i Sykkylven Rotary Klubb 2016-2017 er Steven Blindheim. Presidentskiftet var 29. juni, og 6. juli leia Steven sitt første ordinære rotarymøte. Mellom anna orienterte han om klubben, som nettopp har passert sine 60 år. Charterdato er 5. juli.
4. juli 2016
Bedriftbesøk til Rico Bil AS i Ålesund sto på programmet 13. april 2016. Vi vart tekne særs godt i mot av dagleg leiar Jorunn Lundanes og noverande konsulent Fred J. Rishaug. Han grunnla bedrifta i 1988 og sto for leiinga til 2014 då Jorunn tok over.
27. juni 2016
Sykkylven Rotary Klubb: Bedriftsbesøk 15. juni 2016 hos Nyborg AS, Sykkylven. http://nyborgfan.com/ Bedrifta produserer vifter og utstyr til ventilasjon i skip, oljeplattformer og alle leveransane blir "skreddarsydde" etter kunden sine behov.