Referat frå
Rotarymøte 30. november 2016:
Kvelden sin foredraghaldar var kona til vår utmerkede
sekretær, Lina Aursnes. Ho er frå ein
stad i Litauen av om lag same størrelse som Sykkylven. Namnet på staden er
Tryskiai. Denne ligg ca. 10 mil aust for kystbyen Klaipeda. Her vaks ho opp som
einebarn saman med mor og far.
Ho innleia først med litt generelle opplysninger om Litauen.
I hennar barndom og ungdom var landet ein del av Sovjetunionen. Livet her var
nok ein del annaleis enn i Norge. Trass i at staden ho budde er på størrelse
med Sykkylven, var Rådhuset av ganske så beskjeden størrelse (sjå PowerPoint).
Det romma fleire funksjoner enn vårt Kommunehus. Vidare huska ho godt all
køståinga. Ein måtte stå i kø for å sikre seg kuponger til mat, klede, sko og
det ein elles trengte til det daglege. Korrupsjonen var formidabel. Ville ein
har noko av bedre kvalitet eller noko ekstra, måtte rette vedkomande «smørast»
med gåver av ymse slag. Altså fungerte dette som ein svartebørs.
Når det gjaldt feriereiser kunne ein ikkje velge reisemål,
men dette blei tildelt. Effektiviteten på fabrikkane var så som så. På radio og
TV var det lite underholdning, så dette måtte dei sørge for sjølve.
Lina var heldig som kunne gå på same skulen i 12 år, i frå
barneskule til fullført Videregåande. Så vidt referent forstår, var det nok
meir disiplin i skulen i Litauen enn i Norge. Russisk språk var eit viktig fag.
Frå 4. klasse blei elevane køyrt ut på landet for å jobbe i kollektivjordbruket.
Skuletida var frå 8 til 15:30. skuleåret begynte 1. september og varte ut mai,
altså 3 månader skuleferie.
Alt i alt virker det som det meste blei styrt ovenfra i ein
vertikal maktstruktur. Etter Lina si meining har dette ført til at folk har
mista initiativ til å sette i gang med forskjellige verksemd og aktivitet etter
at Sovjetunionen blei oppløyst.
I 1989 blei Berlinmuren reve ned, og dette var signal til at
dei forskjellige satellitt- og sovjetstater begynte å rive seg laust. For
Litauen sitt vedkomande skjedde dette ikkje utan tragedier. 13.01.1991 blei TV-
tårnet i Vilnius storma av russiske soldater. Dette enda med 14 menneske drepne
og over 700 skada. Tilslutt gav myndighetene i Moskva etter for frihetskravet.
1. sept. 1991 erklærte Gorbatsjov at Litauen kunne ta over styringa av landet
sjølve.
Etter Videregåande skule reiste Lina til kystbyen Klaipeda
for å gå 2- årig reiselivslinje. Denne utdanninga inspirerte ho til å ville
reise ut av Litauen. I 2002 bestemte ho seg
for Skandinavia, og hamna i Norge og Sykkylven. Blei her au pair hos familien
Wilhelsen. Her trivdes ho godt, men la merke til at vi lever nok litt annaleis
i Norge. Vi er meir vant med overflod og velstand, og Lina synes vi bl.a kasta
unødig mykje mat.
I Sykkylven traff ho ein flott og grei kar ved namn Knut
Henning Aursnes. Dei blei kjærester og seinare gifta dei seg. Dei har to gutter
saman. Med jevne mellomrom tek dei turen tilbake til Litauen og byen Klaipeda.
Knut Henning liker seg godt her.
Eit flott og engasjert foredrag av Lina. Etterpå var det
masse spørsmål frå interesserte rotarianarar.
Til slutt overrakte president Steven ein liten presang og takka for eit flott
foredrag. Vidare minte han om det åpne møtet neste onsdag 7. des. med adm.dir.
Olav Holst – Dyrnes, og ønska tilslutt alle vel heim.
Referent
Jarle Svindseth
14. januar 2017
Les politimester Ingar Bøen sitt foredrag i Sykkylven Rotaryklubb der han orienterte om den nye Politireforma.
22. desember 2016
Les om det tradisjonelle Julemøtet i Sykkylven Rotaryklubb.
1. november 2016
Les og sjå bilde frå Sykkylven Rotaryklubb sitt bedriftsbesøk 26. oktober 2016
23. oktober 2016
Sjå og les korleis SRK valgte å markere denne dagen.
22. oktober 2016
Stranda Rotaryklubb inviterte til intercitymøte på Stranda Hotel, onsdag 19. oktober, i høve guvernørbesøk frå D 2305.
22. august 2016
Les om Daniel Pedroso som har kome den lange vegen frå Brasil til Sykkylven
2. august 2016
Les meir om den nye Verdenspresidenten på Nyhendesida vår.
7. juli 2016
Ny president i Sykkylven Rotary Klubb 2016-2017 er Steven Blindheim. Presidentskiftet var 29. juni, og 6. juli leia Steven sitt første ordinære rotarymøte. Mellom anna orienterte han om klubben, som nettopp har passert sine 60 år. Charterdato er 5. juli.
4. juli 2016
Bedriftbesøk til Rico Bil AS i Ålesund sto på programmet 13. april 2016. Vi vart tekne særs godt i mot av dagleg leiar Jorunn Lundanes og noverande konsulent Fred J. Rishaug. Han grunnla bedrifta i 1988 og sto for leiinga til 2014 då Jorunn tok over.
27. juni 2016
Sykkylven Rotary Klubb: Bedriftsbesøk 15. juni 2016 hos Nyborg AS, Sykkylven. http://nyborgfan.com/ Bedrifta produserer vifter og utstyr til ventilasjon i skip, oljeplattformer og alle leveransane blir "skreddarsydde" etter kunden sine behov.