Julemøte 17 desember 2025
Sykkylven Rotary Klubb; julemøte17. desember 2025, i lokalet til Sykkylven Frivilligsentral.
referat v/ Olav Pileberg.
1) President Kristin Grebstad ønska velkommen til klubbmedlemmene. Gjest: Kjetil Tandstad.
2) Allsong: «Det lyser i stille grender av tindrande ljos i kveld.» Olav P. ved pianoet. Pianisten, som også er ansvarleg for å velje allsong til møta, er noko betenkt over at lokalet ikkje har lagringsplass verken til Rotary sin gode gitar, eller dei mange mappene med songar som er komne til gjennom tjue år. Heller ikkje dei mange Rotary-vimplane til å pryde borda med er med på «flyttelasset». Vonlegvis finn vi ei løysing på dette også. Lokalet elles var koseleg og innbaud til lange møte!
3) Kåseri ved Kjetil Tandstad. Han har lang røynsle etter eit langt liv som journalist, og m.a. som redaktør for «Årbok for Sykkylven» i ei årrekke. I dette møtet delte han med oss i ti minutt tankar om bøker. Er det lenge sidan de las ei bok? -undrast han,- utan å få høyrbare svar. Det er visst «gått heilt av moten», som han sa. Då han tok med seg nokre sjølvskrivne bøker til bokhandlaren på Stranda for å få dei selde, var kommentaren… «Det er mange som skriv bøker, men ikkje mange som vil lese.» Vi scrollar på nettet. Henrik Wergeland si utsegn «Bokhyllen er den stige, du bliver din overmann lige.»…gjeld ikkje lenger. Barna har gått frå å vere «Sjarmtroll til å vere Skjermtroll.» Rett og slett: eit interessant kåseri til ettertanke i og om tida vi lever i. President Kristin meinte å ha registrert dei same tendensane,- sjølv om ho, heilt rett, peika på boka som populær presang under juletréet.
4) Kaffi og kaker var i dag bytta ut med bordvers «på juletonen» og eit rikhaldig «koldtbord», (sjå bilde!). Karamell-pudding med krem og kaffi etterpå. Du store tid! Til sist song vi, tradisjonen tru, «Deilig er jorden».
5) Orientering frå Presidenten: etter som Kristin og fleire skulle gå på konsert i kyrkja kl. 19, (Oddgeir Bruaset o.fl. kor, m.a.) vart møtet avslutta litt før kl. 19. Dei som sat att, kosa seg med «mat og prat» til fram mot 19.30.
6) God Jul og vel møtt i 2026, den 7. januar.


Referent: Olav Pileberg
4. juli 2016
Rico Bil AS: Blomstrande bedrift med bil i fokus!
Bedriftbesøk til Rico Bil AS i Ålesund sto på programmet 13. april 2016. Vi vart tekne særs godt i mot av dagleg leiar Jorunn Lundanes og noverande konsulent Fred J. Rishaug. Han grunnla bedrifta i 1988 og sto for leiinga til 2014 då Jorunn tok over.
27. juni 2016
Bedriftsbesøk til Nyborg AS
Sykkylven Rotary Klubb: Bedriftsbesøk 15. juni 2016 hos Nyborg AS, Sykkylven. http://nyborgfan.com/ Bedrifta produserer vifter og utstyr til ventilasjon i skip, oljeplattformer og alle leveransane blir "skreddarsydde" etter kunden sine behov.
3. mai 2016
Dugnad i Kyrkjeparken
Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.
20. oktober 2015
InterCitymøte på Berlihuset
Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes
21. mars 2015
KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund
Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.