Medlemsmøter 18 sept 2024 med Audun Nerland

ykkylven Rotary Klubb, møte 18. september 2024 i Bibliotek-kjellaren (Tidlegare Banksalen)

Referat.

1.    President Nils Arve Kjemphol Schwartz opna møtet, og ønska velkommen til klubbmedlemmene. Dagens agenda vart kunngjort, og…

2.     allsong følgde deretter. «Klubbtrubadur» Olav P. sa at etter som tidlegare OL-deltakar Audun Nerland ville fortelje om sin veg på ski mot toppen i 1972, hadde vi ingen betre song enn Mot i brystet å framføre. Og slik vart det: Slike gutter det vil gamle Norge ha!

3.    3-minutt vart utelete, sidan ingen vikar melde seg i staden for han som var oppsett.  Heller ikkje var det statistikk å vise til.

4.    Info frå Knut Jarle Vik: Klubben sitt engasjement med trafikkvakter i Ullavik-krysset er no avslutta. Det farlege krysset skulle passerast av mange elevar til den nye AURE BARNESKULE, og SRK hadde teke på seg å stille med trafikkvakter i tida rundt klokka 08, då elevane passerte krysset. No har kommunen oppgradert krysset, og dermed er vaktbehovet borte. Knut Molnes hadde teke to ekstra vakter sist veke, og sjølvaste ordførar Ulstein tok siste vakta, den 18. september. Linda Hovland i kommunen bad Knut Jarle om å helse til klubben, og bere fram stor takk for innsatsen. Om få dagar er truleg skilta på plass, og gangfelt måla.

5.    Pause: mat og prat. Roald mat er god mat!

6.    Foredrag ved klubben sitt nyaste medlem, Audun Nerland: Livet som topp idrettsutøvar på -70 talet, og vegen dit. Lang og kronglete, var den vegen. Audun var oppvaksen i Vistdalen, ei lita bygd i Molde kommune. Kummarlege forhold for ein som ville bli skiløpar. Ingen ting lagt til rette på 1950-talet. Snøtilhøva kunne vere så som så. Ingen kunne konkurrere før dei var 16 år. Slik var reglane. Guten gjekk som 14-åring på framhaldsskule i nabobygda Mittet. Der skulle det vere skirenn i februar 1960. Audun starta i 16 års klassen som 14-åring, og vart nummer tre i klassen. Under premieutdelinga var det ein som spurde: «Kor gammal er du, då?» Fjorten og eit halvt, svara Audun. «Jammen då har ikkje du lov å gå…» Dermed vart den unge skiløparen diska. Det var starten på karrieren! Treninga på ski elles var avhengig av ei «hodelykt med flatt batteri». På dagtid var det jobb på samvirkelaget, og det var mørkt etter middagen heime. Med 20 cm nysnø var det å trakke opp eit par runder med løype. Så kunne det trenast. Runda var på 5-600 meter. Sidan kom det til ei kabelløype på 500 m,- d.v.s. ein kabel med lyspunkt  langs traséen nær samfunnshuset. Målet var å ta inn meter for meter i høve til trenings-kompisen. Ski-miljøet i Vistdalen var veldig bra ved at 12-15 trena saman. Fram mot 20 års-alderen vart treningsturane lenger. Etter ein fest i Mittet sykla Audun og to kompisar heimover, og blei samde om å møtast til ein treningstur på søndagen. Klokka 10 var dei klar for ein tur til Måsvatnet, 14 km unna. Nedover Mittet-dalen kom mor til Karsten ut på trappa og hoia… kjem de no,- var de ikkje på fest i natt? Jau, dei var då det. – Han Karsten ligg no og søv enno, han! Ja de lyt opp å vekke han! Karsten fekk nærast sjokk. Men den turen sat lenge i beina. Som 19-åring tok han del i Norgesmesterskapet i Porsgrunn. Løypa gjekk over ein kornåker med mykje stubb etter haustinga. Med klister under skiene var det like mykje halm som klister ved målgang. Det heldt til ein 3. plass i klassen. Skituren til Kyrkjetaket i Isfjorden var også eit kars-stykke, men fell for langt å referere frå: «Det var mørkt når vi fór og mørkt når vi kom heim att.» Ein som fekk høyre om turen, sa: «Ja, du va’kje lite tulljin…»  Teneste i Garden, skitroppen 1965-1966. Han slapp unna mange vakter om vinteren, men måtte ta dei att om våren. Treningsturane vart lenger; 3-5 timar, som då han i løpet av fem timar gjekk fram og attende over fjellet til Kavli, Isfjorden. Utrusting: rumpetaske med 2-3 brødskiver og nokre sukkerbitar. Dessutan ein kopp til vatn, der slikt fanst. Elles vart det fleire turar til Trøndelag, med krevjande og til dels bratte løyper. I 1968 kom Audun til start i klasse A. Vinteren 1969 gjekk han si første 5-mil i Holmenkollen. Løypa var blytung, og ikkje 50, men 54 km lang. Vår mann på startstreken var livredd! Ikkje rart at tida vart noko i overkant av «vanleg» tid. Etter første runde passerte Audun som nr. 30. Ved 45 km kom Oddmund Jensen springande og ropte «Du må gå på! Du har 3. beste tida!» …og Audun peisa på det han vann. Ved målgang vart han nummer 13. Kjempebra! I terrenget ved Hornsjø / Pellestova var det treningsleir på barmark for A-løparane, med Jensen som trenar. Etter å ha sprunge i to timar, kjende ikkje Oddmund seg igjen i terrenget. Skodda var komen. Kvar var dei? Dei møtte ein gubbe på Gråtass (traktor) og spurde seg føre. «Nei, no er de på Tretten», sa han. Dei hadde sprunge hals over hovud i fram mot fire timar, og så skulle dei attende til hytta. Audun gløymde aldri denne turen, sa han. Dette var hans første store oppleving på treningsleir med landslaget. No gjekk det slag i slag utover. På 5-mila i NM i Meldal 1970 enda han som nr. 5. Under stemne i Alvdal var det minus 20-35 grader, og nesten halvparten av dei som starta ved minus 20, fekk lungebetennelse. Skjærtorsdag, ei tid etterpå var det pluss 16 grader på 20 cm nysnø ved start. Landsem treski for Audun. 3 t 26 min vart vinnartida. «I gjekk oppover bakkane, og I gjekk nedover også», kommenterte vår mann tørt. Tidene i dag er ned mot to timar. Audun sløyfa NM på Fåberg til fordel for prøve-OL i Sapporo i februar 1971. Han vart åleine frå Noreg som deltakar i langrenn. Dei andre ville heller satse på NM. På 15 km fekk han 45.49, slått av Juha Mieto på 5. plass med 45.48. Close race! På 5-mila blei det første plass med 2.44.35 for Nerland. Som nr. 2 kom Fjodor Simasjov, Sovjet, med 2.45.01. Ingen tvil: Audun var «lett på bakfoten», som Oddmund Jensen sa det på Røros eit par veker i førevegen. Som ein skjønar: Sapporo vart ei stor oppleving for mannen frå Vistdal,- med kanonføre og gode tilhøve på alle vis. Dette vart hans store gjennombrudd. Kanskje det er på tide for referenten å stoppe her. Vi har opptak av heile kåseriet til Audun, og om nokon ønskjer å «forske» djupare i det, let det seg kanskje ordne, med løyve frå opphavsmannen. Oddvar Brå og Ivar Formo kom inn med ny giv og retteleg som «råskinn» i sporet. Audun fasa ut si karriere på landslaget i 1976. Han hadde stifta familie, og fann det ikkje tilrådeleg å stå på lenger. Men alle åra på toppen i inn- og utland hadde vore ei givande tid som Audun ikkje ville ha vore forutan.   

