Lina Aursnes fortel om dagleglivet i Litauen i Sovjettida

Les Lina sitt flotte foredrag om oppveksten i Litauen då dette landet var ein Sovjetrepublikk.

Referat frå Rotarymøte 30. november 2016:

Kvelden sin foredraghaldar var kona til vår utmerkede sekretær,  Lina Aursnes. Ho er frå ein stad i Litauen av om lag same størrelse som Sykkylven. Namnet på staden er Tryskiai. Denne ligg ca. 10 mil aust for kystbyen Klaipeda. Her vaks ho opp som einebarn saman med mor og far.

Ho innleia først med litt generelle opplysninger om Litauen. I hennar barndom og ungdom var landet ein del av Sovjetunionen. Livet her var nok ein del annaleis enn i Norge. Trass i at staden ho budde er på størrelse med Sykkylven, var Rådhuset av ganske så beskjeden størrelse (sjå PowerPoint). Det romma fleire funksjoner enn vårt Kommunehus. Vidare huska ho godt all køståinga. Ein måtte stå i kø for å sikre seg kuponger til mat, klede, sko og det ein elles trengte til det daglege. Korrupsjonen var formidabel. Ville ein har noko av bedre kvalitet eller noko ekstra, måtte rette vedkomande «smørast» med gåver av ymse slag. Altså fungerte dette som ein svartebørs.      

Når det gjaldt feriereiser kunne ein ikkje velge reisemål, men dette blei tildelt. Effektiviteten på fabrikkane var så som så. På radio og TV var det lite underholdning, så dette måtte dei sørge for sjølve.

Lina var heldig som kunne gå på same skulen i 12 år, i frå barneskule til fullført Videregåande. Så vidt referent forstår, var det nok meir disiplin i skulen i Litauen enn i Norge. Russisk språk var eit viktig fag. Frå 4. klasse blei elevane køyrt ut på landet for å jobbe i kollektivjordbruket. Skuletida var frå 8 til 15:30. skuleåret begynte 1. september og varte ut mai, altså 3 månader skuleferie.

Alt i alt virker det som det meste blei styrt ovenfra i ein vertikal maktstruktur. Etter Lina si meining har dette ført til at folk har mista initiativ til å sette i gang med forskjellige verksemd og aktivitet etter at Sovjetunionen blei oppløyst.

I 1989 blei Berlinmuren reve ned, og dette var signal til at dei forskjellige satellitt- og sovjetstater begynte å rive seg laust. For Litauen sitt vedkomande skjedde dette ikkje utan tragedier. 13.01.1991 blei TV- tårnet i Vilnius storma av russiske soldater. Dette enda med 14 menneske drepne og over 700 skada. Tilslutt gav myndighetene i Moskva etter for frihetskravet. 1. sept. 1991 erklærte Gorbatsjov at Litauen kunne ta over styringa av landet sjølve.

Etter Videregåande skule reiste Lina til kystbyen Klaipeda for å gå 2- årig reiselivslinje. Denne utdanninga inspirerte ho til å ville reise ut av Litauen. I 2002  bestemte ho seg for Skandinavia, og hamna i Norge og Sykkylven. Blei her au pair hos familien Wilhelsen. Her trivdes ho godt, men la merke til at vi lever nok litt annaleis i Norge. Vi er meir vant med overflod og velstand, og Lina synes vi bl.a kasta unødig mykje mat.

I Sykkylven traff ho ein flott og grei kar ved namn Knut Henning Aursnes. Dei blei kjærester og seinare gifta dei seg. Dei har to gutter saman. Med jevne mellomrom tek dei turen tilbake til Litauen og byen Klaipeda. Knut Henning liker seg godt her.


Eit flott og engasjert foredrag av Lina. Etterpå var det masse spørsmål frå interesserte rotarianarar.

Til slutt overrakte president Steven  ein liten presang og takka for eit flott foredrag. Vidare minte han om det åpne møtet neste onsdag 7. des. med adm.dir. Olav Holst – Dyrnes, og ønska tilslutt alle vel heim.


Referent

Jarle Svindseth  



 
Presidenten sin time med Vinlotteri

6. januar 2018

Presidenten sin time med Vinlotteri

Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

6. januar 2018

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

Referat frå koselig julemøte 20. desember 2017

Rotarymøte 13.desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 13.desember 2017

Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.

Rotarymøte 6..desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 6..desember 2017

Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg.

28. desember 2017

Presidenten sin time med Årsmøte

Les referat frå Årsmøtet

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

28. oktober 2017

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

Les kva vår utvekslingsstudent frå Brasil hadde å berette via skype.

Hjerte- lungeredning: Ved spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde:

21. oktober 2017

Hjerte- lungeredning: Ved spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde:

Spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde heldt ei bokstavelig livsviktig foredrag om hjerte og lungeredning ved Rotarymøte 18. oktober.

Guvenøren sitt årlige besøk hos Stranda og Sykkylven Rotaryklubb:

12. oktober 2017

Guvenøren sitt årlige besøk hos Stranda og Sykkylven Rotaryklubb:

Sykkylven og Stranda Rotaryklubber fekk besøk av guvenør for D2305: Wictor Sandvold

Presidenten sin time 4. oktober.

6. oktober 2017

Presidenten sin time 4. oktober.

Les referat frå Presidenten sin time 4. oktober.

Direktør ved Formfin Møbler, Vibeke Aanning Aarseth

29. september 2017

Direktør ved Formfin Møbler, Vibeke Aanning Aarseth

Les referat frå Vibeke sitt møte med Sykkylven Rotaryklubb

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS