Intercitymøte med Stranda RK 12. mars 2024, på Stranda Hotel frå kl. 18:
Torskemiddag og utnemning av Paul Harris Fellow
Etter invitasjon frå Stranda Rotaryklubb møtte 15 frå Sykkylven RK til intercity-møte den 12. mars, på Stranda Hotel. Dette er ei årviss tilstelling som har lang tradisjon i SRK.
Velkomne og skrei-kåseri
President Per Arne Emdal ønska alle velkomne til middagsbordet, og spesielt oss gjestane frå Sykkylven. Etter som menyen bestod av torsk med rogn og lever, hadde Presidenten lagt arbeid i å presentere ein del av dei norske fiskartradisjonane med vinterfiske etter skrei – gjerne lokalisert til Lofoten. Lokalt på Sunnmøre er det også eit rikt fiske etter gyteklar torsk og skrei i Borgundfjorden,- mellom Nørvøya i Ålesund og øya Sula. Då har fisken ei lang reise bak seg,- heilt frå Barentshavet. Ein av gjestane (med nordnorsk dialekt!) kommenterte at denne lange symjeturen frå nord og heilt sør til Stadlandet, auka kvaliteten på fisken: han fekk ekstra godt utvikla muskulatur! Referenten vil ikkje referere heile kåseriet til Presidenten, men berre slå fast at med min godhug både for fisk, lever og rogn, smakte måltidet overlag godt,- for ikkje å snakke om kor sunt det var! Torskevise av Thorbjørn Egner: En ekte lofottorsk jeg er, for jeg er født i Henningsvær,- Fadderullandei… avrunda informasjons-økta og kveikte forsamlinga endå meir til måltidet som sto føre. God appetitt!
Heider og ære: Paul Harris Fellow
President Per Arne tok ordet etter måltidet og snakka seg i spiralmønster inn mot kjernekaren Reidar Lunde, med rundt 15 års fartstid i klubben. Han fekk mykje ros for innsatsen sin som «interessert rotarianar», men særleg dei siste åra då han har synleggjort og materialisert møbelhistoria i Stranda kommune: ei utstilling på 600 kvadratmeter, som har blitt til no sett av 2000, har kvalifisert han til den høge utmerkinga å bli ein ekte PHF. Lunde fekk så diplom og nål av Presidenten, og «Reidar Lunde is hereby named a Paul Harris Fellow.»
Takk
Rotary-møtet vart så avslutta ved at Geir Brekke fekk æra av å takke for maten og Presidenten takka for eit hyggeleg lag og vel heim.
Olav Pileberg, skrivar og fotograf
3. mai 2016
Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.
24. februar 2016
I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no
20. oktober 2015
Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes
9. juli 2015
Det opne møtet i Sykkylven Rotary Klubb sist onsdag samla fram mot førti medlemmer og gjester. Alle ville dei høyre det som konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, hadde å seie om sjukehusstruktur og spesialhelsetenesten
21. mars 2015
Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.