7.    Til slutt takka president Nils Arve alle rotarymedlemmene med Audun på laget, eit kvarter på overtid. Han fekk stor takk og ei vel fortent gåve. Vel heim til oss alle.


Velbrukte ski frå «stallen» til Audun Nerland. Frå høgre: Landsem treski 1968, Splitkein ski med epoxy-såle, Kneissl 1974: glassfiber-revolusjon!, Fischer,- gode ski.



















Frå prøve-OL i Sapporo, februar 1971. Audun Nerland øverst på pallen etter 50 km. Han kom i mål nesten eit halvt minutt før Simasjov frå Sovjet. (Faksimile frå Aftenposten)




 

 





Siste vakta i Ullavikkrysset tok sjølvaste ordførar Ulstein. Han ser ut til å vere godt fornøgd med oppgraderinga av det farlege vegkrysset. SRK fekk takk frå kommunen for verdfullt vakthald i tida rundt kl. 08 kvar skuledag. 













Olav Pileberg, skrivar 

 
Spesialsjukepleier Mariann Urke frå Hjerterehabiliteringa ved Ålesund sjukehus

23. september 2017

Spesialsjukepleier Mariann Urke frå Hjerterehabiliteringa ved Ålesund sjukehus

"Fysiske og psykiske reaksjoner ved hjerteinfarkt"

Ingrid van der Velde:

9. september 2017

Ingrid van der Velde:

Les referat frå Ingrid sitt flotte foredrag: "Frå Norge til Nederland: Sykkylven på godt og vondt".

Landsspeiderleiren i Bodø 2017:

5. september 2017

Landsspeiderleiren i Bodø 2017:

Les kva speidarane hadde å fortelle frå Landsspeiderleiren i Bodø 2017.

Besøk ved den nye Brannstasjonn

5. september 2017

Besøk ved den nye Brannstasjonn

Les referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved den nye Brannstasjonen.

Presidentskifte.

29. juni 2017

Presidentskifte.

Les og sjå bilder frå presidentskifte i Sykkylven Rotaryklubb. Bastian tek over som president etter Steven.

May Britt og Prosjekt Filippinene:

26. juni 2017

May Britt og Prosjekt Filippinene:

Les siste Infobrev nr. 20 frå Prosjekt Filipinnene.

Utvekslingsstudent Daniel heldt foredrag på norsk om sitt opphald her i Sykkylven.

17. juni 2017

Utvekslingsstudent Daniel heldt foredrag på norsk om sitt opphald her i Sykkylven.

Les kva Daniel hadde å fortelle frå sitt opphald her i Sykkylven. Sjå også bilder frå "avskjedsfesten".

Kjell Løseth fortel om identitetstjuveri.

13. juni 2017

Kjell Løseth fortel om identitetstjuveri.

Les referat frå møte i SRK der Kjell fortel om identitetstjuveri og mester -identitetstjuv Viggo Johan Ørbak.

Vårt nye medlem Sindre Stuen heldt sitt Egoforedrag 19. april.

22. april 2017

Vårt nye medlem Sindre Stuen heldt sitt Egoforedrag 19. april.

Les Sindre sitt foredrag frå eit spennende liv både til lands og til vanns.

Visepresidenten sin time 5. april.

8. april 2017

Visepresidenten sin time 5. april.

Les kva visepresident Bastian hadde å fortelle frå Presidentkurset (PETS) på Dombås 1. og 2. april. Les også kva sokneprest Helge fortalte om sin situasjon etter oppseiinga av sin jobb som prest.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS