Rådmann May Helen Molvær Grimstad besøkte Sykkylven Rotary 14. september

Rådmann May Helen Molvær Grimstad sitt informative foredrag i Sykkylven Rotary om økonomiske utfordringar i Sykkylven Kommune 14.september 2016:

Ho starta med å fortelle om strategikonferansen som hadde blitt arrangert her i Sykkylven med Håvard Moe og Marvin Wiseth. Ho skulle ønske at alle i bygda kunne ha fått vere til stades under dette møte. I alle fall var det nettopp dei problem og utfordringer som May Helen strir med til dagleg, som blei drøfta.

Ho viste så ein PowerPoint presentasjon som starta med korleis kommunene får inntektene sine: Dette er 40 % skatteinntekt frå innbyggarane, 35% som rammetilskot frå staten. Egenbetalinger (gebyrer) 13 %, øremerka midler 5 % og anna 7 %.


Storleiken på skatteinntektene til kommunene blir avgjort etter eit noko intrikat system: Det er, etter referent si oppfatning, eit slags «Robin Hood system» der rike kommuner er med på å finansiere fattige kommuner.

Dersom gjennomsnitt skatteinntekt for kommunane i  Norge er 100 %, vil dei som har inntekter over dette, bli trekt 60 % av overskytande. Dette blir gitt til dei som er under denne gjennomsnitten. Sykkylven hadde i 2015 81,2 % av gjennomsnittsskatteinntekt. Ved nemnte kompensasjonsmekanisme ender kommunen på 94,3 %.

Elles er inntekssystemet for kommunane i 2016 slik at 124 mrd kroner blir gitt til fordeling av staten. Via enkelte kompensasjonsmekanismer til storbyer, småkommuner osv. blir potten til fordeling 117,6 mrd. Dette gir kr.22.668 pr innb.

Så blir problemet viss det er mykje utflytting og endring i folketal. Då kan dette føre til reduserte rammeoverføringer.  Hos oss ser det ut til å bli færre yngre og fleire eldre. For 2016 vil dette føre til 7,8 mill. i mindre overføringer. For perioden 2017 – 2020 vil dette føre til 11,2 i reduserte overføringer. Vår kommune kjem altså uheldig ut pga. endinger i  demografien.

May Helen kunne godt tenke seg å etablere eit såkalla disposisjonfond der ein hadde økonomiske muskler til å møte uforutsette utgifter. Dessverre har vi til no ikkje hatt midler til å etablere eit slikt fond.

Som ei avrunding på foredraget sa May Helen at idealet for ein kommune er som med ein gård: Levere den frå seg i bedre stand enn når ein tok den over.

Etter foredraget var det mange spørsmål. F.eks. kva med neste års økonomi sett på bakgrunn av at kommunen i inneverande år hadde fått fleire økonomiske kompensasjoner i form av erstatning frå Nordea, eigedomsskatt og penger frå E- verket. Mange av dei ulike spørsmåla var sikkert ikkje like enkle å svare på. Men referent oppfatter May Helen slik at ein ikkje kan bruke meir penger enn ein har til disposisjon. Ho tok eksempel frå programmet «Luksusfellen» på TV2. Ein del av lærdomen her er, at dersom ein har ein viss sum til disposisjon og vil auke pengebruken på eit område, må ein redusere tilsvarande på andre.

Stor takk til May Helen for eit informativt og tankevekkende foredrag. Ein ting er i alle fall sikkert: Dei økonomiske utfordringane for kommunen blir formidable i åra som kjem.

 

May Helen fekk overrakt velfortjent gåve av president Steven.

 Vidare minte han om neste Rotarymøte, takka for dagens og ønska alle vel heim.

 

Referent Jarle Svindseth

 


Les referatet frå May Helen sitt foredrag på "MØTE" og "MØTE DENNE MÅNADEN"

 
Spesialsjukepleier Mariann Urke frå Hjerterehabiliteringa ved Ålesund sjukehus

23. september 2017

Spesialsjukepleier Mariann Urke frå Hjerterehabiliteringa ved Ålesund sjukehus

"Fysiske og psykiske reaksjoner ved hjerteinfarkt"

Ingrid van der Velde:

9. september 2017

Ingrid van der Velde:

Les referat frå Ingrid sitt flotte foredrag: "Frå Norge til Nederland: Sykkylven på godt og vondt".

Landsspeiderleiren i Bodø 2017:

5. september 2017

Landsspeiderleiren i Bodø 2017:

Les kva speidarane hadde å fortelle frå Landsspeiderleiren i Bodø 2017.

Besøk ved den nye Brannstasjonn

5. september 2017

Besøk ved den nye Brannstasjonn

Les referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved den nye Brannstasjonen.

Presidentskifte.

29. juni 2017

Presidentskifte.

Les og sjå bilder frå presidentskifte i Sykkylven Rotaryklubb. Bastian tek over som president etter Steven.

May Britt og Prosjekt Filippinene:

26. juni 2017

May Britt og Prosjekt Filippinene:

Les siste Infobrev nr. 20 frå Prosjekt Filipinnene.

Utvekslingsstudent Daniel heldt foredrag på norsk om sitt opphald her i Sykkylven.

17. juni 2017

Utvekslingsstudent Daniel heldt foredrag på norsk om sitt opphald her i Sykkylven.

Les kva Daniel hadde å fortelle frå sitt opphald her i Sykkylven. Sjå også bilder frå "avskjedsfesten".

Kjell Løseth fortel om identitetstjuveri.

13. juni 2017

Kjell Løseth fortel om identitetstjuveri.

Les referat frå møte i SRK der Kjell fortel om identitetstjuveri og mester -identitetstjuv Viggo Johan Ørbak.

Vårt nye medlem Sindre Stuen heldt sitt Egoforedrag 19. april.

22. april 2017

Vårt nye medlem Sindre Stuen heldt sitt Egoforedrag 19. april.

Les Sindre sitt foredrag frå eit spennende liv både til lands og til vanns.

Visepresidenten sin time 5. april.

8. april 2017

Visepresidenten sin time 5. april.

Les kva visepresident Bastian hadde å fortelle frå Presidentkurset (PETS) på Dombås 1. og 2. april. Les også kva sokneprest Helge fortalte om sin situasjon etter oppseiinga av sin jobb som prest.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS