Rådmann May Helen Molvær Grimstad sitt informative foredrag i Sykkylven Rotary om økonomiske utfordringar i Sykkylven Kommune 14.september 2016:
Ho starta med å fortelle om strategikonferansen som
hadde blitt arrangert her i Sykkylven med Håvard Moe og Marvin Wiseth.
Ho skulle ønske at alle i bygda kunne ha fått vere til stades under dette møte.
I alle fall var det nettopp dei problem og utfordringer som May Helen strir med
til dagleg, som blei drøfta.
Ho viste så
ein PowerPoint presentasjon som starta med korleis kommunene får inntektene
sine: Dette er 40 % skatteinntekt frå innbyggarane, 35% som rammetilskot frå staten.
Egenbetalinger (gebyrer) 13 %, øremerka midler 5 % og anna 7 %.
Storleiken på
skatteinntektene til kommunene blir avgjort etter eit noko intrikat system: Det
er, etter referent si oppfatning, eit slags «Robin Hood system» der rike
kommuner er med på å finansiere fattige kommuner.
Dersom
gjennomsnitt skatteinntekt for kommunane i Norge er 100 %, vil dei som har inntekter over
dette, bli trekt 60 % av overskytande. Dette blir gitt til dei som er under
denne gjennomsnitten. Sykkylven hadde i 2015 81,2 % av
gjennomsnittsskatteinntekt. Ved nemnte kompensasjonsmekanisme ender kommunen på
94,3 %.
Elles er
inntekssystemet for kommunane i 2016 slik at 124 mrd kroner blir gitt til
fordeling av staten. Via enkelte kompensasjonsmekanismer til storbyer,
småkommuner osv. blir potten til fordeling 117,6 mrd. Dette gir kr.22.668 pr
innb.
Så blir
problemet viss det er mykje utflytting og endring i folketal. Då kan dette føre
til reduserte rammeoverføringer. Hos oss
ser det ut til å bli færre yngre og fleire eldre. For 2016 vil dette føre til
7,8 mill. i mindre overføringer. For perioden 2017 – 2020 vil dette føre til
11,2 i reduserte overføringer. Vår kommune kjem altså uheldig ut pga. endinger
i demografien.
May Helen
kunne godt tenke seg å etablere eit såkalla disposisjonfond der ein hadde
økonomiske muskler til å møte uforutsette utgifter. Dessverre har vi til no
ikkje hatt midler til å etablere eit slikt fond.
Som ei
avrunding på foredraget sa May Helen at idealet for ein kommune er som med ein
gård: Levere den frå seg i bedre stand enn når ein tok den over.
Etter
foredraget var det mange spørsmål. F.eks. kva med neste års økonomi sett på
bakgrunn av at kommunen i inneverande år hadde fått fleire økonomiske
kompensasjoner i form av erstatning frå Nordea, eigedomsskatt og penger frå E-
verket. Mange av dei ulike spørsmåla var sikkert ikkje like enkle å svare på.
Men referent oppfatter May Helen slik at ein ikkje kan bruke meir penger enn
ein har til disposisjon. Ho tok eksempel frå programmet «Luksusfellen» på TV2. Ein
del av lærdomen her er, at dersom ein har ein viss sum til disposisjon og vil
auke pengebruken på eit område, må ein redusere tilsvarande på andre.
Stor takk til May Helen for eit informativt og
tankevekkende foredrag. Ein ting er i alle fall sikkert: Dei økonomiske
utfordringane for kommunen blir formidable i åra som kjem.
May Helen
fekk overrakt velfortjent gåve av president Steven.
Referent
Jarle Svindseth
6. januar 2018
Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.
6. januar 2018
Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.
6. januar 2018
Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg.
28. oktober 2017
Les kva vår utvekslingsstudent frå Brasil hadde å berette via skype.
21. oktober 2017
Spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde heldt ei bokstavelig livsviktig foredrag om hjerte og lungeredning ved Rotarymøte 18. oktober.
12. oktober 2017
Sykkylven og Stranda Rotaryklubber fekk besøk av guvenør for D2305: Wictor Sandvold
29. september 2017
Les referat frå Vibeke sitt møte med Sykkylven Rotaryklubb