Etter Rotarykaffi og farlig gode sjokoladekaker, var det
veterinær Hanna Fredriksen sin tur å halde foredrag om «Sledehundeløp i Finmark
og Alaska».
Løpet i Finnmark er på 1100 km og varer i 6 døgn, medan Iditarod
i Alaska er på 1500 km og varer i heile 9 døgn.
Hanna si oppgåve er å vere løpsveterinær og ta seg av
hundehelsa. Dette er ein tøff og utfordrande jobb. Før løpet, og ved kvart
sjekkpunkt, får hundane ein helsesjekk. I Finnmark er det 23 veterinærer på ca.
1500 hunder. Dette gir ca. 500 til 600 hundesjekk pr. veterinær. Det blir ofte
20 timers arbeid pr. døgn, og gjerne ned til minus 40 grader. Det er veldig
viktig at hundekjører og veterinær samarbeider. Hundehelsa skal kome i første
rekke.
Hanna fortalte at ho var veldig fasinert av hundane som blir
brukt i løpa: Nemleg Alaskahuskier. Dette er ein blandingsrase med god pels,
stor utholdenhet og som spiser bra. Dei blir rekna som verdas mest utholdande
landpattedyr. Oksygenopptaket er på 250 ml.O2pr. min.pr kilo kroppsvekt. Lance
Armstrong og Bjørn Dæhlie hadde på sitt beste 80 til 90 ml.
Hannen er ein god del større enn hoa. På eit bilde såg vi ei
tispe som veide 18 kg. og ein hanne som veide 32 kg. Ei utfordring er å få i
hundane nok mat. Under løpet forbrenn dei ca. 500 kcal pr. time. Det går då med
mellom 8000 til 12000 kcal i døgnet. I Alaska blir maten blir levert med fly
til dei ulike sjekkpunkta. Om dette er tilfelle i Finnmark er ikkje referent
sikker på. Mat får dei sjølsagt, uansett transportmåte.
Det er eit stort apparat som må til for at desse
arrangementa skal gå av stabelen. Det er masse frivillige som stiller opp, i
Finnmark 600 mennesker i 10 dager. Køyrarar og medhjeparar bur privat og Hanna
skryter av at servicen er fantastisk.
Så er spørsmålet om kvifor hundesledeløp når ein tenker på
slitet og frysinga som ligg bak?
-
Hanna fortel at dette er på grunn av fasinasjon
for hunder.
-
Det er som ein «ferie», med frivillig arbeid.
-
Her får ein møte andre veterinærer i ei
internasjonal atmosfære.
-
Ein får utveksle erfaringer og får ny lærdom
innan sportsmedisin for hunder. I det heile, så er hundesledeløpa og det som
følger med, ei kulturreise.
Hanna fortel at 17. mars neste år, reiser
ho til Alaska med Team Dagali og 17 hunder. Då skal dei delta i det omtalte hundeløpet
Iditarod. Vi ønsker Hanna lykke til, og takker for eit svært interessant
foredrag. Etter fordraget var det stort engasjement med masse spørsmål som Hanna
svarte på så godt ho kunne.
Referent Jarle Svindseth
23. september 2017
"Fysiske og psykiske reaksjoner ved hjerteinfarkt"
9. september 2017
Les referat frå Ingrid sitt flotte foredrag: "Frå Norge til Nederland: Sykkylven på godt og vondt".
5. september 2017
Les kva speidarane hadde å fortelle frå Landsspeiderleiren i Bodø 2017.
5. september 2017
Les referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved den nye Brannstasjonen.
29. juni 2017
Les og sjå bilder frå presidentskifte i Sykkylven Rotaryklubb. Bastian tek over som president etter Steven.
26. juni 2017
Les siste Infobrev nr. 20 frå Prosjekt Filipinnene.
17. juni 2017
Les kva Daniel hadde å fortelle frå sitt opphald her i Sykkylven. Sjå også bilder frå "avskjedsfesten".
13. juni 2017
Les referat frå møte i SRK der Kjell fortel om identitetstjuveri og mester -identitetstjuv Viggo Johan Ørbak.
22. april 2017
Les Sindre sitt foredrag frå eit spennende liv både til lands og til vanns.
8. april 2017
Les kva visepresident Bastian hadde å fortelle frå Presidentkurset (PETS) på Dombås 1. og 2. april. Les også kva sokneprest Helge fortalte om sin situasjon etter oppseiinga av sin jobb som prest.