Medlemsmøte 17 april 2024 med ego foredrag

Sykkylven Rotary Klubb, møte 17. april 2024 i Banksalen.

Referat.

1.    President Knut-Henning opna møtet, og ønska velkommen til klubbmedlemmene. Han tende så eit lys for fred i verda, etter verdspresidenten sitt motto: «Create Hope In The World». Så introduserte han «klubbtrubadur» Olav P,  som…

2.    …før allsong mimra om 1994, då Ullavik skule den 2. november feira 20 års jubileum «med brask og bram.» Elisabeth «Bettan» Andreassen (f. Andreasson) var invitert, og stilte med Rolf Løvland, mannen bak melodien til «Danse Mot Vår». 6.-klassing Caroline Harstad hadde teikna fint diplom, og Elisabeth vart høgtideleg utnemnd til æreselev ved Ullavik skule. Det «dryppa på klokkaren» også, med det klubbtrubadur Olav P vart bydd opp til å svinge seg i «valsen mot vår» med sjølvaste «Bettan» og med Rolf ved keyboardet. Den dansen gløymer OP aldri! Presidenten ymta om at songen kunne takast opp att den 30. oktober, nærast råd 2. november. Vi får sjå!

3.    Sekretær Steinar Klokk refererte statistikk frå forrige møte, frammøte 70%, og dessutan kommande bursdagsbarn, Arild S., som fyller 47 den 21., på søndag.

4.    3-minutt var ved Ilyias Degirmenci,- hans første 3-minutt i SRK. Han sa til å begynne med at han treivst godt som rotarymedlem. Møta gav han høve til god kontakt med andre og fri frå jaget på jobben som konsernleiar. Ilyias brukte tida til å informere om sitt og kona Varvara Degirmenci sine tiltak og eigarskap i Ib.Degirmenci Eiendom AS, i tillegg til å vere familiefar og som far til to barn. Etter kvart har tiltaka og eigarskapa blitt mange, noko eit av bileta/ konsernskjema, tydeleg viser. I 2014 opna han og kona Pizzabakeren  i Sykkylven. Etter ei tid med krevjande økonomi og drift, meiner han no å kunne stå mykje tryggare, med fleire bein å stå på, og med definitivt grøn farge på botnlina.






















5.    Presidenten informerte om tilsend e-post frå Inger J. Riksheim, via Steven Blindheim, om vakter til Open storhall, avslutning, med oppmøte 26.04.24 kl. 18 i vestibyla på storhallen. Medlemmene melder seg til Presidenten. Det er snakk om vanleg fordeling, med vaktøkter på eit par timar. Nils Arve minte om påmelding, gjerne med følgje, på turen 26. mai.

6.    Pause: mat og prat. Roald mat er god mat!

7.    Ingrid van der Velde, innflytt frå universitetsbyen (med universitet frå 1600-talet)  Franeker i Nederland. Ho fortalde i sitt ego-foredrag om sitt og familien sitt liv som tilflyttarar til Sykkylven. «Byjente med kamera på Sunnmøre», som det står på eit bilde. Faren i Franeker jobba med fotografering, og slik fekk Ingrid inn fotografering etter inspirasjon frå pappa, som hadde mørkerom på loftet. Ho fekk også overta hans store samling av fotografi. Som 17-åring tok Ingrid utdanning som sjukepleiar. Studenten kunne velje mellom A,- å bli sjukepleiar på sjukehus, B,- å studere psykiatri,- eller C,- funksjonshemmingar/ åtferdsvanskar. Ho tok først C utdanning, og deretter B. Nysgjerrig som ho var, utvida ho med å ta ein bachelor grad i sosialt arbeid, 1998. Dermed låg vegen open til ny jobb, relatert til ISO-sertifisering i helsevesenet. ISO-sertifikat er eit kvalitetsstempel  og dokumentasjon for god utvikling innan eit område eller ei bedrift. Dette jobba ho med i seks år, på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå. «Helseplattformen» her i Helse Midt, jobba ho med alt for 25 år sidan! (Sjølvsagt ikkje med plattformen frå EPIC i USA!) Deretter reiste nysgjerrige ho og familien til Noreg, og hamna i Sykkylven, sidan her fann mannen André Spoelstra seg arbeid. Ho, som sjukepleiar, kunne få seg jobb over alt! Eldstejenta Nynke Spoelstra kom i 2000. Femke kom i 2004. Så fekk Ingrid ein diagnose med alvorleg, livstrugande svangerskaps-forgifting,- som ho vart frisk av, men som alt i alt vart «drivarar» til å prøve «noko heilt nytt», gjerne med pastoral/ landleg profil, utan stress. Ingrid Velde måtte revurdere kva som var viktig i livet, og det var IKKJE å vere med i the RAT RACE i Franeker. Svaret vart altså desember 2005, tre veker før Femke fylte eitt år: Sykkylven/ Klokkehaug og Hundeidvik! Og takk for det, seier vi her i kommunen, men Ingrid måtte starte frå scratch! Som innvandrar har det gått veldig bra, seier Ingrid. Referenten OP innser no at han kanskje burde brukt KI/ kunstig intelligens, for å få eit referat innanfor ei overkommeleg ramme,- men for særleg interesserte har vi heile foredraget på MPEG-4 fil, med interessant framføring om livet på Møre. Nyleg debuterte ho som forfattar, med ei lita bok om Å LØFTE BLIKKET I EN DRÅPE: ei bok om dråpefotografering, noko som ho har oppdaga, utvikla og blitt kjend for sidan ho flytte hit. Sjå dei vedlagde bilda, som NB! ikkje held kvaliteten til originalbilda. Levebrødet, jobben som tilsett i kommunen, er også godt innanfor hennar kompetanseområde, og utgjer eit verdfullt bidrag for kommunen sine tilsette og hjelpetrengande.    













































8.    Til slutt takka president Knut-Henning for dei særs interessante innslaga, både 3-minutt og ego-foredrag, og så var det takk for i kveld og vel heim. Referent: Olav Pileberg


 
Presidenten sin time med Vinlotteri

6. januar 2018

Presidenten sin time med Vinlotteri

Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

6. januar 2018

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

Referat frå koselig julemøte 20. desember 2017

Rotarymøte 13.desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 13.desember 2017

Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.

Rotarymøte 6..desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 6..desember 2017

Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg.

28. desember 2017

Presidenten sin time med Årsmøte

Les referat frå Årsmøtet

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

28. oktober 2017

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

Les kva vår utvekslingsstudent frå Brasil hadde å berette via skype.

Hjerte- lungeredning: Ved spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde:

21. oktober 2017

Hjerte- lungeredning: Ved spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde:

Spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde heldt ei bokstavelig livsviktig foredrag om hjerte og lungeredning ved Rotarymøte 18. oktober.

Guvenøren sitt årlige besøk hos Stranda og Sykkylven Rotaryklubb:

12. oktober 2017

Guvenøren sitt årlige besøk hos Stranda og Sykkylven Rotaryklubb:

Sykkylven og Stranda Rotaryklubber fekk besøk av guvenør for D2305: Wictor Sandvold

Presidenten sin time 4. oktober.

6. oktober 2017

Presidenten sin time 4. oktober.

Les referat frå Presidenten sin time 4. oktober.

Direktør ved Formfin Møbler, Vibeke Aanning Aarseth

29. september 2017

Direktør ved Formfin Møbler, Vibeke Aanning Aarseth

Les referat frå Vibeke sitt møte med Sykkylven Rotaryklubb

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS