ykkylven Rotary Klubb, møte 18. september 2024 i Bibliotek-kjellaren (Tidlegare Banksalen)
Referat.
1. President Nils Arve Kjemphol Schwartz opna møtet, og ønska velkommen til klubbmedlemmene. Dagens agenda vart kunngjort, og…
2. allsong følgde deretter. «Klubbtrubadur» Olav P. sa at etter som tidlegare OL-deltakar Audun Nerland ville fortelje om sin veg på ski mot toppen i 1972, hadde vi ingen betre song enn Mot i brystet å framføre. Og slik vart det: Slike gutter det vil gamle Norge ha!
3. 3-minutt vart utelete, sidan ingen vikar melde seg i staden for han som var oppsett. Heller ikkje var det statistikk å vise til.
4. Info frå Knut Jarle Vik: Klubben sitt engasjement med trafikkvakter i Ullavik-krysset er no avslutta. Det farlege krysset skulle passerast av mange elevar til den nye AURE BARNESKULE, og SRK hadde teke på seg å stille med trafikkvakter i tida rundt klokka 08, då elevane passerte krysset. No har kommunen oppgradert krysset, og dermed er vaktbehovet borte. Knut Molnes hadde teke to ekstra vakter sist veke, og sjølvaste ordførar Ulstein tok siste vakta, den 18. september. Linda Hovland i kommunen bad Knut Jarle om å helse til klubben, og bere fram stor takk for innsatsen. Om få dagar er truleg skilta på plass, og gangfelt måla.
5. Pause: mat og prat. Roald mat er god mat!
6. Foredrag ved klubben sitt nyaste medlem, Audun Nerland: Livet som topp idrettsutøvar på -70 talet, og vegen dit. Lang og kronglete, var den vegen. Audun var oppvaksen i Vistdalen, ei lita bygd i Molde kommune. Kummarlege forhold for ein som ville bli skiløpar. Ingen ting lagt til rette på 1950-talet. Snøtilhøva kunne vere så som så. Ingen kunne konkurrere før dei var 16 år. Slik var reglane. Guten gjekk som 14-åring på framhaldsskule i nabobygda Mittet. Der skulle det vere skirenn i februar 1960. Audun starta i 16 års klassen som 14-åring, og vart nummer tre i klassen. Under premieutdelinga var det ein som spurde: «Kor gammal er du, då?» Fjorten og eit halvt, svara Audun. «Jammen då har ikkje du lov å gå…» Dermed vart den unge skiløparen diska. Det var starten på karrieren! Treninga på ski elles var avhengig av ei «hodelykt med flatt batteri». På dagtid var det jobb på samvirkelaget, og det var mørkt etter middagen heime. Med 20 cm nysnø var det å trakke opp eit par runder med løype. Så kunne det trenast. Runda var på 5-600 meter. Sidan kom det til ei kabelløype på 500 m,- d.v.s. ein kabel med lyspunkt langs traséen nær samfunnshuset. Målet var å ta inn meter for meter i høve til trenings-kompisen. Ski-miljøet i Vistdalen var veldig bra ved at 12-15 trena saman. Fram mot 20 års-alderen vart treningsturane lenger. Etter ein fest i Mittet sykla Audun og to kompisar heimover, og blei samde om å møtast til ein treningstur på søndagen. Klokka 10 var dei klar for ein tur til Måsvatnet, 14 km unna. Nedover Mittet-dalen kom mor til Karsten ut på trappa og hoia… kjem de no,- var de ikkje på fest i natt? Jau, dei var då det. – Han Karsten ligg no og søv enno, han! Ja de lyt opp å vekke han! Karsten fekk nærast sjokk. Men den turen sat lenge i beina. Som 19-åring tok han del i Norgesmesterskapet i Porsgrunn. Løypa gjekk over ein kornåker med mykje stubb etter haustinga. Med klister under skiene var det like mykje halm som klister ved målgang. Det heldt til ein 3. plass i klassen. Skituren til Kyrkjetaket i Isfjorden var også eit kars-stykke, men fell for langt å referere frå: «Det var mørkt når vi fór og mørkt når vi kom heim att.» Ein som fekk høyre om turen, sa: «Ja, du va’kje lite tulljin…» Teneste i Garden, skitroppen 1965-1966. Han slapp unna mange vakter om vinteren, men måtte ta dei att om våren. Treningsturane vart lenger; 3-5 timar, som då han i løpet av fem timar gjekk fram og attende over fjellet til Kavli, Isfjorden. Utrusting: rumpetaske med 2-3 brødskiver og nokre sukkerbitar. Dessutan ein kopp til vatn, der slikt fanst. Elles vart det fleire turar til Trøndelag, med krevjande og til dels bratte løyper. I 1968 kom Audun til start i klasse A. Vinteren 1969 gjekk han si første 5-mil i Holmenkollen. Løypa var blytung, og ikkje 50, men 54 km lang. Vår mann på startstreken var livredd! Ikkje rart at tida vart noko i overkant av «vanleg» tid. Etter første runde passerte Audun som nr. 30. Ved 45 km kom Oddmund Jensen springande og ropte «Du må gå på! Du har 3. beste tida!» …og Audun peisa på det han vann. Ved målgang vart han nummer 13. Kjempebra! I terrenget ved Hornsjø / Pellestova var det treningsleir på barmark for A-løparane, med Jensen som trenar. Etter å ha sprunge i to timar, kjende ikkje Oddmund seg igjen i terrenget. Skodda var komen. Kvar var dei? Dei møtte ein gubbe på Gråtass (traktor) og spurde seg føre. «Nei, no er de på Tretten», sa han. Dei hadde sprunge hals over hovud i fram mot fire timar, og så skulle dei attende til hytta. Audun gløymde aldri denne turen, sa han. Dette var hans første store oppleving på treningsleir med landslaget. No gjekk det slag i slag utover. På 5-mila i NM i Meldal 1970 enda han som nr. 5. Under stemne i Alvdal var det minus 20-35 grader, og nesten halvparten av dei som starta ved minus 20, fekk lungebetennelse. Skjærtorsdag, ei tid etterpå var det pluss 16 grader på 20 cm nysnø ved start. Landsem treski for Audun. 3 t 26 min vart vinnartida. «I gjekk oppover bakkane, og I gjekk nedover også», kommenterte vår mann tørt. Tidene i dag er ned mot to timar. Audun sløyfa NM på Fåberg til fordel for prøve-OL i Sapporo i februar 1971. Han vart åleine frå Noreg som deltakar i langrenn. Dei andre ville heller satse på NM. På 15 km fekk han 45.49, slått av Juha Mieto på 5. plass med 45.48. Close race! På 5-mila blei det første plass med 2.44.35 for Nerland. Som nr. 2 kom Fjodor Simasjov, Sovjet, med 2.45.01. Ingen tvil: Audun var «lett på bakfoten», som Oddmund Jensen sa det på Røros eit par veker i førevegen. Som ein skjønar: Sapporo vart ei stor oppleving for mannen frå Vistdal,- med kanonføre og gode tilhøve på alle vis. Dette vart hans store gjennombrudd. Kanskje det er på tide for referenten å stoppe her. Vi har opptak av heile kåseriet til Audun, og om nokon ønskjer å «forske» djupare i det, let det seg kanskje ordne, med løyve frå opphavsmannen. Oddvar Brå og Ivar Formo kom inn med ny giv og retteleg som «råskinn» i sporet. Audun fasa ut si karriere på landslaget i 1976. Han hadde stifta familie, og fann det ikkje tilrådeleg å stå på lenger. Men alle åra på toppen i inn- og utland hadde vore ei givande tid som Audun ikkje ville ha vore forutan.
7. Til slutt takka president Nils Arve alle rotarymedlemmene med Audun på laget, eit kvarter på overtid. Han fekk stor takk og ei vel fortent gåve. Vel heim til oss alle.
Velbrukte ski frå «stallen» til Audun Nerland. Frå høgre: Landsem treski 1968, Splitkein ski med epoxy-såle, Kneissl 1974: glassfiber-revolusjon!, Fischer,- gode ski.
Frå prøve-OL i Sapporo, februar 1971. Audun Nerland øverst på pallen etter 50 km. Han kom i mål nesten eit halvt minutt før Simasjov frå Sovjet. (Faksimile frå Aftenposten)
Siste vakta i Ullavikkrysset tok sjølvaste ordførar Ulstein. Han ser ut til å vere godt fornøgd med oppgraderinga av det farlege vegkrysset. SRK fekk takk frå kommunen for verdfullt vakthald i tida rundt kl. 08 kvar skuledag.
Olav Pileberg, skrivar
13. desember 2024
Lene besøkte oss med foredraget: Næringslivets perspektiv - for utvikling og vekst. Vi fekk eit godt innblikk i kva NHO driv med og om næringslivets utfordringar i Møre og Romsdal.
15. november 2024
Onsdag 13. november fekk vi besøk av Sykkylven Røde Kors ved Jon Erdal som fortalde om alt det flotte arbeidet dei gjer for bygda både innan omsorg og i hjelpekorpset. Vi fekk eit godt innsyn i det viktige arbeidet dei gjer.
22. oktober 2024
Rotary held fram kampen mot polio – 20. oktober 2024
Hvert bidrag teller i kampen mot polio! Visste du at når du gir penger til Polio plus, tredobles effekten av din gave? For hver krone du gir, matcher Bill og Melinda Gates med to kroner. Sammen kan vi stoppe polio én gang for alle! Vipps til 134399
19. oktober 2024
Fare for internasjonal spredning gjør fortsatt polio til en internasjonal folkehelsekrise, sier Verdens helseorganisasjon (WHO), som har som mål å utrydde polio innen 2027. Så lenge det fortsatt er i polio i verden, er det fare for spredning.
17. oktober 2024
«Polio er en fryktelig sykdom», sier Anita. Det er smerter, lammelser, operasjoner, seinskader. Kort sagt mye «tapt liv». «Vi må gjøre alt vi kan for å utrydde Polio!», fortsetter hun.
18. mai 2019
President Greta leia Presidenten sin time på beste vis, og fordelte orda mellom Geir Løseth, 3-minutt, og innkommande president Petter Velle, som orienterte om kommande Rotary-år 2019-2020
22. januar 2019
Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotaryklubb og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano frå Grense - Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige til Sulitjelma og heilt til Lindesnes.
10. februar 2018
Les referat frå Presidenten sin time med Vinlotteri.
11. januar 2018
Les referat av ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.
Besøk av Lene Trude Solheim frå NHO
Sykkylven Røde Kors
Hjelp Rotary med å utrydde polio nå!
Rotary-klubber verden over held fram kampen mot polio, og no har innbyggjarane i Stranda og Sykkylven ei unik moglegheit til å bidra. Ved å gi til lokalt Vipps-nummer 134399 kan du bidra.
Høyr Bill Gates oppfordre oss til å bidra til Polioaksjonen
Hjelp Rotary med å utrydde polio nå!
Anita gir polio et ansikt
Presidenten sin time
Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.
Presidenten sin time: Bastian fortel om besøk av 60 framtidige bønder.
Rotarymøte 10 . januar 2018: